onsdag 23. februar 2011

Babyhue og VM-prosjekt/ Babyhat and my World Ski Championship project

Denne vart strikka for ei tid tilbake. Eg var litt lei av og berre strikke i gutefargar, ettersom alle vennene mine får gutar for tida. Så i "protest" strikka eg ei rosa hue. ;) Eg er utruleg glad i desse huene, synes dei er kjempefine og ettersom eg har forstått på mammaene så er det god passform på dei og.
Mønster: den same som på alle dei andre. ;)
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Garn: Diverse restar,- Lanett og baby ull
Mengde: 23 gram

Så har eg visst hengt meg på SKI VM og strikking. Skal strikke Mariusgensar til min mann, men med rundsal og litt annan vri på mønsteret, så får me sjå. Eg har lagt inn passord og prosjekt på SKI VM bloggen så får me sjå når eg kjem i gong. :)
Fekk melding i dag om at ei veninne har fått ein liten gut i går, så eg burde vel i grunn hatt gåva til dei på pinnane gjennom VM, men, men... :)
Dette blir gøy!! Så får me sjå om min kjære mann har ny gensar til 13. mars.
__________________________________
I knitted the babyhat a while ago. Almost all of my friends are giving birth to babyboys at the moment, so therefor I just had to knit something pink. :) I will put it in my gift box.
I have also signed up for World Ski Championship with lots of other knitters, and we are supposed to knit a project during the championship. I am going to knit a Marius sweater for my husband.

tysdag 22. februar 2011

Honeybee socks og/and ein vinnar/ a winner

I adventskalendaren min frå Iris, fekk eg to nøster med Fabel. Etter at eg fekk det første nøstet starta eg kjapt på eit par sokkar. No når eg skulle fortsette på dei, rakk eg opp att og fann eit anna mønster. Mønsteret var kjekt å strikke og raskt, men det er utruleg vanskeleg å få det fram på bileta, og endå vanskelegare når det er melert garn. Eg strikka 7 rapportar med Honeybee mønsteret frå helen og opp, eg droppa dei boblene som skulle vere i vrangmaskene og så hekla eg avslutninga, elles har eg fulgt mønsteret.
Mønster: Honeybee Socks
Garn: Fabel
Pinnenr: 2,5mm
Mengde: 66 gram

Og så må eg berre beklage!! Denne trekninga skulle vore gjort for ei veke sidan. Men...tida har berre ikkje strukke til, både pga lite overskot og ting som måtte ordnast. Og natt til i går fekk eg omgangssjuke. Så formen er ikkje akkurat på topp, men...fann ut at no må det trekkast same kva. ;) Det vart gjort på den gode gammaldagse måten....

Sidan eg har utsatt trekninga ei veke, så vart det to vinnarar. ;) Og vinnarane er:

Tusen takk til alle som har deltatt!! Kjempekjekt!! Som de ser er vinnarane duBedåre og Elin65, flott om de sender meg adressene dykkar på epost: torunnk@gmail.com, så kjem det ei overrasking i posten etterkvart.
______________________________________
Finally, an update. I have knitted a pair of Honeybee socks. I love the pattern, but they are hard to show on a picture. I repeated the Honeybee pattern on the leg 7 times instead of 5, skipped the bubbles and crocheted the ending. Other then that I followed the pattern. The winners of my give away are: duBedåre and Elin65.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails