Ei veninne av meg fekk ein son 11.april. Ettersom dei ikkje visste kjønnet på førehand vart jakken strikka i nøytrale fargar. Det brune garnet er garn som var i den store kassen med garn som eg fekk frå søstra mi. Det er ei eldre utgåve av Dale Baby Ull, så då det nærma seg slutten skjønte eg at å finne nytt garn i same fargen var lite truleg. Heime hadde eg berre Dale Baby Ull i turkis og i gult, og frå kassen frå søstra mi, så då var eg innom garnstuen i Åsane og kjøpte eit nøste med off white. I går var eg innom garnbutikken i Knarvik og kjøpte knappar. Så no er den ferdig og klar til å bli levert. Så no er eg ferdig med babytøy for ei lita stund. ;)Held på med to jakkar til meg sjølv, ein lang og ein kort. Og har elles ein del ting som er ferdige, men som manglar litt perler eller knappar. Så eg får sjå om eg får monteringsanda over meg.
Monster: Henta frå Garnstudio
Garn: Dale Baby Ull
Pinnenr: 2,5mm
Mengde 135 gram
_________________________________
A friend of mine gave birth to a son a few days ago, this jacket is for him.


