søndag 23. juni 2013

Blånissehue



 Mannen til ei av mine beste veninner gjennom 30 år sa til meg rett før jul at han ønska seg ei blånissehue. Då han sa det til meg andre gongen, svarte eg han at han fekk sei i frå til mor si så ho kunne strikke til han. Då fekk eg til svar: "Nei, eg ønsker meg det frå deg!"
Eg hadde planer om å strikke den til jul, men det rakk eg ikkje.
Forrige søndag var me inviterte til å feire 45 årsdagen hans, då dei er på ferie på sjølve dagen.
Då var det berre til å hive seg rundt og strikke blånissehue til han. :)
Dei reiser på båtferie snart og han har lova meg bilete av ein blånissekaptein. ;)

 Hua er strikka i Rauma Finull og pinnenr 7.
Det gjekk med 110 gram av kvar farge, så 220 gram til saman.
Den vart tove to gongar på 40 grader og ein gong på 60 grader.
No gler eg meg til å få bilete. :)

3 kommentarer:

LindaE sa...

He he, kjempekul! Blir sikkert eit syn- midt på sommaren:-)

malla-b sa...

Flott lue!

Solstjerne sa...

Kjekt at han endelig fekk lua han ønska seg. Eg er heilt impomnert av alle sokkanane du har strikka. ( ja lenge siden eg har vore innom bloggen din) Så utrolig fine alle sammen. Koser meg alltid når eg er innom bloggen din. Ønsker deg ein fin sommer.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails