Forrige helg vart endeleg gensaren til min kjære mann ferdig. Hadde eg hatt nok garn hadde eg vore ferdig etter ei veke, men etter litt under ei veke var garnlageret mitt tomt for Alfa 8972, og ein jakt etter garn starta. Sandnes Uldvarefabrikk slutta å produsere garnet i oktober 2008, så det hjalp lite. Men... etter nokre søk på nettet kom det dalande eit nøste i posten frå
Frk.Badegakk og eit frå
Spøt-oline. Begge berre kjempeglade for å kunne hjelpe.
Lisemor var så snill å søke litt på Ravelry for meg og fann der eit nøste hos
Nagamori. Ettersom eg er medlem på Ravelry, men ikkje har vore den flittigaste brukaren opna Lisemor eit hav av nye muligheter for meg, så då var det inn å leite i håp om å få tak i eit enslig lite nøste til slik at eg kunne bli ferdig med gensaren. Og der fann eg
AnetteK som gladeleg putta det eine nøste ho hadde i posten til meg. Så....no er altså gensaren ferdig og min kjære mann har allereie brukt den litt og. ;)
TUSEN TAKK til alle som hjalp meg med å få gensaren ferdig!!! Det er det same mønsteret på baksida som på framsida. Kjapp og grei å strikke ettersom det var pinnenr. 6 og 7 mm.
Garn: Sandnes Garn Alfa
Mønster: Pt Design, frå same mønsteret som flettejakken litt lenger nede på sida.
Mengde: 910 gram
Pinnenr: 6 og 7 mm
Ettersom gensaren hovudsakleg vart strikka i 2009, så går mengden garn inn på brukt 2009.
Elles har me fått pc'ar tilbake og internett, så no er det ei heilt anna verd igjen. ;) Tysdag reiste eg til Oslo på kurs og har vore på eit kjempespennande kurs onsdag, torsdag og fredag i Veterinær Oftalmologi (augemedisin), smådyr. Utruleg bra!! Så no gler eg meg til å starte på ny giv på jobb.
_________________________________________
Finally, after a long wait, the sweater for my husband is done. I started on it some time in 2009 and after less then a week I had used up all Sandnes Alfa 8972 in my stash. I started searching on different forums and Frk.Badegakk and Spøt-oline sent me one skein each. I was still lacking two skeins to finnish the sweater. Lisemor helped me out and did a search on Ravelry. She found Nagamori, and Nagamori also sent me a skein. I've been a member on Ravelry for a while, but still haven't figured out how to use it until Lisemor introduced me to all the advanteges there. So...after a quick search on the website I found AnetteK and her skein with Sandnes Alfa 8972. I recieved the yarn in the mail last week and finnished the sweater last weekend. So...finally, my husband recieved his new sweater and could start using it. ;)