
lørdag 4. august 2007
Blått chilisjal

Strikka eit blått chilisjal på lørdagskveld. Det er kjekt med slike prosjekt som går raskt. ;)
Mest sannsynleg blir dette til ei svigerinne som er veldig glad i mørkeblå. Det nærmar seg bursdagen hennar, så då passar det jo fint.
Må berre finne ein ting til å supplere gåve med.
onsdag 1. august 2007
Eskimotøfler
Opalsokkar
Raggsokkar


Kjøpte meg billig raggsokkegarn på Sandnes Uldvarefabrikk for ei tid tilbake, så då må det bli ein del sokkar. Hadde meg eit raid kor eg strikka tre par. Eit par til paps i bursdagsgåve og to par til min kjære. Så då har han ein start til vinteren. Så får eg kome i gang med resten av garnet når vinteren nærmar seg. :)
mandag 23. juli 2007
Og svaret vart JA And the answer was "YES"
torsdag 12. juli 2007
Varme på toppen
onsdag 11. juli 2007
Spisebrikker
onsdag 28. mars 2007
Påskeliljer
mandag 26. mars 2007
Poncho til BB

Denne BB ponchoen er strikka i restegarn etter sokkane, altså Smart garn... Men trur du ikkje at eg slapp opp for brunt garn rett før eg var ferdig?!? Eg manglar litt til den siste omgangen og så manglar eg til fellinga.... Surt å måtte kjøpe eit heilt nytt nøste pga det.... Men, men.... Det får bli til helga, tenkjer eg....
Smarte sokkar
Veske med blomst
Ei veske eg strikka for lenge sidan , men som eg aldri har lagt ut då eg har vore usikker på pyntinga av den. Eg fann den att hin dagen og då kom eg plutseleg på kva eg kunne pynte den med.... :o)Viss eg ikkje hugsar heilt feil trur eg den er strikka i Eskimo, gulltråd og eit fluffy garn som eg trur er Vienna. Det er så lenge sidan at eg er litt usikker....
tirsdag 13. mars 2007
Hønsegården!
Tova veske og veskesmykke
søndag 11. mars 2007
Chilli skjerf
Smykkesett

Bursdagsgåve til ei veninne. Ho kom på besøk i går og eg hadde ein smule dårleg tid med å få laga dette settet, ei eske til å ha det i og eit kort. I tillegg har søstra hennar nettopp fått baby, så då måtte eg lage eit kort til gåva til dei og. Så....på 1 time og 20 minutt var eg ferdig. Då var det å springe i dusjen og så lage mat. :o) Men....eg rakk det....
Eg hadde eigentleg tenkt å lage det i grønt, men då eg skulle starte kl 18, oppdaga eg at eg ikkje hadde så mange grønne perler, men heldigvis er jenta svært glad i både brunt og grønt, så det ordna seg. :o)
torsdag 15. februar 2007
Raggsokkar
Sokkar til svogeren vår. Han hadde bursdag for ei lita stund sidan. Han var innom her ein dag og då spurde eg han om det var noko han trong som han kunne få til bursdagen. Han låg strak ut på sofaen vår og berre løfta foten i været. På raggsokken hans var det eit stort hol over tærne. Den eine sokken hadde han på vranga slik at ikkje holet skulle kome over stortåa.... :)Så....då var det berre til å ta fram strikkepinnane og garn og begynne å strikke. :)
torsdag 8. februar 2007
Varm jakke
Abonner på:
Innlegg (Atom)













