No er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min... Først var me utan pc i 2-3veker. Nå me då endeleg fekk den eine tilbake etter service, så slo lynet ned i telefonkabelen her borte i marka og kløyvde den i to. Det tok ei veke før den var oppe og gå igjen. Ikkje lenge etterpå rauk den eine pc'en igjen. Og nå me begge er i travle jobbar, så tok det litt tid før pc'ane vart leverte inn på service. Begge pc'ane er på service no, og i dag har eg lånt svigers sin pc slik at eg får litt nytt ut i bloggen.
Elles har eg lagt sjuk dei siste dagane. Eg var vekke frå jobb på tirsdag, kom meg på jobb i går, men i dag måtte eg berre kaste inn handkle og la andre ta seg av dei sjuke dyra ute på gardane og kjæledyra i heimane. Juletreet er ikkje pynta enno, men... skal sette i gong med det så snart eg er ferdig her på pc'en. Julefeiringa her i heimen startar først når mannen i huset er ferdig i fjøsen i kveld. Då skal me inn i nabostova til svigers. Så det vert koseleg.
Ønskjer alle ei riktig GOD JUL!!!!
Fiskehua vart strikka til ein liten kar som hadde bursdag i september. Synes desse er ganske artige!!
Garn: Smart
Mengde: 114gram
___________________________________
Then...Christmas is here. We haven't had any computers for over a month. Today we are borrowing my husband's parents computer, so I can update my blog. :) I've been sick the last couple of days, so I'm glad I'm not the one who are supposed to make dinne today.
This Fishhat was knitted for a little boy who turned 2 in September. I think these hats are quite funny! :)
Whising you all a Merry Christmas!!