I dag har det vore eit forferdeleg ver, men eg er glad me har hund så eg likevel har kome meg ut i dette veret. Me fekk gått oss ein lang tur og eg har kasta pinnar i motvind. ;)
Garn: Drops Alpakka og Gjestal Baby Ull
Pinnenr: 4mm
Mengde: 113 gram
Eg var så heldig å få lov til å teststrikke desse nydelege babysokkane som Marit Sættem ved Strikk Innom har designa. Nydelege!! Mønsteret vert nok lagt ut på Strikk Innom sine sider etterkvart. Det heiter Sildre Babysokker. Eg har strikka dei i str 3-6mnd og har brukt Sisu og pinnenr 3mm. Det gjekk med nøyaktig 20gram. 
Endeleg eit bilete av denne kjolen! Eg starta på kjolen 1. oktober og den var ferdig og gjennom vaskemaskina 12.oktober, men....så var det den photosession-tingen då.... Det er jo ikkje alltid like artig... Først eit nærbilete så du ser fletteborda på kjolen ordentleg. Nedanfor er nokre bilete bl.a. etter fotografen´s (min kjære mann) ønsker. Han har ein NH T7 på prøve (les: berre for gøy, skal ikkje kjøpast), og synes eg kunne ha den med på bileta når han først skulle ta bilete. ;) Viss du klikker på bileta vert dei større.
Eg ser at eg vil kjøpe meg ein annan topp/gensar å ha under, for den eg har på no ruller seg berre opp samtidig som den var litt vel fluffy på armane. Men...det lar seg vel gjere... Eg har endra litt på mønsteret. Den er strikka top-down så då fekk eg prøvd den på ein del undervegs. Endringane kan du sjå her på Ravelrysida mi.
Eg trong ein liten pause frå kjole- og sokkestrikkinga og strikka denne hua i går. Eg har strikka Nepalhat, men strikka vrangborda som på Limahat. På Nepalhua strikka eg omg 1 på diagrammet 9 gonger, men med ei maske mindre i rettmaskefelta,- altså tre masker. På første omgong på sjølve mønsteret, medan eg skifta til tjukkare pinnar auka eg ei maske i kvart rettmaskefelt,- til fire masker. Strikka deretter etter mønsteret på Nepalhat. Hua skal vere i lag med pulsvarmarane du ser her. Dette er nok eit fantastisk mønster av Bitta Mikkelborg!!
Denne er det ei god stund sidan eg strikka. Eg var på besøk hos Fru Helianthus 8.juli og då viste ho meg denne kjolen som ho holdt på med. Nokre dagar seinare sendte ho meg link til mønsteret og den siste helga i juli vart denne strikka og 1.august var den i bruk. Den har ikkje blitt brukt så mykje i sommar, men eg likar den veldig godt. Friske fargar og fin fasong. Den blir nok brukt til neste år og. Synes det var ganske artig med dei knappetrekka,- artig å lage knappane sjølv. ;) Viss du klikkar på biletet vert det større.
Det er skikkeleg babyboom for tida på kollokviegruppa mi. Me var 8 stk på kollokviegruppe. For to år sidan fekk tre av dei kvar sin son på om lag ein månad (trur eg), og i år har fire av dei fått kvar sin son (tre av dei nr 2) på rett i overkant av ein månad. Første kom 15.august og siste 19.sept. Så dei er godt koordinerte. ;) Men det vert mykje koseleg babystrikk på ein gong. Den grå jakken er komen vel fram, den blå med grå kant er på veg til Sverige og eg håpar den er framme i morgon. Mistenker heller ikkje at ho er innom her.
Strikka denne medan eg var i Tyrkia. Mønsteret er fleirfarga, men eg ønska å strikke den einsfarga med sauer på. Så håpar eg mottakar vert fornøyd. Både denne og dei i innlegget under kjem vel fram i posten i dag. Og eg mistenker ikkje at ho er innom her og kikker. ;)
Mønsteret på desse er det Bitta Mikkelborg som har designa. Ho har designa utruleg mange flotte sokkemønster og har no starta med vottar og. Bloggen hennar finn du her. I utgangspunktet er dette eit vottemønster, men ei av dei som teststrikka mønsteret i Nepal gjekk tom for garn og laga då pulsvarmarar,- derfor består mønsteret av både vottar og pulsvarmarar. Sidan eg har ein del veninner som ønsker seg pulsvarmarar framover så passa det veldig bra. Foreløpig legg eg dei i gåvekassane, så får eg sjå kor dei endar opp. 

Denne babyjakken vart strikka til ei veninne som fekk son nr 2 i midten på august. Eg var så heldig og fekk helse på han ein liten månad etter fødsel. Biletet vart teke før me reiste til Tyrkia, men så har eg ikkje somla meg til å legge den inn før no. 
I går kveld kom me heim etter ei veke i Tyrkia med 35 grader, sol og varme. Ekstra kjekt var det då å kome innom her til så mange kommentarar til det forrige innlegget,- tusen takk alle saman! 




