mandag 16. september 2013

Johanne


I slutten av 2012 og starten av 2013 har eg vore så heldig å få vere ein av åtte teststrikkarar som har vore med på eit fantastisk eventyr forfatta og designa av Bitta Mikkelborg. Resultatet vert snart publisert mellom to permar, 52 par sokkar for liten og stor. Boka kan du bl.a. førehandsbestille her. Boka heiter "Sokker - strikking hele året". I denne boka er det sokkar for einkvar smak, for nybegynnarar og for dei meir erfarne, for godt voksne og for barn og premature. Bitta har tenkt på alle! I dag har me fått tillatelse frå den store sokkedronninga til å "terge" dykk litt etter litt på bloggar og på ravelry med dei flotte mønstra som kjem. Dette er det første eg legg ut, så skal eg prøve å legge ut eit kvar dag ei lita stund framover. Mønsteret på biletet over er Johanne. Det var mitt 22/52 par i 52ppvi. Mine sokkar er strikka i Sterk, pinnenr 2,5mm og det gjekk med til saman 91 gram.
Det er berre til å hive seg rundt og bestille boka, om du ikkje alt har gjort det, og glede seg til den kjem! :)

Eg har mange prosjekt som ligg ferdige, eller delvis ferdige (manglar trådfesting), men som manglar bilettaking. Så sjølv om bloggen ligg halvvegs død så kjem det litt, litt etter litt. ;)

tirsdag 20. august 2013

Klutestrikk

Klikk på biletet så vert det større.
I sommar arrangerte Bitta ein klutestrikk along på facebook. Det kom eit nytt mønster i veka og til saman skulle det kome fem mønster. Det kom tidleg fram at dersom ei av deltakarane klarte å halde seg røykfri gjennom heile alongen skulle det kome eit sjette mønster. Etterkvart meinte fleire og fleire at det er jo sju dagar i veka så me ønska oss sju mønster. :) Bitta hadde ei søvnlaus natt, ikkje det at eg unnar ho søvnlause netter, men det dukka jammen meg opp eit mønster nummer sju og. Eg har ikkje strikka mønster nummer 6, The Grand Finale, men det kjem nok på pinnane det og etterkvart. På dei to bileta til venstre er alle klutane samla som eg har strikka i alongen. Dei to turkise klutane er strikka i Idena Cotton Lux. Kluten som ligg nedst er Juniper (einer) og den som er øvst er Rowan tree (Rogn). Dei to lilla klutane er Bird Cherry (hegg). På biletet under dei to lilla er det eit sett med eit handklede og to klutar. Dei er og strikka etter mønsteret Bird Cherry. Dei to melerte klutane er Goat Willow (selje). Den kvite kluten som ligg åleine er White Birch (bjørk) medan den beige er Strikkeglede (den fann eg ikkje link til på ravelry. Eg har i tillegg strikka ein klut til i Bird Cherry, men den gav eg vekk før eg fekk tatt bilete. Alle klutane, utanom dei lilla, er strikka av HUV-garn. Dei lilla er strikka i Drops Paris, dei kvite i Gjestal Heklegarn, den beige i Sandnes Mandarin Classic og dei melerte i Anchor Magic og Anchor Magicline. Eg lærte ein gong i tida at det beste garnet til klutestrikk er umercerisert garn, men gjennom denne alongen har eg skjønt at mercerisert har best kvalitet og sugeevne berre det vert vaska i maskin 2-3 gongar før bruk. Så det vert spanande å prøve. Meir info om klutane eg har strikka finn du her.


I vår strikka eg desse to klutane i gåve til ei veninne. Dei er strikka av dobbel tråd Mandarin Petit og det gjekk med om lag 70 gram garn til kvar.

Rowan Tapestry sett

Eg strikkar fortsatt på HUV-garn. Eg fekk bl.a. fire nøster med Rowan Tapestry, der tre av dei var i rosa fargar og eit i blåfargar. Vel, med litt innslag av andre fargar. Eit utruleg mjukt og godt garn å strikke med. Eg var litt usikker på kva eg skulle strikke av dette, men det endte opp med nokre babysett. Veldig greit å ha liggande som barselgåver til veninner. 

 Av det rosa garnet vart det to sett. Før eg starta på vottane utan snor prøvde eg å strikke eit par sokkar, men eg innsåg fort at eg ikkje fekk nok garn til det. Det var lite fristande å etterlyse garn her og (det kjem eit innlegg seinare om prosjektet eg fekk for lite HUV-garn til). Og for du som ikkje veit kva HUV-garn er, så kan du lese meir om det her. Det vart to huer (mønster finn du her), eit smetteskjerf, to vottar med tomlar og snor og eit par vottar utan tomlar og snor.

 Det blå nøstet vart ei hue og eit par vottar utan tomlar og snor.
Desse huene strikkar eg rundt. Eg legg opp ei maske mindre slik at det berre vert ei maske mellom aukingane bak og. No er det berre til å skyndte seg vidare med meir strikk. Foreløpig har eg 2 ulike HUV-prosjekt samstundes. ;) Meir info på ravelry her og her.

mandag 19. august 2013

Brudekjole til dukka

Då er eg ferdig med det verste HUV-garnet.
Det var putefyllet og sitteunderlaget i det forrige innlegget og så garnet som er brukt til denne dukka. Eg er heller ikkje så glad i sånn over melert garn, men det var no likevel litt lettare å finne på noko til det. Det skal eg legge ut bilete av i morgon. Garnet eg har brukt her heiter Solberg Garn Glans Mohair. Eit svært tørt og hardt garn å strikke med, men eg synes likevel det gjorde seg som brudekjole til dukka. Denne dukka er i utgangspunktet den eine søstra mi si. Ho er 10 år eldre enn meg og då eg var lita fekk eg kun lov til å leike med den når eg var på besøk hos henne på morgonane. Og eg fekk kun lov til å sitje i senga hennar med dukka. Vel, det ser ut som om eg har tatt mine frihetar litt meir etter at ho flytta ut då dukka har fått litt permanent make-up. 

Av dei to nøsta vart det ein brudekjole (detaljane i front ser du på biletet øvst til venstre), ein bolero, eit slep og eit lite teppe. Då var kvar ein einaste meter med garn brukt opp. Bak er det og ei sløyfe, men den kom ikkje så godt fram på biletet. Klikk gjerne på biletet så vert det større. Kanskje du ser den betre då? Det regnar ein del her på Vestlandet, som det jo har gjort mesteparten av sommaren, så det gjekk gjerne litt fort og gale med bileta. Mønsteret finn du her. Eg strikka sjølve kjolen to rapportar mindre på den nedste lace delen, men ser at eg kunne nok ha strikka dei og. Slepet er festa til kjolen med borrelås.

Meir info her (ravelry).

søndag 18. august 2013

Eg strikker i veg på HUV- garn

Mykje av garnet eg fekk i min HUV pakke har blitt strikka opp, eg må berre få tatt litt bilete først. Du kan lese om HUV her.
Det store, grønne nøstet du ser oppe til venstre var eg svært usikker på kva eg skulle bruke til, men så slo det meg at det hadde jo i grunn ei perfekt puteform. Eg måtte spør "sjefen" for HUV om eg fekk lov til å gjere det slik og då klarsignalet kom var det berre å finne eit mønster å sette i gong. Eg tok utgangspunkt i dette mønsteret, men endra det noko for å få det til å passe, og så laga eg det meir som ei  passande pute i sofaen vår. :) Banderolen på Big Ball Soft garnet er sjølvsagt ikkje inne i puta. :) I midten på det store nøstet putta eg det som var att av garnet eg strikka sjølve putetrekket med. Puta vart sydd i hop med maskesting og passar no fint på toppen av sofaen i sofakroken. Då fekk eg brukt opp 200 gram med Big Ball Soft og 100 gram med Gedifra Fashion Trend Color.
Meir info her (ravelry).

Fire nøster med Løve Garn Cocoon endte opp som eit litt hardt sitteunderlag. Då er det berre til å strikke vidare på HUV-garn. :) Eg har alt strikka opp ein del av bomullsgarnet. Solberg Glans Mohair og Rowan Denim er tomt og no er det nokre få gram att så er eg ferdig med Rowan Tapestry og. Det var berre dei bileta då....
Meir info her (ravelry).

søndag 11. august 2013

Baby converse


Det er altfor lenge sidan eit innlegg frå denne kanten, men det betyr ikkje at eg ikkje strikkar og heklar. ;) Mykje blir produsert, men det tar jammen meg tid å dokumentere og legge ut her på bloggen. I tillegg overtalte mannen min meg til at me starta å skrive ein gardsblogg, og det har tatt ein del tid. Det er travelt, så det vert mindre handarbeid enn det har vore, men eg har no likevel ein del å legge ut framover viss eg berre får somla meg til å ta bilete. :)

Både eine søstra mi og eg har vore Au Pair i USA, dog med 10 års mellomrom og på ulike kantar i landet. Eg har besøkt vertsfamilien hennar fleire gongar og har veldig god kontakt med vertsmora hennar. Ei flott dame i Annapolis. Ho spurde meg om eg ikkje kunne hekle eit par Baby Converse for henne. Dei vart hekla i slutten på mai/starte på juni og vart omsider sendt avgårde då eg hadde fått strikka ei lita gåve til dei og. Dei er hekla i Muskat som mange av dei andre eg har hekla tidlegare. Eg likar godt desse, så det vert nok fleire vil eg tru. Forhåpentlegvis vert det litt fleire innlegg innpå her etterkvart og.

Ønskjer alle ein fortsatt strålande søndag og ei god veke som kjem! :)

søndag 23. juni 2013

Blånissehue



 Mannen til ei av mine beste veninner gjennom 30 år sa til meg rett før jul at han ønska seg ei blånissehue. Då han sa det til meg andre gongen, svarte eg han at han fekk sei i frå til mor si så ho kunne strikke til han. Då fekk eg til svar: "Nei, eg ønsker meg det frå deg!"
Eg hadde planer om å strikke den til jul, men det rakk eg ikkje.
Forrige søndag var me inviterte til å feire 45 årsdagen hans, då dei er på ferie på sjølve dagen.
Då var det berre til å hive seg rundt og strikke blånissehue til han. :)
Dei reiser på båtferie snart og han har lova meg bilete av ein blånissekaptein. ;)

 Hua er strikka i Rauma Finull og pinnenr 7.
Det gjekk med 110 gram av kvar farge, så 220 gram til saman.
Den vart tove to gongar på 40 grader og ein gong på 60 grader.
No gler eg meg til å få bilete. :)

lørdag 22. juni 2013

Hemmeleg Uven

 Ja, du las riktig.
Eg meldte meg på Hemmeleg Uven (HUV) på Hobbyboden for litt sidan.
Det konseptet går ut på at ein sender frå seg garn som ein ikkje forstår kvifor ein har i hus, eller garn som ein ikkje har aning om kva i all verda ein skal produsere av og som i grunn berre tar opp plass og samlar støv. Eg sendte avgårde ei Norges Eske med mykje ekkelt effektgarn og pusegarn oppi og då pakkelappen til denne kom i posten i dag måtte eg inn å sjekke på posten på sporingsnr. Pakka vog 3,8kg!! UÆH!! Og nysgjerrig som eg var ilte eg på butikken og henta pakka og måtte jo sjølvagt opne den i bilen. Det første som møtte meg var den grøne, store, hårete ballen av eit pusegarn. Og eg tenkte i grunn at dette er ein fæl pakke, men eg må vel seie at til trass for at eg har fått 3,8 kg med garn så har eg i grunn vore ganske så heldig.

 Desse to hespa med Glans Mohair frå Solberg og det grøne, Big Ball nøstet frå Schoeller stahl er vel dei eg kjem til å slite mest med. Ikkje har me nieser som leikar så mykje med dukker lenger heller, men kanskje det kan bli dukkeklede til ein basar eller noko? Eit dukketeppe, ei dukkekåpe... Hm...må tenke litt.

 Melert garn som dette er langt i frå min favoritt, men eg ser at noko av dette kan bli dukkeklede eller huer. Øvst til venstre er det to nøster frå Gedifra Det er 49% acryl og resten ull. Ved sida av ligg det to nøster med Multi Kido LøveGarn. Det minner litt om Kid Silk og kan kanskje verte ein tråd i eit sjal el.l. Til høgre ligg det fire nøster med Cocoon frå LøveGarn. Litt skeptisk til kva eg skal bruke det til. Nedst er det fire nøster med Rowan Tapestry. Trur nok det kan bli nokre fine huer, sjal, eller dukkeklede. Må tenke litt på dei å sjekke litt på ravelry. Eg likte u grunn Multi Kido og Rowan Tapestry her og gler meg til å prøve dei ut.

 Biletet over her viser Rowan Denim.
Frå banderolen: "Denim shrinks in length & fades just like jeans".
Dette garnet har eg aldri vore borti før så ravelry må nok sjekkast ut.
Synes dette ser spennande ut og blir artig å prøve ut. I grunn kjekt at det er litt fleire nøster og så kan ein jo produsere noko litt større.

 Dalegarn Freestyle.
Dette skal eg garantert klare å få noko ut av! :)

 Ein del ulike bomullsgarn.
Eg har ikkje vore nokon racer på kunststrikka dukar eller hekla dukar, men kanskje eg må prøve det. Ein del av dette garnet er svært tynt! Alt det farga som ligg i front er mercerisert, men ettersom eg har skjønt på Bittami si side på facebook (der går det føre seg ein klutestrikk along for tida) så er det mange som strikkar klutar i mercerisert garn, vaskar dei 2-3 gongar i vaskemaskina og så er visst sugeevna og haldbarheita super. Så kanskje eg må prøve det. Den rosa til høgre er Brilla og er blanding av Bomull og viskose.
Det tynne garnet kjem eg til å slite ein del med, men alt det andre blir nok ikkje noko problem i det heile.

Her er det litt ukjende garntypar.
Den gule er Karisma Angora-Tweed frå Drops.
Eg var overbevist om at det var Felisi som er min HUV, men jammen meg tok eg ikkje feil og må leite vidare. :) Eg synes i grunn denne pakken var ganske snill, sett bortifrå mengda, tynt bomullsgarn og det vesle pusegarnet som var. Eg skal i allefall ikkje klage! :) Lageret mitt er i allefall minka med ubrukeleg garn. :)

tirsdag 18. juni 2013

Vinkartongtrekk

 Ei veninne spurde for ei tid tilbake om eg kunne strikke eit vinkartongtrekk for henne som dei kan ha i båten når dei skal på ferie. Ho kjøpte inn garn og garnet vart no liggande her ei stund før eg kom i gong. No er det ei stund sidan det var ferdig, 21.mai, men på søndag vart det levert.

 Mønsteret er henta frå Marius strikkeboka.
Det gjekk med 83 gram med garn totalt.
Pinnenr 5 mm og Sandnes Garn Smart.

Så får eg håpe at trekket pynter opp i båten,
og at dei får ein flott ferie langs norskekysten. :)

søndag 16. juni 2013

32/52 Little Miss Summer

Par nr 32 og det vert nok eit av dei siste i denne plungen.
Eg kjem meg ikkje nærmare dei 52 para.
Eg kunne jo ha satt i gong med stress strikking og strikka
19 par (eg har par 33 på pinnane) med babysokkar for å klare 52,
men det er ikkje noko mål i seg sjølv.
Og stress strikking har eg gjort nok av opp gjennom
og har ingen behov for å gjere det her. :)
Jaja, eg satsar no friskt og har meldt meg på den nye 52ppvii
som startar 1.juli. 52 nye par sokkar. :) Hoho...
Paret over her vart strikka i mai til ei niese sin bursdag.
Ho fekk desse, Sockdolager (par 26) og par 31 som foreløpig
er eit hemmeleg mønster som eg ikkje kan vise fram.
Dermed fekk ho eit tjukt par, eit tynt og eit par ankelsokkar. 

Nærbilete av eine sokken.
Det kjem vel ikkje som ei bombe at dette er eit mønster
designa av Bitta Mikkelborg.

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 35 gram

lørdag 15. juni 2013

30/52 Milla

Desse vart ferdige den 9.mai så det er ei stund sidan.
Det tar tid å få lagt ut bilete. :)
Dette var februar sokkane i sokkealongen på uformelt.
Eg ligg med andre ord langt etter i alongen,
og eg ligg langt etter i 52ppvi, men, men sånn er det.
Wims lagar utruleg flotte mønster så eg skal definitivt strikke resten
av mønstra hennar og.
Eg speglvende mønsteret, men eg tenkte ikkje på å speglvende flettene, jaja...

Pinnenr: 2 og 2,5mm
Garn: Arwetta classic
Mengde: 66gram

onsdag 22. mai 2013

29/52 Hestesokkar


 Ei flott dame fylte 50 år i april og i den anledning strikka eg desse hestesokkane og dei svarte pulsvarmarane i innlegget under til henne. Det er ho me kjøpte hunden vår, Scott, av. Ho har og sauer og hestar. Me var litt usikre på om eg skulle strikke sauesokkar eller hestesokkar til henne, men endte opp på hest. Eg fann eit mønster på ravelry som eg tok utgangspunktet i. Eg strikka sokkane slik eg sjølv brukar å strikke dei og brukte det eine diagrammet frå mønsteret på ravelry. Mønsteret utover foten droppa eg då eg personleg ikkje synes det var så veldig fint.
Garn: Arwetta Classic
Pinnenr: 2,5mm
Mengde: 75 gram

tirsdag 21. mai 2013

Pulsvarmarar


To par pulsvarmarar strikka i gåve. Det grøne paret vart strikka til ei veninne som er midt oppi eksamen no. Ho studerer spansk og hadde eksamen på torsdag og i dag. Sendte ho då eit par pulsvarmarar og litt snop som ei lita oppmuntringsgåve. Det svarte paret er strikka til ei anna flott dame som ein del av ei bursdagsgåve. Resten av bursdagsgåva vil eg tru eg får lagt ut i morgon eller på torsdag. :)
12.-14.april var eg på Strikketreff i Oslo og tilbrang ei heil helg i lag med 100 strikkegale (-glade) damer frå heile Noregs land. Det var garn og pinnar, god mat, konkurransar, soft is og popcorn. Første dagen fekk me ein "goodiebag" og oppi den var det bl.a. ei garnpakke frå Hifa med eit nøste Pelsullgarn (50 gram) og eit mønster på dei pulsvarmarane du ser over.
Ei heilt fantastisk artig og koseleg helg! Eg håpar eg får med meg neste års treff og.
Grønnfargen er mest riktig på biletet til venstre.

Garn: Grønne: Fotrama Alpaca, Svarte: Hifa Pelsullgarn
Pinnenr: 3,5 mm
Mengde: Grønne: 27 gram, Svarte: 24 gram

mandag 20. mai 2013

28/52 Havsokken #2


Desse er og strikka på bestilling til ei veninne. 
Det første paret kan du sjå her.
Dersom du er nybegynnar i sokkestrikk ville eg ikkje ha starta med desse då mønsterforklaringa er litt dårleg i overgangen mellom hæl og fot. Når ein gjerne har strikka litt andre sokkemønster med gode forklaringar kan det vere greit å strikke desse.
Sokkane er på veg nordover til Andøya.
Meir informasjon på ravelrysida mi.

Garn: Fjell Sokkegarn 3 og Embla - Hifa 3
Pinnenr: 4,5mm
Mengde: 178 gram

torsdag 16. mai 2013

Torunn gjer ting ho ikkje kan...

 Denne hua vart strikka for om lag ein månad sidan og skal ein tur nordover til Kirkenes
til min eldste nevø. Eg strikka tidlegare ei A&C hue i oransje og lilla og tenkte med ein gong eg hadde strikka den at den var jo perfekt i fargane til minstemann der nord. Då måtte jo eldstemann få velge seg ut ei hue og, og valget fall på denne. Fargane har han tatt ut sjølv og etter ein liten dukkert i tanta sitt garnlager. Veldig kjapp å strikke.

Pinnenr: 4,5 og 5mm
Garn: Dale Freestyle
Mengde: 130 gram

 I helga som var vart me invitert i ein 40 årsdag til ein kamerat, og eg tilbydde meg å bake ei kake.
Kona til jubilanten valgte gulrotkake. Eg har ofte sett på alle desse flotte kakene som vert laga rundtom og alltid hatt lyst til å prøve meg på å pynte sjølv. Denne gongen fann eg ut at "kvifor ikkje?" Viss det ser heilt på jordet ut kan eg jo berre smøre det utover som ein vanleg glasur.
Sprøytetuppen eg hadde var altfor tynn, så "rosene" vart litt små og ynkelege. Dersom eg skal gjere dette att skal eg nok kjøpe meg ein litt tjukkare ein. 
 Eg fann litt wilton farge og rosa måtte jo bli blå til ein bonde.
Eg blanda fargen inn i marsipanen og tenkte ikkje akkurat på at eg burde hatt hanskar,
så hendene såg jo ut deretter. Jaja, godt eg skulle ut å mjølke kyr etterpå. Då vart i allefall henda reine.:)
Eg var ein smule stressa då eg laga denne rosa, for eg skulle ha vore i fjøsen for lenge si, og me hadde dårleg tid skulle me rekke inn dit. Eg stressa i veg, marsipanen klistra seg på kjevlet, marsipanen glei frå kvarandre og det var umogeleg å få det fint til. Til slutt brukte eg kun ein rund utstansar og flata desse rundingane litt ut og så bretta eg i veg, eit blad utanpå dei andre osv. Til slutt vart det ei nokonlunde rose.
Vel, det får vere bra for første gongen å vere.
Hadde dette vore for 2-3 år sidan så hadde eg aldri levert denne kaka frå meg.
Perfeksjonist og panikk for kva alle andre meiner.
No konkluderte eg med at "sånn vart det" og tok den med meg, og er veldig fornøyd med meg sjølv for at eg klarte nettopp det. Den ser vel i grunn ut som eit takras, men med ein tjukkare sprøytetupp, litt betre tid og litt meir trening så vert den vel kanskje betre neste gong.
Dette var jo første gongen og samtidig under stressa forhold. :)

lørdag 11. mai 2013

27/52 Havsokken


Ei veninne spurde for ei tid tilbake om eg ikkje kunne strikke Havsokken til henne.
Dette er eit mønster frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Eg kjøpte garnpakken for ei god stund sidan, men det har tatt tid å kome i gong grunna mykje anna strikk med deadline. Det vart to par av desse, så eg skal få tatt bilete av det andre paret ein dag og få lagt ut. I går vart det endeleg vår her på garden, viss du har lyst til å lese om det kan du ta ein kikk her.
I det siste har eg, stort sett, strikka sokkar med pinnenr 2, 2,25 og 2,5mm, så det å strikke med 4,5 var som å strikke med staur. :)
Mønsterforklaringa er noko dårleg forklart i overgangen mellom hæl og fot, så dersom ein er nybegynnar på sokkar ville eg ikkje ha starta med desse. No har jo eg teststrikka og korrekturlest ein del sokkemønster for Bitta Mikkelborg og er vel gjerne derfrå bortskjemt med svært godt forklarte mønster.
Mine endringar har eg skrive om på ravelrysida mi.

Pinnenr: 4,5 mm
Garn: Fjell Sokkegarn 3 og Embla - Hifa 3
Mengde: 180 gram

fredag 10. mai 2013

26/52 Sockdolager SM7


Jata, det går framover, sakte, men sikkert. :)
No er eg halvvegs i plungen, men eg har heldigvis kome litt lenger. Eg har nokre fleire sokkar liggande som treng fotografering, så det kjem nok litt fleire sokkeinnlegg etterkvart.
Dette var det første paret i Sock Madness 7. Det er ein konkurranse på Ravelry. Alle påmeldte får først to veker på seg til å fullføre det første paret. Dei som har fullført det innan tidsfristen vert så delt inn på ulike lag. På dei neste para vert det færre og færre på kvart lag og til slutt står det igjen ein på kvart lag som skal konkurrere om å vere raskast på det siste paret.
Eg hadde ein plan om å prøve og henge med ei stund, men eg innsåg kjapt at eg hadde altfor mange ting som skulle vere ferdig innan ein tidsfrist, så eg la strikkepinnane til dette sokkeparet på hylla då eg var komen eit stykke forbi hælen på begge (ved å vere komen forbi hælen på begge para, eller fullført ein sokk, så fekk ein dei vidare mønstra tilsendt).
7.april vart dei ferdige, så, ja, det har tatt litt tid å få dei inn i bloggen. ;)
Eit av formåla med SM7 er å lære nye teknikkar, og vanskelighetsgraden vert større og større for kvart par som kjem. På dette paret lærte eg ein ny måte å legge opp på, German Twisted cast-on, i tillegg til ein annan måte å strikke hælen på. Det er alltid kjekt å lære nye metodar og så plukkar ein ut dei ein sjølv likar best etterkvart.

Pinnenr: 2 og 2,25mm
Garn: Drops Fabel long print
Mengde: 71 gram
Meir info på ravelrysida mi.

tirsdag 30. april 2013

Ny blogg


Mannen min har lenge mast om at han ønskjer at me har ein bondeblogg.
Hin dagen gav eg etter for presset og me oppretta Keilegavlen Gard.
Ta ein tur innom då, og legg gjerne att ein kommentar. :)

onsdag 24. april 2013

Paprika


Eg er litt treig på å få inn innlegg om dagen. 
Denne var ferdig den 25.mars og først no klarer eg å få den i bloggen.
Mønsteret er Paprika av Elena Nodel.
Denne er strikka i størrelse 12-14 år til ei jente som vart
9 år i februar.
Klikk gjerne på bileta så får du sett mønsteret betre.
Eg rakk ikkje å få tatt bilete ute i dagslys, dessverre.
Super og rask service frå Nøstenett!
Eg bestilte først ti nøster og var sikker på at det skulle holde.
Eg vart nesten ferdig med hetta og hadde kanten rundt igjen, så
eg bestilte tre nøster til, og brukte såvidt litt meir enn eit av dei.

Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: 555 gram

søndag 31. mars 2013

VM gensar nr 2



På sjølvaste nyårsaftan ringte eine svigerinna mi og spurde
for datra hennar om eg kunne strikke ein VM gensar til ho og.
Denne har kun vore helgestrikk og eg starta ikkje på den før 8. februar
då eg trong litt pause etter den forrige.
Sidan 8. februar er det vel ca 3 helger eg ikkje har strikka på den,
då eg venta på ermepinne og strømpepinnar i 3,75 mm den eine helga
og dei to andre var det andre ting som måtte ferdigstillast.
Gensaren vart ferdig 23. mars, og det var utruleg kjekt
å overrekke den til niesa vår på fredag og sjå kor stolt og glad ho vart.
Det er då det kjekt å strikke og verdt kvar ein time med strikking!!


Mønster frå Dale (Unisex)
Garn: Falk
Pinnenr: 3,5, 3,75 og 4mm (hovudsakleg 3,75mm)
Mengde: 636 gram
Storleik: XS med noko lengre armar. ;)

fredag 1. mars 2013

Eco Hat and Mittens


Tru det eller ei, men det vert faktisk strikka andre ting enn sokkar
her i heimen og. ;)
Dette er eit sett som skal bli ei bursdagsgåve.
Desse mønstra er og designa av Bitta Mikkelborg.


Når eg ser på biletet no ser eg at eg trur eg skal ta knappane
opp att og bruke Kid Silk til å sy i knappane med.
Eg trur det vert finare enn den kvite sytråden.


Mønsteret er på fingerlause vottar, men eg gjorde dei om til vottar.

Pinnenr: 4, 4,5 og 5mm
Garn: Drops Alpaca og Drops Kid Silk
Mengde: 
Hue: 55g Alpakka og 24g Kid Silk
Vottar: 51g Alpakka og 18g Kid Silk

torsdag 28. februar 2013

21/52 Evtherpe


Og dette er vel heller ikkje ei overrasking at dette mønsteret
er designa av Bitta Mikkelborg det og. ;)
Her må du klikke på biletet så det vert større.
Sokkane er strikka for ei tid tilbake, men eg har vore litt treig
med å få tatt bilete.
Mønsteret er ein av dei 4 muser.

Garn: DSA Sterk
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Mengde: 86 gram

onsdag 27. februar 2013

20/52 Little Miss Spring


Nok eit mønster designa av Bitta Mikkelborg.
Dette mønsteret har eg strikka to par av før i Wollmeise.
Det er ei stund sidan dei vart strikka, men ting går litt tregt.
Dette var mitt første møte med Arwetta,
eit utruleg mjukt og godt sokkegarn.
Eg gler meg til å strikke meir i det, og må nok bestille
meir etterkvart. ;)
Klikk på biletet så vert det større.

