I dag har det vore eit forferdeleg ver, men eg er glad me har hund så eg likevel har kome meg ut i dette veret. Me fekk gått oss ein lang tur og eg har kasta pinnar i motvind. ;)
Garn: Drops Alpakka og Gjestal Baby Ull
Pinnenr: 4mm
Mengde: 113 gram
Dette er mitt tredje bidrag til 11 shawls in 2011 på ravelry. Garnet og mønsteret fekk eg i PIF (Pay it Forward) gåve frå Umulie. Eit kjempespennande garn eg aldri har prøvd! Eg måtte jo strikke sjalet som ho hadde gitt meg mønster på,- og det vart svært!! No skal det seiast at eg strikka ei ekstra holrad til slutt for å få avslutta med rosa, men den eine holrada utgjorde ikkje så mykje. Eg brukte eit liggeunderlag, og det rakk ikkje på breidden og måtte dermed hente ned eit til. Dette blir varmt og godt til kalde haustkveldar på terassen, så eg kan tulle meg godt inn i det, eller i vinterkulda når eg kan surre det fleire gongar rundt halsen.Dersom dette høyrdes spennande ut skriv du ein kommentar i innlegget under,- dei tre første får ei overrasking i posten frå meg.

Nok eit 198 yds of heaven. Har strikka nokre av desse no. Måtte ta nye bileter i dag (24.03.2011) då eg var på fjellet ein tur. ;) Strikka dette for ei god stund sidan, men har berre ikkje somla meg til å hente liggeunderlaga mine og blokke det i stova. Men...i går somla eg meg til slutt opp trappene å fekk henta dei. Så...no hamnar det i gåvekassen. Sjølve hovudmønsteret skal i utgangspunktet strikkast 2,5 gongar, eg synes sjalet vert litt kort då, så på dei andre har eg stort sett strikka 3,5 gongar. På dette har eg strikka det 4,5 gongar.
