
lørdag 1. mars 2008
Roser/roses

fredag 22. februar 2008
Prinsessekrone/crown for a princess
Lommetøflar/ slippers
Klestativ til Baby Born
tirsdag 19. februar 2008
Baby Born klede /clothes for Baby Born


mandag 11. februar 2008
Thuja sokkar/Thuja socks
lørdag 9. februar 2008
Hentesett/ Babyset
Babytøfler/babybooties
Hue / hat
onsdag 23. januar 2008
Januar sokkane/ January socks


Hovudmønsteret for januar var Anastasisokkar. Eg har strikka mine i Opal og pinnenr. 2,5. Angrar litt på at eg strikka dei i sjølvstripete garn, men det var det eg hadde for handa... :)
Vaffelsokkar med krem/Waffle socks with whipped cream

mandag 21. januar 2008
Rosa babykjole

Ei veninne fødde ei nydeleg jente, 10. januar.
Eg hekla denne kjolen til henne i Sandnes Alpakka. Det tar nok litt tid før den passar, då den vart hekla i str 12/18 mnd, men, men...alltid greit å ha noko å vekse i. :)
Det er ein blomst på den med grøne blad rundt, viss du trykker på biletet ser du det betre.
søndag 20. januar 2008
Isskrapevottar nok ein gong
Firkanttøflar igjen
mandag 14. januar 2008
Lue og pulsvarmarar
lørdag 29. desember 2007
Carebear
Rosa hals
Litt forskjellig :)



Sokkane er strikka på bestilling til jul og vart "i kampens hete" kappa litt då eg skulle forminske biletet... Jaja, ein sokk er ein sokk. :) Som forrige sokkepar eg strikka har eg nok ein gong prøvd meg på eit gammalt bestemor triks og strikka inn ein sytråd i hel og tå. Før har eg jo alltid strikka inn ein ekstra tråd, men no tenkte eg eg skulle prøve noko nytt. Dei gamle bestemødrene må vel vite kva dei snakkar om.. :)
Isskrapene låg under juletreet hos nokre veninner i år. Foreløpig ser det ikkje ut til at det er bruk for dei her på Vestlandet, men kanskje i 2008..?!?
søndag 16. desember 2007
Klestativ
Sett til Baby Born
Endå fleire isskrapevottar
lørdag 8. desember 2007
Fletter
New Holland
tirsdag 4. desember 2007
Adventskalendar

Endå fleire isskrapevottar
Restetøflar og firkanta
Meir sokkar
tirsdag 20. november 2007
Isskrapevottar


Dersom du er innom her og gjerne kunne tenkje deg slike er det berre å legge inn ei bestilling, så strikker eg gjerne. :)
Julenissefat
Hue og hals
Nok eit jetpinnesjal
Fagstrikk sokkar
onsdag 7. november 2007
Varme til ein svoger
OnLine sokkar
Eg fekk dette flotte garnet i HV-gåve i juni (sjå lenger nede på sida).No har eg endeleg strikka ferdig sokkane. Dei er strikka på pinnenr. 2,5. Eg er jammen glad eg har 30 cm rundpinnar. :)
Eg er enno usikker på kven eg skal gje desse til, eller om eg kanskje skal ha dei sjølv...
Sokkane er like store, sjølv om det ikkje ser slik ut her.. :)
Lommetøflar
tirsdag 6. november 2007
Kjørepose
Ein kjørepose eg strikka til eit vennepar som fekk ein son i slutten av september. Dressen er strikka med opning til sikkerhetsselen. Den er strikka i Smart og str. 12/18 månadar.Eg har brukt tre ulike mønster pluss litt idear frå eige hovud og slik vart den. :) Angrar litt på at eg ikkje hadde litt meir blått nedst før eg begynte på mønsteret der nede. Men, men... eg såg det først ordentleg då eg skulle montere,- må ærleg innrømme at eg ikkje gadd rekke opp att då... :)


































