Denne gensaren vart strikka i forsøk på å minke garnlageret. Då eg hadde strikka bolen angra eg litt, for...fargen er jo nydeleg og eg kunne jo heller ha strikka noko til meg sjølv. ;) Men, men... Eg aner ikkje kven som skal få den. Den var opprinneleg strikka i str 12 år, men Finull garnet forstår eg meg ikkje heilt på. I vaskemaskina vår må eg som regel tove ting to gongar først på 40 og så gjerne igjen på 40 eller 60 for at eg skal bli fornøyd. Dette har eg måtta med Tove og med Finull før. Så hadde eg jo det brune garnet i dei teppene som nesten ikkje tova. Denne fargen tova alt for mykje!! Ser nesten ikkje att mønstra slik ein skulle. Så det var litt kjedeleg. Men, men... er vel gjerne str 10 eller 8 no. ;)Mønster: Frå same heftet som den kjolen med hjarte på
Pinnenr: 4,5 og 5mm
Garn: Rauma Finull
Mengde: 350gram










