søndag 30. mars 2008

Sirkelsokkar/ Circle socks



Den nest siste dagen i månaden er marssokkane i Sokker 2008 ferdig. :) Betre seint enn aldri...
Eit artig mønster å strikke. Denne gongen har eg prøvd meg på både ny hel og tå, og sjølvsagt på ny legg og. ;) Sokkane er strikka i Opal og pinnenr. 2,5
_____________________________________________
Finally, I've knitted the Circle socks, which are the pattern in the Sock KAL 2008, this month. I've never knitted a heel and a toe like this,- it's always fun to learn new things. And, of course, I've never knitted a leg like this either. ;) It was a fun pattern!

onsdag 19. mars 2008

Hekla sjal/crocheted shawl


Eit hekla sjal i eit anna mønster enn dei forrige. Dette er hekla i brun Kitten Mohair og er eit mjukt og deilig sjal.
______________________
This shawl is chroceted in brown Kitten Mohair yarn, which makes it very soft.

mandag 17. mars 2008

Ballerina jakke/ Ballerina jacket


Niesa mi starta på ballett i januar og kva passar vel betre då til 5 årsdagen på tysdag enn ein ballerina jakke?
Mønsteret er det LilleDuck som har designa. Kjempeflott og raskt og strikke!
Jakken er strikka i Kitten Mohair.
__________________________
My niece attended a ballett class in January. On Tuesday she turns 5, and I guess a ballerina jacket will be a perfect match. ;)
LilleDuck has designed this pattern. The jacket is knitted in Kitten Mohair yarn.

søndag 16. mars 2008

Sauejakke / Sheep-jacket




Denne jakken er strikka til ei nydeleg lita tulle som vart fødd på sjølvaste kvinnedagen. :)

Jakken er strikka i Tilda på pinnenr.3,5 og str 1 år. 12 sauer er brodert på etterpå. Veldig fornøyd med jakken, men eg trur nok ikkje at eg kjem til å strikke med Tilda garnet fleire gongar. Eg var ikkje heilt fornøyd med det.

Eg ser og at rosafargen på garnet ikkje kjem heilt fram på biletet, men, men..

__________________________________________

This jacket was knitted for some friends who gave birth to a little girl in the beginning of March. The 12 sheep are embroided on the jacket at the end.

Rosa sjal


Eit sjal hekla i Mohair, veit ikkje heilt kva merket er på garnet. Hadde ikkje meir igjen av garnet så derfor måtte eg stoppe her, så dette passer nok best til barn/tenåring, tenkjer eg. ;)
_____________________
A crocheted shawl for girls. Crocheted in some kind of Mohair yarn.

mandag 10. mars 2008

Babykjole/Babydress


I går var me på besøk hos eit vennepar som fekk ei nydeleg lita tulle i februar. Denne kjolen med ku på hadde me med til henne. På selane er det små søte hjerteknappar, dei kjem ikkje så godt fram på dette biletet. Biletet vart tatt fort før eg pakka inn kjolen og gjorde alt klart til me skulle avgårde. ;)
Kjolen er strikka i Babyull på pinnenr. 2,5.
___________________________
Some friends of us gave birth to a beautiful little girl in February. I've knitted this cute little dress for her.

lørdag 1. mars 2008

Carebear


Mamma'en til ei nydeleg lita jenta som vart fødd 12.januar har bestilt denne til veslejenta. Håpar mor og barn vert fornøyde.
____________________
This carebear was an order from a friend.

Hekla sjal

Dette sjalet er hekla i Kitten Mohair. Veldig kjekt mønster,- så det vert nok fleire av desse!

Roser/roses


I dag har denne jenta tatt eit steg nærmare dei frykta 30-åra... Og i går (blomsterbudet kunne ikkje levere i dag) mottok eg 27 roser på døra frå min kjære. I dag kom det sjokolade og ein godtepose i posten. Så då vert dagen ok til tross for at eg sitte for meg sjølv og feirer på hybelen med oppgåveskriving og anestesilesing. ;)
__________________
I turn 27 today, and my boyfriend has sent me 27 beautiful roses!

fredag 22. februar 2008

Prinsessekrone/crown for a princess




Prinsessepanneband strikka til små prinsesser. To av dei er pynta med Funnygarn og to med perler.
Dei to største rosa er no solgt.

These are made for Princesses. :)
Two of the pink ones are now sold.

Lommetøflar/ slippers


Eit par lommetøflar strikka i Perfect som var rester etter Thujasokkane.
Dei forrige eg strikka vart strikka med pinnenr 4 og vart for små til meg. Desse er strikka med pinnenr 4,5 og passar perfect! :)


These slippers are knitted of left over yarn after the February socks.

Klestativ til Baby Born

Klestativ til Baby Born som min kjære har laga til den same niesa som fekk BB kleda som er i innlegget under. ;)

tirsdag 19. februar 2008

Baby Born klede /clothes for Baby Born



Ei niese hadde bursdag på laurdag og i den aneldning har eg strikka to sett med BB klede til henne. Ho skal i tillegg få eit stativ likt det som er lenger nede på sida.
Setta vert og eit bidrag til BB alongen på HB og til "Et år i farger" (det brune).
______________________________________________________
Clothes for Baby Born to a little girl who turned 7 on Saturday.

mandag 11. februar 2008

Thuja sokkar/Thuja socks



Månadens mønster i sokkealongen er Thuja sokkar frå Knitty. Mine er strikka i Perfect frå Sandnes.

Utruleg kjekke å strikka, så det vert forhåpentlegvis fleire i dette mønsteret. Dei går i posten til min kjære i morgon. ;)

The pattern for February in the sock along is Thuja socks from Knitty.

lørdag 9. februar 2008

Hentesett/ Babyset

Dette hentesettet er strikka på bestilling til ein baby som er venta i april. Det er strikka i babyull, pinnenr. 2,5 og str. 0-3 mnd.

Settet er og eit bidrag til "Ett år i farger" då månadens farge er brun.


A babyset knitted for a friend who's expecting in April.


Babytøfler/babybooties


Eit par babytøflar strikka til ei veninne som fekk ei nydeleg lita jente i januar. Dei er strikka i Smart. Litt mørkt bilete, men, men... sånn vert det når det ikkje er dagslys. ;) Dei er lilla. ;)


Babybooties knitted to a little girl who was born in January.

Hue / hat

Ei fletta hue strikka i Alfa. Denne vart litt stor, så viss eg skal strikke den ein gong til blir det nok i eit halvt pinnenr mindre. ;)


A hat knitted for myself. It's a bit too big...

onsdag 23. januar 2008

Januar sokkane/ January socks






Eg har meldt meg på Sokker 2008 og skal strikke eit par sokkar kvar månad.
Hovudmønsteret for januar var Anastasisokkar. Eg har strikka mine i Opal og pinnenr. 2,5. Angrar litt på at eg strikka dei i sjølvstripete garn, men det var det eg hadde for handa... :)

Mønsteret var eit Tå-opp mønster, så eg har utsett det ei stund,- men det var mykje enklare enn eg trudde, og eg slapp unna med å rekke opp den eine tåa ein gong. Så eg er i grunn ganske fornøyd. ;)

Januarfargen på Ett år i farger var og blå,- så desse er mitt bidrag her og.
I tillegg snik dei seg sikkert inn som ei julegåve, dersom den ikkje går til ei bursdagsgåve eller noko før det... Så det blir tre fluger i ein smekk. ;)

-------------------------------------------------------------------------------------

This year I've attended the sock along 2008 and we will recieve a new sock pattern each month. It's the first time I've knitted toe-up socks, and it was easier then I thought it would be.
This month it was Anastasia socks. I've knitted mine in Opal.

Vaffelsokkar med krem/Waffle socks with whipped cream


I januar fekk me og eit bonusmønster. Det var Blueberry Waffle Socks.
Mine vart strikka i Smart.
Eit kjempekjekt mønster å strikke.
Desse vert nok sikkert julegåve eller bursdagsgåve viss ingen kjem med ønskjer før det. ;) Så då går desse inn i julegåve alongen 2008 og. ;)
-------------------------------------------
In January we got two patterns in the Sock along.
This is the bonuspattern,- Blueberry waffle socks. They were fun knitting.

mandag 21. januar 2008

Rosa babykjole



Ei veninne fødde ei nydeleg jente, 10. januar.
Eg hekla denne kjolen til henne i Sandnes Alpakka. Det tar nok litt tid før den passar, då den vart hekla i str 12/18 mnd, men, men...alltid greit å ha noko å vekse i. :)
Det er ein blomst på den med grøne blad rundt, viss du trykker på biletet ser du det betre.

søndag 20. januar 2008

Isskrapevottar nok ein gong


Desse isskrapevottane er strikka på bestilling. Så håpar eg dei fell i smak hos mottakar. ;)
Dei vil nok varme godt i vinterkulden uansett når ein ikkje har garasje.

Firkanttøflar igjen



Nok eit par firkanttøflar. :) Desse er kjekke å strikke. Får sjå etterkvart om desse havner i julegåve/bursdagsgåve-kista eller om det havnar i kista for bruk i heimen...

mandag 14. januar 2008

Lue og pulsvarmarar

Ei veninne ønska seg pulsvarmarar til bursdagen sin no i januar. Eg elsker dette mønsteret,- så då fann eg ut at det kunne vere kjekt å strikke eit sett til henne.

Settet er strikka i deilig Alpakka frå Drops.

lørdag 29. desember 2007

Carebear

Denne er hekla på bestilling. Mykje arbeid, men utruleg kjekt å sjå at bamsen tar form. Spennande! :)


Rosa hals


Denne halsen er strikka på bestilling. Håpar den held mottakaren varm resten av denne vinteren. Halsen er strikka i Merino Lamull frå Askeladen og kanten rundt er hekla i Sandnes Alpakka.

Litt forskjellig :)





Sokkane er strikka på bestilling til jul og vart "i kampens hete" kappa litt då eg skulle forminske biletet... Jaja, ein sokk er ein sokk. :) Som forrige sokkepar eg strikka har eg nok ein gong prøvd meg på eit gammalt bestemor triks og strikka inn ein sytråd i hel og tå. Før har eg jo alltid strikka inn ein ekstra tråd, men no tenkte eg eg skulle prøve noko nytt. Dei gamle bestemødrene må vel vite kva dei snakkar om.. :)

Isskrapene låg under juletreet hos nokre veninner i år. Foreløpig ser det ikkje ut til at det er bruk for dei her på Vestlandet, men kanskje i 2008..?!?

søndag 16. desember 2007

Klestativ

Då har min kjære mekka eit klestativ til niesa vår på 4. Me har begge bidratt med maling og pensel. Så var det å henge nokre dukkekle på, og så får me håpe at veslejenta vert fornøyd til jul :)

Sett til Baby Born


Eit sett eg hekla til niesa mi ei helg i oktober då eg var på besøk hos ei veninne. Eg har slete litt med å få tak i perler, men når eg no endeleg fann nokre eg ville bruke, vart det ferdig. :)

Endå fleire isskrapevottar

Då har eg fått unna nokre til. Dei to til herre er strikka på bestilling. Håpar dei kan varme nokre i vinterkulden. :)

lørdag 8. desember 2007

Fletter


Dette settet er strikka dukkar snart opp i posten hos ei veldig god veninne. ;)
Det er strikka i Alfa frå Sandnes.

New Holland


Litt dårleg bilete dette, men, men... Min kjære, som jo er bonde, er jo sjølvsagt hekta på traktorar.. Favoritten er New Holland. I den anledning har eg malt to krus med NH merket på, desse skal han få i adventskalendaren den 13. og 14. :)

tirsdag 4. desember 2007

Adventskalendar


Denne adventskalendaren laga eg eigentleg for tre år sidan til min kjære. ;)
No har den kome fram igjen og eg tenkte eg skulle sy ein til meg sjølv og, berre i andre fargar. Men symaskina mi hadde visst ikkje tenkt det same.. Og det i år når min kjære endeleg har adventspakkar til meg, og til og med til kvar einaste dag i advent!!! Men...pakkane ligg trygt bevart i eit skap og eg får meg ein kvar dag sjølv om eg ikkje har kalendar. Det får heller bli eit prosjekt til 1. desember 2008. ;)

Endå fleire isskrapevottar
















Fleire isskrapevottar er strikka. Manglar nokre isskraper, så alle er ikkje monterte enno. :)
Den brune er strikka til min kjære som han skal få i adventskalendaren sin ein dag.

Restetøflar og firkanta




Tøflane til venstre er strikka av restegarn. Dei er eit sammensurium av Østlandsgarn, Topp Ull og Eskimo. :) Firkanttøflane er strikka i Topp Ull.

Meir sokkar

Denne gongen har eg strikka eit par i Tresko garn til min kjære. Han skal få desse i adventskalendaren på torsdag. :)
Dei mønstrete sokkane er strikka i Fagstrikk frå Rauma og er ein del av ei julegåve til mamma'en min.

tirsdag 20. november 2007

Isskrapevottar



Då legg eg ut desse sjølv om ikkje alle er monterte. Alle bursdagsjentene som har fått til no er svært fornøyde, så eg kjem nok til å lage ein del fleire. Og så vert det nok laga ein del av desse til neste års julemesse, tenkjer eg.

Dersom du er innom her og gjerne kunne tenkje deg slike er det berre å legge inn ei bestilling, så strikker eg gjerne. :)
Dei kan og sjølvsagt lagast utan pelsgarn slik at dei passar til ein mann. :)

Julenissefat


Dei siste åra har eg malt 12 raudvinsglas og 4 telysestakar til søstra og svogeren min med dette nissemotivet. I år ville dei gjerne ha fat som dei kan ha julekaker på. Så her er resultatet.

Smart hue og hals

Dette settet er strikka i dobbelt smartgarn, så det skal nok varme godt gjennom ein kald vinter. :)

Hue og hals

Eit rosa sett strikka i Sandnes Alpakka. Kjempedeilig garn!!
Jjjjjjjjooooooooosa er vel fortsatt tingen blandt småjenter. :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails