torsdag 15. februar 2007

Raggsokkar

Sokkar til svogeren vår. Han hadde bursdag for ei lita stund sidan. Han var innom her ein dag og då spurde eg han om det var noko han trong som han kunne få til bursdagen. Han låg strak ut på sofaen vår og berre løfta foten i været. På raggsokken hans var det eit stort hol over tærne. Den eine sokken hadde han på vranga slik at ikkje holet skulle kome over stortåa.... :)
Så....då var det berre til å ta fram strikkepinnane og garn og begynne å strikke. :)

Ingen kommentarer:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails