lørdag 5. januar 2013

Umaro og vinnar av konkurranse


Umaroteppet vårt er endeleg ferdig!!
Eg starta på det ein gong i juni, strikka litt på det og la det vekk,
fortsatte litt i august så eg kom halvvegs og så vart det ein ufo.
2.juledag starta eg opp att og nyttårsaftan var det ferdig.
Festa trådar og vaska det 1.nyttårsdag,
men då eg skulle blokke det innsåg eg at me har for liten plass...
Så foreløpig ser det litt skjeivt og skakt ut til eg får pønska ut ein plass
eller måte å blokke det på.
Det kan vere eg berre på legge det dobbelt.

Pinnenr: 7mm
Garn: Enkeltråd Drops Nepal
Mengde: 1112 gram
Ublokka måler det 102x175cm,
men då eg starta å blokke det vart det over 2m,
og då eg hadde strikka det målte det 1,90,
så eg vil tru eg skal få det opp mot/over 2m ved blokking
så mannen i heimen vert nøgd. ;)

Og så over til noko eg skulle ha ordna for lenge sidan. *Flaut*
Vinnar av konkurransen min!!
På grunn av min treighet så vert det to vinnarar,
ein tilfeldig, men og ein premie til den som har føreslått det
namnet som eg har valgt.

Namnet eg har valgt til desse er:

som Lykketrollet føreslo!!

Tilfeldig vinnar er

Spøt-oline
(Eg fann ingen heimeside/blogg til Spøt-oline)

Send meg adressene dykkar så kjem det ei overrasking i posten.

Mønsteret får eg sjå kor kjapt eg klarer å somle meg til å legge ut...
Hehe...

tirsdag 1. januar 2013

Årskavalkade 2012


Godt nytt år!!
Eg tenker kvart år at eg skal lage årskavalkade for eg synes det
er så kjekt å kikke på andre sine, men eg har aldri klart å somle
meg til det før i år. ;)
Det har blitt nesten 13 kg, tilsvarande nesten 3 mil, med garn!!
Over her ser du barselgåver.

 Diverse strikk.
Bl.a. Umaroteppet som eg ikkje har publisert enno.
Forhåpentlegvis vert det lagt ut i morgon i sin heilhet.


Årets gensrar.


Interiør


Sjal og halsar


Sokkar


Pulsvarmarar, vottar og huer

søndag 30. desember 2012

VM gensar


Denne VM gensaren er strikka til ei niese til jul.
Str S i vidde og M i lengde.
Erma er like lange, sjølv om det ikkje ser slik ut på biletet.
Eg vart ikkje heilt fornøyd med glidelåsen,
men rakk ikkje å gjere noko med den før eg måtte pakke
gensaren inn og levere den.
Så dersom mottakar ønskjer at den skal ordnast
gjer eg det ved neste møte.
Litt stress vart det den siste veka, men det gjekk. ;)


Nærbilete av rosa.
Eg klarte først å strikke erma for lange og måtte
rekke opp att og strikke kilen på ny.
Kanten nedst festa eg og den såg grei ut før vask,
men etter vask var den heilt bulkete.
Den rekte eg opp att berre timar før gensaren måtte
leverast, og sydde den til på nytt.


Eg kom litt seint i gong med denne,
men starta på den 30.november og var i grunn ferdig
15. desember, men så måtte eg jo ta opp att kanten nede.
Så då vart det 16. ;)

Mønsteret er frå Dale
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Garn: Sandnes garn Sisu
Mengde: 500 gram

Meir info på ravelrysida mi.

lørdag 29. desember 2012

Blonder i fleng


I år, som i fjor, har eg vore med på PIF
(Pay it Forward) på facebook.
I fjor mottok eg 2 av 5 pakkar, så eg er spent på dette året. ;)
Desse pulsvarmarane skal giast vekk i dag i lag med eit sett
med støvlettblonder (bilete og info under).
Det er den site gåva eg skal levere, 2 dagar før nyttårsafta. ;)
Desse flotte mønstra er designa av karipia.


Pinnenr: 2,5 og heklekroknr 2,5mm
Garn: Drops Baby Merino
Mengde: 34 gram

Alle lyslyktene har eg hekla med min nye clover heklekrok,
og eg innser etter å ha hekla blonden på desse med vanleg heklekrok at eg
må investere i fleire clover. Det var utruleg klønete
å hekle med vanleg heklekrok igjen.


Desse støvlettblondene har eg strikka to sett av.
Det eine paret var del av ei bursdagsgåve til ei svigerinne,
medan det andre er del av PIF gåva som eg skreiv om over.
Nok eit flott design frå karipia.


Garn: Drops Baby Merino
Pinnenr 2,5 mm og heklekrok 2,5mm
Mengde: 50 gram til kvart par.

fredag 28. desember 2012

10/52 Meredith Spring


Klikk på biletet så får du sjå mønsteret på sokkane betre.
Desse var eit av tre sokkepar som ei niese fekk til jul.
Rykande ferske frå pinnane på julaftan,
festa trådar, tok bilete, pakka inn og leverte. ;)
Eg er utruleg glad i dette mønsteret og kjem garantert til å strikke
eit par til meg sjølv og.
Det forrige paret eg strikka,
gav eg vekk til ei veninne i bursdagsgåve då
eg hadde strikka dei litt for korte til meg. ;)
Og dette er sjølvsagt og eit mønster designa

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 70 gram

torsdag 27. desember 2012

Hogwarts Express


Dette var nok ei julegåve til ei niese.
Her må du klikke på biletet for å få det større så du ser betre.
Vanskeleg å ta bilete av grått inne.
Ugler er jo veldig in har eg skjønt. ;)

Pinnenr: 4mm
Garn: Drops Merino Extra Fine
Mengde: 150 gram

onsdag 26. desember 2012

Perlestrikka hals og lue


Strikka eit sett i julegåve til ei niese.
Perlestrikka hals og flettelue med pelsdusk,
begge mønstra frå Marte Helgetun.


Litt detaljar frå hua.
Begge er strikka i Drops Lima
og det gjekk med 208 gram til saman,
i tillegg til 26 gram Drops Alpakka 
og ein pakke med refleksgarn på 25 meter.


Eg hekla ein brun kant rundt halsen og
sidan det vart brun dusk.
Ein del av bileta no rett før jul er tatt litt i hastverk
og på morgonen slik at utebileter ikkje var aktuelt.

tirsdag 25. desember 2012

Diverse julegåver



Ja, då er det 1. juledag. Alle pakkar er opna og det er ro i heimen.
Denne halsen i patentstrikk, finn du mønster på her.
Eg har strikka denne i Drops Alpakka og Drops Kid Silk
på pinnenr 8mm.


Det gjekk med 115 gram Drops Alpakka
og 47 gram Kid Silk.


Desse to sitteunderlaga strikka eg i adventkalendargåve til ei veninne.
Eg har skrive ned mønsteret ein stad og skal legge det ut snart.
Dei vart strikka litt på måfå og eg var ganske spent då eg tok dei
ut av vaskemaskina, men det gjekk bra og eg vart fornøyd. ;)


Det gjekk med ca 380 gram Eskimo til kvar av dei.

Denne ølvotten vart del av ei julegåve til ein kjær svoger i Kirkenes.
Eg skulle pynte litt på den før eg sendte den avgårde,
men i alt stresset med å få ferdig moods gensrar til sønene hans,
så strakk ikkje tida til.
Synes i grunn den vart litt stusseleg, så eg får sjå om eg ikkje
må prøve meg på ein ny til neste år. ;)
Denne er strikka i Østlandsgarn og det gjekk med 90 gram garn.
Eg synes sjølve handleddet vart litt langt på denne, så på neste
kjem eg til å korte ned litt.

Ønskjer alle ei fortsatt riktig GOD JUL og 
ein roleg og fin 1. juledag.

Denne konkurransen har eg utsett litt, så heng deg på om du vil.


mandag 24. desember 2012

Lyslykter og jul


Så var det jul!
Eg har fått hekla 11 lyslykter i gåver,
to av dei forsvann litt fort ut av huset i dag,
så dei manglar det bilete av.
Alle desse er hekla i Mandarin Petit og
det har til saman gått med 200 gram garn.
Dei er hekla på clover heklenål 3,5mm.
Eg er veldig fornøyd med den nye heklenåla mi. ;)

Eg vil med dette få ønskje alle som er innom ei
riktig GOD JUL!!

Her vart det faktisk kvit jul i år, snøen kom i dag og ligg
kvit og fin ute.

søndag 9. desember 2012

Marius meets moods #3


Klikk på biletet så vert det større og du ser fargane betre.
Dette er den tredje Marius Moods gensaren eg har strikka og eg trur det
er den kulaste mtp fargane. 
Vår yngste nevø er svært nøye på kva fargar han har på seg,
så eg var litt redd for å finne feile fargar, rett og slett fordi
eg ikkje har lyst til å strikke ein slik gensar og ende opp med at den blir
liggande i skapet. Så eg køyrde innom garnbutikken rett før eg skulle
på jobb ein dag. Tenkte oppi hovudet mitt heile tida at no må eg huske
å trekke sånn gratis parkeringslapp (med den kan ein stå gratis i tre timar).
I det eg parkerte kikka eg på klokka og registrerte at eg hadde dårleg tid
til eg skulle på jobb, gløymde parkeringslappen og sprang inn på
garnbutikken. Kjøpte litt ulike fargar og var maks innom der i 5 minutt.
For så å kome ut att til parkeringsbot!! Det vart ein dyr gensar, gitt...
Fargeprøvar vart sendt til Kirkenes og guten valgte kva fargar han ville ha.
Lilla gensar, grønt mønster og raudt opp mot halsen.
Eg bestilte nøster frå strikkenett og begynte på det lilla.
Då eg skulle starte på det grønne oppdaga eg at den grønne fargen
eg hadde kjøpt som fargeprøve var mykje finare enn den eg hadde
bestilt etterpå. Innfarginga var vidt forskjellig.
Eg tok ein sjanse og starta å strikke med den finaste, men oppdaga då eg begynte
å brodere traktorane at eg hadde absolutt ikkje nok.
Eg kontakta då fleire på ravelry som hadde den fargen i håp om at ein av
fargane stemte. 
Morgenfuglen sendte meg eit heilt nøste, medan robellas sendte meg ein liten prøve.
Kjempesnille menneske der ute i strikkeverda!!
Heldigvis kom nevøen vår på besøk og eg gav han nokre alternativ:
Anten kunne eg rekke opp att, noko eg var innstilt på, og strikke
med den andre grønnfargen, elles kunne eg brodere raude traktorar.
Me gjekk for raude traktorar.
Eg synes den vart kjempetøff! 
Så då håpar eg at han vert fornøyd på julaftan og! :)
Men Drops Muskat har ikkje blitt nokon favoritt etter dette.
Det blir lenge til eg strikkar med det igjen.
Garnet tvinna seg svært mykje, i tillegg til at det delte seg.

Meir info om gensaren finn du her.

Garn: Drops Muskat
Pinnenr: 2,5 og 4mm
Mengde: 610 gram

Ønskjer alle ein fin 2. søndag i advent!!

mandag 26. november 2012

9/52 Evtherpe


Jaja, eg ligg litt etter når det gjeld 52 pair plunge.
Eg burde vel ha nærma meg 26 par no, men det gjer eg altså ikkje.
Dette nydelege mønsteret er sjølvsagt designa av Bitta Mikkelborg.
Dette paret er ein av dei fire muser.
Viss du klikker på biletet vert det større.

Garn: DSA Sterk
Pinnenr: 3mm
Mengde: 94 gram

søndag 18. november 2012

Marius meets moods #3


Våre to nevøar oppe i nord ønska seg Marius moods gensrar
til jul slik som onkelen har. Den eldste ønska i like fargar.
Han er 13 år i januar og allereie begynt å vekse forbi tanta.
Gensaren passar jo til meg og, så det spørs om han får den til jul. ;)
Linselusa, Scott, er med på bileta.
Viss du klikker på biletet vert det større.
Info om mønster finn du på innlegget som er linka til over,
men på denne har eg strikka *1 vridd rett, 1vr*
på vrangbordene.
Gensaren var ferdig i september, men så hadde eg ein
mistanke om at armane vart altfor lange, så då han
var på besøk i oktober vart gensaren prøvd på,
og eg har no i helga tatt opp att ca 15 cm nede på armane
og strikka nye vrangborder.

Pinnenr: 2,5 og 4mm
Garn: Drops Karisma
Mengde: 700 gram, ca 50 av desse var ekstra pga armane.

Meir info på Ravelry

fredag 16. november 2012

Englar og konkurranse


Eg er svært glad i englar og har lenge ønska å lage ein
tennbrikettboksskjular med englar på.
Det første mønsteret eg laga (det til høgre) synes eg englane
vart litt store på. På det andre (det til venstre)
minska eg englane og laga med annakvar
hjarte og annakvar engel.


I utgangspunktet ønskjer eg forslag til namn på
den til venstre, men dersom det er interesse for
mønsteret til høgre og ønskjer eg og namneforslag
på den til høgre. Tenkjer då ein liten namnekonkurranse
med trekning den 31.desember der vinnaren får eit utvalgt
hespe med garn i posten (kjem tilbake til dette).
Meir info på ravelry.

torsdag 15. november 2012

Winter Waves Cowl #3


Nok ein julepresang, og nok ein Winter Waves Cowl
designa av Bitta Mikkelborg.
Bitta designer utruleg mange flotte mønster som eg
fort kan drøyme meg vekk i og eg skulle ofte ønskje
at eg strikka like fort som eg tenker.

Pinnenr: 4 og 5mm
Garn: DSA Mirasol
Mengde: 120 gram

onsdag 14. november 2012

Fleire tennbrikettboksskjularar


Desse er det og ei god stund sidan eg strikka.
Vert nok nokre julegåver desse og.
Veldig flott og enkelt mønster laga av Tone M.
Fargen kjem best fram på det øvste biletet.


Pinnenr: 6mm
Garn: Drops Alaska
Mengde: 170 gram til saman

tirsdag 13. november 2012

Hue og tøflar


Denne hua strikka eg for mange månadar sidan.
Strikka den med tanke på min yngste nevø som elskar
oransje, lilla, grønn osv.
Den har blitt liggande for eg har vore usikker på om eg
skal ha på dusk eller ei.
Broren hans var på besøk for litt sidan og me vart einige om
at ein dusk passa ikkje til han. ;)
Må seie eg likar fargane på denne, men dei er litt vanskelege
å sjå på biletet. Det er mørk lilla og knall oransje.
Viss du klikker på biletet vert det større og litt lettare å sjå.

Pinnenr: 5mm
Garn: Dale Freestyle
Mengde: 100gram

Desse tøflane er hovudsakleg strikka i Monty,
eit utgått garn frå Dale.
Det vart for lite så det mørke gråe og raude er restar
av Eskimo.
Desse vert ei gåve.

Pinnenr: 7mm
Garn: Dale Monty og Drops Eskimo
Mengde: 140 gram

mandag 12. november 2012

Hjertelig tenning #2 og 3


Desse vart og strikka for ei god stund sidan,
men blogglysta har og er vel i grunn ganske laber.
Prøver å få tatt bilete av ting innimellom slik at det kjem
ut litt etter litt før alt etterkvart skal pakkast inn som julegåver.
Dette mønsteret er og eit mønster designa av
Begge desse er strikka til gåver.


Pinnenr: 4mm
Garn: Drops Lima
Mengde: 76 gram på kvar.

søndag 11. november 2012

Gnomestrikk


Eg leita på Ravelry eller mønster på nissar då desse dukka opp.
Eg følte på meg at eg hadde sett dei før og at eg kanskje hadde
mønster på dei allereie. Kikka i stashet mitt på ravelry og oppdaga
at, joda, her var det både grått og kvitt nisseskjegg og raudt nissegarn.
Samstundes spurde Månestråle om nokon ville bytte vekk
Sirdar Foxy gar (nisseskjegg). 
Eg er ikkje glad i å strikke ting der ein må stappe bein, kropp
og armar full i vatt, så eg sa gladeleg ja til å bli kvitt dei nøsta
mot at eg fekk strikka eit skjegg til den eine gnomen eg hadde planar om å strikke.
Så då strikka eg denne og sendte både nisseskjegg garn og
raudt nissegarn avgårde til Månestråle.
Og i retur er eg så heldig at eg skal få litt WM Lace Fliederbusch,
så eg vert ferdig med ein jakke som har vore ufo sidan
april då eg innsåg at eg ikkje kom til å få nok garn.


Pinnenr: 3mm
Garn: Sirdar Foxy, Marks and Kattens Nissegarn,
Sandnes Mini Alpakka og pt2
Mengde: 47 gram.

Det var eit lite øyeblikk då nissen var ferdig at eg kjente,
"Oi, eg har lyst til å strikke fleire".
Eg måtte knipe meg sjølv i armen og seie til meg sjølv
at det ikkje er aktuelt i det heile for sånn strikking som
det her er eg ikkje noko glad i i det heile. ;)

lørdag 10. november 2012

Flaskenissar


Eg har ein lei tendens til å strikke mykje av slike figurar
når eg først set i gong, for det går jo så raskt og det er så kjekt.
Vel, det er inntil eg skal montere.
Berre ta ein kikk på dette innlegget,
så skjønar du kva eg meiner.
På desse var ikkje monteringa så gale, bortsett frå alt
skjegget og håret.
Dati, på uformelt, som eg dessverre ikkje finn nokon blogg
eller heimeside på, gav meg ein gong nokre flotte
"nåler" til å sy glidelåsar på strikka klede.
Dei minner veldig om desse, og var heilt geniale til
å feste Canto´en på nissane.
Eg har brukt pinnenr 5mm.
Det grå og dei to ulike raude garna er pt2.
Hudfargen er Sandnes Minialpakka
og skjegget er Sandnes Canto.
Til saman har eg brukt 150 gram garn.
Desse skal alle giast vekk i gåver.

torsdag 8. november 2012

Winter Waves Cowl #2


Min andre Winter Wave Cowl er strikka.
Dette er nok eit nydeleg mønster designa av
Viss du ikkje har strikka nokre av hennar mønster enno
så anbefaler eg deg å gjere det!


Garn: Fotrama Alpaca
Pinnenr: 4 og 5 mm
Mengde: 125 gram


Fargen på halsen stemmer nok best med dette biletet.
Garnet er utruleg mjukt, så eg håpar den vert god for
vedkommande som får den til jul.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails