Jada, eg jobbar fortsatt med å få ut alt frå 2013.
Kvar gong eg ser gjennom albumet og prøver å samle i hop det eg kan legge ut i lag ser eg at "Oi, der var noko og, det hadde eg jo gløymd". Så det blir litt kollasje framover så eg får dei ut og kan starte på 2014. :)
Barndomsveninna mi, Jorunn, og eg har dei siste to åra laga adventskalendarar til kvarandre. Det er veldig koseleg. I 2013 laga eg store delar av gåvene til henne.
Adventslysa oppe til venstre er IKEA lys. Eg har kopiert tekst over på silkepapir og brukt varmluftspistol til å få det på lysa.
Ho fekk ei lilla lyslykt og ei raud, men det er to bilete av kvar med og utan lys i.
Det gjekk med 20 gram mandarin petit til den raude og 20 gram Marks & Kattens Bianca (HUV garn) til den lilla lyslykta. Eg hekla ei heilt lik lilla lyslykt til meg sjølv og.
Dei raude glasbrikkene er hekla i Mandarin petit og kanten er London gull. Her bør eg eigentleg springe på loftet å hente fram nøsta for å finne ut nøyaktig kva eg brukte av kvar, men, ja, dei veg 42 gram til saman. :)
Dei kvite make-up remover padsa er hekla i Mandarin petit og det gjekk med 25 gram.
Tøflane og gryteunderlaga er strikka og hekla i Eskimo og tova i vaskemaskin. Det gjekk med 171 gram til tøflane og 81 gram til gryteunderlaga.
Ja, då nærmar eg meg, litt etter litt. :)















Dette biletet er tatt på Isla Del Sol. Ein utruleg nydeleg plass! Sjøen som ligg der så fin og blå er Titicaca sjøen.
Utsikt over delar av La Paz.
Veninna mi jobbar på DNS (Den Norske Skulen) i Cochabamba og misjonen har ein fin ferieplass litt lenger ute på landet. Her er det eit lite basseng og mange flotte frukttre. ;)
Delar av eit fruktmarked nedi i byen ved politistasjonen.
Kristusstatuen sett frå politistasjonen.

















Skimter du fuglane oppe til venstre i bjørketreet? Dette biletet er tatt for ein time sidan ut altandøra. Synes himmelen var heilt fantastisk flott og måtte ta litt bilete. Må nok gå og finne meisebollane i kveld og henge dei ut,- høgt oppe så Sotus (katten) ikkje får tak i fuglane.