Garn: Filcolana Arwetta
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 42 gram

mandag 25. februar 2013

Nye lyslykter


Nok eit sett med lyslykter.
Desse vart hekla for lenge sidan, men trådfesting
og pynt har tatt si tid.
På fredag kom veninna mi, som skulle få desse,
på besøk, så då var det berre å hive seg rundt
og gjere dei ferdig så eg fekk levert dei.
Og så vert det med desse som med
tennbrikettboksskjularane,
eg har enno ikkje hekla til meg sjølv...
Eg har brukt 37 gram Mandarin petit
og clover heklenål 3mm.
Eg innser at alle dei gamle heklenålene mine
skal byttast ut med clover.
Så mykje betre å halde i og så mykje betre for fingrar
og hender å hekle med.

lørdag 23. februar 2013

Calorimetry


Eg har strikka ein del som ligg ferdig og i grunn
klart til å takast bilete av og kome i bloggen,
men det er den siste biten der som går litt treigt.
Då har eg strikka mine første Calorimetry.
Denne er strikka til ei jente som vart 5 år i januar.
Det er ei stund sidan den vart ferdig, men så har eg no ikkje
somla meg til å ta bilete då...
Eg la opp færre masker for å få barnestr på den,
så den ser litt ekstra strekt ut på dette biletet.


Lillafargen kjem vel best fram på dette biletet.
Eg rakk ikkje å ta bileta ut i går før gåva måtte
pakkast inn og leverast.

Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 5mm
Mengde: 29 gram
(Eg strikka fem hol før eg strikka opp att maskene)

lørdag 2. februar 2013

Pretty Gallopavo




Tru det eller ei, men dette er eit innlegg utan sokkar! :)
Eg er med på Luer 2013 på forumet uformelt.
Der får me utdelt nye mønster kvar månad og dette mønsteret var eit
av februarmønstra. Eg har enno ikkje strikka noko av januarmønstra.
Denne hua var kjapp og kjekk å strikke.
Eg har strikka den i Sandnes Kashmir Alpakka som eg fekk
i adventkalendergåve frå Pludrehanne i 2011.
Fantastisk deilig og mjukt garn!!

Garn: Sandnes Kashmir Alpakka
Pinnenr: 5mm
Mengde: 100 gram



fredag 1. februar 2013

18/52 LL Socks (Latvian Love)


Dette sokkemønsteret har eg strikka før og du kan sjå det her.
Som du ser på det biletet har eg strikka kortare legg som då har resultert
i ei anna avslutning på mønsteret på sokken.
Eg synes det er finast når det sluttar i slik spiss framme, så då
eg hadde strikka dei første gongen bestemte eg meg for å strikke eit par til.
Nok ein gong har eg brukt Drops Delight som kontrastfarge.
Klikk på biletet så ser du mønsteret betre.

Garn: Drops Fabel og Drops Deligt
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 81 gram
Meir info på ravelry.

torsdag 31. januar 2013

17/52 Maskerade by Wims


No lurer du sikkert på kvifor eg har hoppa rett frå 13 til 17 par,
kor vart liksom 14, 15 og 16 av?!?
Jo, det har seg nemleg slik at eg held på å teststrikke litt sokkar
om dagen og dei er foreløpig "Top Secret" og vert ikkje lagt ut på
bloggen, kun eit sladda bilete på ravelry slik at dei kan vere med
i 52 pair plunge VI.
Wims har starta opp med ein sokkealong på uformelt,
og i januar starta ho med bl.a. eit par Mysteriesokkar.
Som kjent er ikkje eg den kjappaste på avtrekkaren når det kjem til
mysteriestrikk. Så eg starta ut då siste cluet var komen,
og starta på desse 21.januar og ferdig 24.
Klikk på biletet så ser du mønsteret betre.
Det kan jo vere eg kan klare å vere litt betre med i februar?
Sokkane blir ei Pay It Forward gåve (facebook),
så i år er målet å vere litt tidlegare ute. ;)

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 68gram

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails