Viser innlegg med etiketten Smykkelaging. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Smykkelaging. Vis alle innlegg

torsdag 4. desember 2008

Fleire smykker/ More necklaces

Fleire smykker. ;) Eg prøvde å ta bilete av dei ute, men med snø og alt fekk eg det liksom aldri til. Lyset vart heilt feil der eg prøvde. Ser no at det er komen litt vatn på bordet etter at smykkene fekk litt snø på seg.. :) Ikkje det beste lyset inne heller, så det vart ikkje så bra bileter, men, men...

Håpar mottakarane vert fornøyd med desse.

____________________

More necklaces. ;) I tried to take som pictures outside, but they didn't turn out very well. I see now that I've brought some of the snow inside so the table is wet on some of the pictures. ;) The light wasn't the best inside either, but...well...

I hope the recievers will like them.

Smykker/ Necklaces

I dag har eg laga ein del smykker. Nokre er julegåver, andre bursdagsgåver og nokre er takk-for-hjelpa gåver. ;) Det var utruleg kjekt å sitje å kose seg litt med smykkelaging igjen, det vert så altfor sjeldan... I have made some necklaces today. Some of them are Christmas present, some Birthday presents and some are thank-you-for-your help presents. It was fun to sit down and play with my beads again.


Dette første smykket er laga til ei lita jente til jul. Rosa er vel ein sikker vinnar?!? ;)

_________________



This pink one is made for a little girl for Christmas. I guess pink is a winner?!? :)





Eit blått smykke laga til ei veninne som hadde bursdag for ei tid tilbake. Eg likar godt perlene på dette. Håpar ho vert fornøyd. ;)


____________________

This blue one is made for a friend of mine who had her Birthday a while ago. I like the beads on this one, and I hope she will like them too. ;)








Dette brune smykket er og laga til ei veninne.

_____________

A brown necklace for a friend of mine.

lørdag 30. august 2008

Brunt smykke/ Brown necklace


Det er jammen meg lenge sidan eg har laga smykker!!! Og det er utruleg mykje eg har planer om å gjere så snart bryllupet er over. ;) Lage kort, lage smykker osv., osv... Men...tok meg tid til å kose meg litt med perlene i dag og har laga dette smykkesettet i bursdagsgåve til ei veninne. Håpar det fell i smak!
Må sei eg ønskjer meg sånn "byste",- enklare å vise fram smykker då. ;)
Klikk på biletet så vert det større.
_______________________________
It's a long time since I made necklaces etc.! There's a lot of things I want to do again as soon as the wedding is over and we are married. ;) Right now the wedding is taking up a lot of my time. This necklace and the earrings are made for a friend of mine's Birthday. I hope she'll like them!

søndag 9. september 2007

Raudt smykke


I går skulle me i besøk til eit vennepar. Det var to veker sidan kona i heimen hadde hatt bursdag og brått gjekk det opp for meg at ho ikkje hadde fått bursdagsgåve frå oss... Så då var det til å mekke eit kort og ei eske til å ha eit smykke oppi. Deretter måtte eg dra fram perlene og prøve å sette saman noko... Så dette var det det vart. Heldigvis vart ho strålande fornøyd med smykket!! :) Og ingenting er vel betre enn det... :)
Klikk på biletet så vert det større. :)

søndag 11. mars 2007

Smykkesett



Bursdagsgåve til ei veninne. Ho kom på besøk i går og eg hadde ein smule dårleg tid med å få laga dette settet, ei eske til å ha det i og eit kort. I tillegg har søstra hennar nettopp fått baby, så då måtte eg lage eit kort til gåva til dei og. Så....på 1 time og 20 minutt var eg ferdig. Då var det å springe i dusjen og så lage mat. :o) Men....eg rakk det....

Eg hadde eigentleg tenkt å lage det i grønt, men då eg skulle starte kl 18, oppdaga eg at eg ikkje hadde så mange grønne perler, men heldigvis er jenta svært glad i både brunt og grønt, så det ordna seg. :o)

søndag 4. februar 2007

Rosa smykke til mamma


Kva gir ein til ei mor til jul som i grunn har alt??
Vel....eg fann inga anna råd enn å lage eit smykke til henne....
Så her er resultatet. :)

Brunt smykke


Den eine søstra mi er svært glad i brunt, så då bursdagen hennar nærma seg i desember laga eg eit smykke og armbånd til henne.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails