søndag 31. mars 2013

VM gensar nr 2



På sjølvaste nyårsaftan ringte eine svigerinna mi og spurde
for datra hennar om eg kunne strikke ein VM gensar til ho og.
Denne har kun vore helgestrikk og eg starta ikkje på den før 8. februar
då eg trong litt pause etter den forrige.
Sidan 8. februar er det vel ca 3 helger eg ikkje har strikka på den,
då eg venta på ermepinne og strømpepinnar i 3,75 mm den eine helga
og dei to andre var det andre ting som måtte ferdigstillast.
Gensaren vart ferdig 23. mars, og det var utruleg kjekt
å overrekke den til niesa vår på fredag og sjå kor stolt og glad ho vart.
Det er då det kjekt å strikke og verdt kvar ein time med strikking!!


Mønster frå Dale (Unisex)
Garn: Falk
Pinnenr: 3,5, 3,75 og 4mm (hovudsakleg 3,75mm)
Mengde: 636 gram
Storleik: XS med noko lengre armar. ;)

fredag 1. mars 2013

Eco Hat and Mittens


Tru det eller ei, men det vert faktisk strikka andre ting enn sokkar
her i heimen og. ;)
Dette er eit sett som skal bli ei bursdagsgåve.
Desse mønstra er og designa av Bitta Mikkelborg.


Når eg ser på biletet no ser eg at eg trur eg skal ta knappane
opp att og bruke Kid Silk til å sy i knappane med.
Eg trur det vert finare enn den kvite sytråden.


Mønsteret er på fingerlause vottar, men eg gjorde dei om til vottar.

Pinnenr: 4, 4,5 og 5mm
Garn: Drops Alpaca og Drops Kid Silk
Mengde: 
Hue: 55g Alpakka og 24g Kid Silk
Vottar: 51g Alpakka og 18g Kid Silk

torsdag 28. februar 2013

21/52 Evtherpe


Og dette er vel heller ikkje ei overrasking at dette mønsteret
er designa av Bitta Mikkelborg det og. ;)
Her må du klikke på biletet så det vert større.
Sokkane er strikka for ei tid tilbake, men eg har vore litt treig
med å få tatt bilete.
Mønsteret er ein av dei 4 muser.

Garn: DSA Sterk
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Mengde: 86 gram

onsdag 27. februar 2013

20/52 Little Miss Spring


Nok eit mønster designa av Bitta Mikkelborg.
Dette mønsteret har eg strikka to par av før i Wollmeise.
Det er ei stund sidan dei vart strikka, men ting går litt tregt.
Dette var mitt første møte med Arwetta,
eit utruleg mjukt og godt sokkegarn.
Eg gler meg til å strikke meir i det, og må nok bestille
meir etterkvart. ;)
Klikk på biletet så vert det større.

Garn: Filcolana Arwetta
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 42 gram

mandag 25. februar 2013

Nye lyslykter


Nok eit sett med lyslykter.
Desse vart hekla for lenge sidan, men trådfesting
og pynt har tatt si tid.
På fredag kom veninna mi, som skulle få desse,
på besøk, så då var det berre å hive seg rundt
og gjere dei ferdig så eg fekk levert dei.
Og så vert det med desse som med
tennbrikettboksskjularane,
eg har enno ikkje hekla til meg sjølv...
Eg har brukt 37 gram Mandarin petit
og clover heklenål 3mm.
Eg innser at alle dei gamle heklenålene mine
skal byttast ut med clover.
Så mykje betre å halde i og så mykje betre for fingrar
og hender å hekle med.

lørdag 23. februar 2013

Calorimetry


Eg har strikka ein del som ligg ferdig og i grunn
klart til å takast bilete av og kome i bloggen,
men det er den siste biten der som går litt treigt.
Då har eg strikka mine første Calorimetry.
Denne er strikka til ei jente som vart 5 år i januar.
Det er ei stund sidan den vart ferdig, men så har eg no ikkje
somla meg til å ta bilete då...
Eg la opp færre masker for å få barnestr på den,
så den ser litt ekstra strekt ut på dette biletet.


Lillafargen kjem vel best fram på dette biletet.
Eg rakk ikkje å ta bileta ut i går før gåva måtte
pakkast inn og leverast.

Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 5mm
Mengde: 29 gram
(Eg strikka fem hol før eg strikka opp att maskene)

lørdag 2. februar 2013

Pretty Gallopavo




Tru det eller ei, men dette er eit innlegg utan sokkar! :)
Eg er med på Luer 2013 på forumet uformelt.
Der får me utdelt nye mønster kvar månad og dette mønsteret var eit
av februarmønstra. Eg har enno ikkje strikka noko av januarmønstra.
Denne hua var kjapp og kjekk å strikke.
Eg har strikka den i Sandnes Kashmir Alpakka som eg fekk
i adventkalendergåve frå Pludrehanne i 2011.
Fantastisk deilig og mjukt garn!!

Garn: Sandnes Kashmir Alpakka
Pinnenr: 5mm
Mengde: 100 gram



fredag 1. februar 2013

18/52 LL Socks (Latvian Love)


Dette sokkemønsteret har eg strikka før og du kan sjå det her.
Som du ser på det biletet har eg strikka kortare legg som då har resultert
i ei anna avslutning på mønsteret på sokken.
Eg synes det er finast når det sluttar i slik spiss framme, så då
eg hadde strikka dei første gongen bestemte eg meg for å strikke eit par til.
Nok ein gong har eg brukt Drops Delight som kontrastfarge.
Klikk på biletet så ser du mønsteret betre.

Garn: Drops Fabel og Drops Deligt
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 81 gram
Meir info på ravelry.

torsdag 31. januar 2013

17/52 Maskerade by Wims


No lurer du sikkert på kvifor eg har hoppa rett frå 13 til 17 par,
kor vart liksom 14, 15 og 16 av?!?
Jo, det har seg nemleg slik at eg held på å teststrikke litt sokkar
om dagen og dei er foreløpig "Top Secret" og vert ikkje lagt ut på
bloggen, kun eit sladda bilete på ravelry slik at dei kan vere med
i 52 pair plunge VI.
Wims har starta opp med ein sokkealong på uformelt,
og i januar starta ho med bl.a. eit par Mysteriesokkar.
Som kjent er ikkje eg den kjappaste på avtrekkaren når det kjem til
mysteriestrikk. Så eg starta ut då siste cluet var komen,
og starta på desse 21.januar og ferdig 24.
Klikk på biletet så ser du mønsteret betre.
Det kan jo vere eg kan klare å vere litt betre med i februar?
Sokkane blir ei Pay It Forward gåve (facebook),
så i år er målet å vere litt tidlegare ute. ;)

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 68gram

onsdag 30. januar 2013

13/52 Hjerteglede


Hehe, mysteriesokkar er ikkje mi sterke side.
Eg hang godt med på første delen og så ramla eg heilt av.
Dette var eit sokkemysterium som Bitta Mikkelborg
starta på facebook i september. Eg gjorde meg vel eigentleg ferdig
i løpet av september/oktober, men så hadde eg strikka sokkane for
korte og måtte rekke opp att og strikke tåmønsteret på nytt.
Då hamna sokkane fint i ein krok og der vart dei liggande til
20.januar. Eg vart heldigvis ferdig før neste sokkemysterium
startar opp på facebooksida 1.februar. ;)
Dersom du er på facebook er det berre til å melde seg inn i gruppa
og bli med på eit sokkemysterium.
Ulempen med sokkemysterium er at ein ikkje aner korleis mønsteret
er eller blir. Hadde eg visst korleis desse vart hadde eg nok valgt
å ha både vrangbord, hel og tå i blått, men det får evt bli neste gong. ;)

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 82 gram
Meir info på ravelry.

tirsdag 29. januar 2013

Estonian wristwarmers


Desse vart strikka samtidig som tøflane i innlegget under,
og skal vere ei gåve til same person som skal få tøflane.
Biletet vart teke ein av dei dagane det var snø,
og så har eg liksom ikkje somla meg til å få det ut.
Eg byter heller ut det regnet og vinden me har desse dagane
med kulde, snø og sol.

Garn: Rauma Inca Alpakka
Pinnenr: 3mm
Mengde: 22gram

mandag 28. januar 2013

Pusetøflar


Desse tøflane skal bli ei gåve til ei veninne som ikkje har det så lett om dagen.
Veldig kjappe å strikke. Desse vart strikka 13.-14.januar, men det har
tatt tid å få dei inn i bloggen. Eg tok utgangspunkt i eit mønster frå Drops,
men endra på det utifrå kva garn eg hadde tilgjengeleg.
Viss du klikker på biletet så vert det større.

Garn: Drops Eskimo og Sandnes Funny
Pinnenr: 9mm
Mengde: 300 gram Eskimo og 66 gram Funny

mandag 7. januar 2013

12/52 Merediths Spring


Jada, det går sakte, men sikkert framover i 52 pair plunge.
Eg er komen til par nr 12, men burde vel ha vore på par nr 30.
Dette er det tredje paret med Merediths Spring designa av Bitta Mikkelborg.
Eg treng vel ikkje seie at eg likar dette mønsteret godt.

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 74 gram

søndag 6. januar 2013

11/52 Beautiful Noah


Nok eit flott mønster frå Bitta Mikkelborg,
men det kom vel ikkje som ei overrasking. ;)
Dette er eit mønster som kan strikkast i mange ulike
barnestorleikar alt etter kva garn og pinnenr ein brukar.


Pinnenr: 2 og 2,5mm
Garn: Drops Fabel
Mengde: 20 gram

lørdag 5. januar 2013

Umaro og vinnar av konkurranse


Umaroteppet vårt er endeleg ferdig!!
Eg starta på det ein gong i juni, strikka litt på det og la det vekk,
fortsatte litt i august så eg kom halvvegs og så vart det ein ufo.
2.juledag starta eg opp att og nyttårsaftan var det ferdig.
Festa trådar og vaska det 1.nyttårsdag,
men då eg skulle blokke det innsåg eg at me har for liten plass...
Så foreløpig ser det litt skjeivt og skakt ut til eg får pønska ut ein plass
eller måte å blokke det på.
Det kan vere eg berre på legge det dobbelt.

Pinnenr: 7mm
Garn: Enkeltråd Drops Nepal
Mengde: 1112 gram
Ublokka måler det 102x175cm,
men då eg starta å blokke det vart det over 2m,
og då eg hadde strikka det målte det 1,90,
så eg vil tru eg skal få det opp mot/over 2m ved blokking
så mannen i heimen vert nøgd. ;)

Og så over til noko eg skulle ha ordna for lenge sidan. *Flaut*
Vinnar av konkurransen min!!
På grunn av min treighet så vert det to vinnarar,
ein tilfeldig, men og ein premie til den som har føreslått det
namnet som eg har valgt.

Namnet eg har valgt til desse er:

som Lykketrollet føreslo!!

Tilfeldig vinnar er

Spøt-oline
(Eg fann ingen heimeside/blogg til Spøt-oline)

Send meg adressene dykkar så kjem det ei overrasking i posten.

Mønsteret får eg sjå kor kjapt eg klarer å somle meg til å legge ut...
Hehe...

tirsdag 1. januar 2013

Årskavalkade 2012


Godt nytt år!!
Eg tenker kvart år at eg skal lage årskavalkade for eg synes det
er så kjekt å kikke på andre sine, men eg har aldri klart å somle
meg til det før i år. ;)
Det har blitt nesten 13 kg, tilsvarande nesten 3 mil, med garn!!
Over her ser du barselgåver.

 Diverse strikk.
Bl.a. Umaroteppet som eg ikkje har publisert enno.
Forhåpentlegvis vert det lagt ut i morgon i sin heilhet.


Årets gensrar.


Interiør


Sjal og halsar


Sokkar


Pulsvarmarar, vottar og huer

søndag 30. desember 2012

VM gensar


Denne VM gensaren er strikka til ei niese til jul.
Str S i vidde og M i lengde.
Erma er like lange, sjølv om det ikkje ser slik ut på biletet.
Eg vart ikkje heilt fornøyd med glidelåsen,
men rakk ikkje å gjere noko med den før eg måtte pakke
gensaren inn og levere den.
Så dersom mottakar ønskjer at den skal ordnast
gjer eg det ved neste møte.
Litt stress vart det den siste veka, men det gjekk. ;)


Nærbilete av rosa.
Eg klarte først å strikke erma for lange og måtte
rekke opp att og strikke kilen på ny.
Kanten nedst festa eg og den såg grei ut før vask,
men etter vask var den heilt bulkete.
Den rekte eg opp att berre timar før gensaren måtte
leverast, og sydde den til på nytt.


Eg kom litt seint i gong med denne,
men starta på den 30.november og var i grunn ferdig
15. desember, men så måtte eg jo ta opp att kanten nede.
Så då vart det 16. ;)

Mønsteret er frå Dale
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Garn: Sandnes garn Sisu
Mengde: 500 gram

Meir info på ravelrysida mi.

lørdag 29. desember 2012

Blonder i fleng


I år, som i fjor, har eg vore med på PIF
(Pay it Forward) på facebook.
I fjor mottok eg 2 av 5 pakkar, så eg er spent på dette året. ;)
Desse pulsvarmarane skal giast vekk i dag i lag med eit sett
med støvlettblonder (bilete og info under).
Det er den site gåva eg skal levere, 2 dagar før nyttårsafta. ;)
Desse flotte mønstra er designa av karipia.


Pinnenr: 2,5 og heklekroknr 2,5mm
Garn: Drops Baby Merino
Mengde: 34 gram

Alle lyslyktene har eg hekla med min nye clover heklekrok,
og eg innser etter å ha hekla blonden på desse med vanleg heklekrok at eg
må investere i fleire clover. Det var utruleg klønete
å hekle med vanleg heklekrok igjen.


Desse støvlettblondene har eg strikka to sett av.
Det eine paret var del av ei bursdagsgåve til ei svigerinne,
medan det andre er del av PIF gåva som eg skreiv om over.
Nok eit flott design frå karipia.


Garn: Drops Baby Merino
Pinnenr 2,5 mm og heklekrok 2,5mm
Mengde: 50 gram til kvart par.

fredag 28. desember 2012

10/52 Meredith Spring


Klikk på biletet så får du sjå mønsteret på sokkane betre.
Desse var eit av tre sokkepar som ei niese fekk til jul.
Rykande ferske frå pinnane på julaftan,
festa trådar, tok bilete, pakka inn og leverte. ;)
Eg er utruleg glad i dette mønsteret og kjem garantert til å strikke
eit par til meg sjølv og.
Det forrige paret eg strikka,
gav eg vekk til ei veninne i bursdagsgåve då
eg hadde strikka dei litt for korte til meg. ;)
Og dette er sjølvsagt og eit mønster designa

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 70 gram

torsdag 27. desember 2012

Hogwarts Express


Dette var nok ei julegåve til ei niese.
Her må du klikke på biletet for å få det større så du ser betre.
Vanskeleg å ta bilete av grått inne.
Ugler er jo veldig in har eg skjønt. ;)

Pinnenr: 4mm
Garn: Drops Merino Extra Fine
Mengde: 150 gram

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails