Endeleg er bunadsokkane til min kjære ferdige!! Dei vart ferdige på søndag, men har ikkje somla meg til å få dei inn. Det tok ikkje så lang tid når eg først sette i gong,- eg har berre brukt to veker på dei og faktisk ikkje strikka kvar dag, men gjett om det var kjedeleg å strikke nummer to!! :) Eg hadde mange nye strikkeidear oppi hovudet medan eg strikka den, men no er dei altså ferdige, og det er kjempedeilig!! Dei er strikka i Sisu og på pinnenr. 2mm!!!!!!!!!! Bryllupet nærmar seg med stormskritt,- det er under 2mnd igjen no!!!! Enno er det enkelte ting som ikkje er i boks, men det meste er heldigvis under kontroll. No er det berre å lage nokre bordkort og sanghefter og få bestemt korleis brudebuketten og bordpynten skal sjå ut. Og så må me jo skaffe hest og kjerre og ein person som kan filme og redigere den store begivenheten... Alt er ikkje like enkelt å finne, men det er heldigvis to mnd igjen. ;)
________________________________________________
Finally, the bunadsocks (socks for our National costume) for my fiancè are done. We are getting married in our bunads, so I'm glad I'm done with them so early. They are knitted in Sisu and needle size 2mm!!!!!!!!!!!!!