



Eit vennepar av oss fekk ei lita tulle på sjølvaste kvinnedagen, 8.mars. Så då var det å ta pinnane fart og strikke. Eg har fortsatt som mål i år og ikkje kjøpe garn, så dette er og frå garnlageret mitt. Kjolen er strikka i str 1-2 år. ;)
Ei veninne av meg såg dei prinsessekronene eg har strikka tidlegare og ønska seg eit sjølv som ho kunne ha i skibakken og eit til kvar av niesene sine. Så då var me på garnbutikken og kjøpte garn. Eg strikka og eit par tøflar til ho, då ho tidlegare har hinta om at ho trong eit par tøflar i huset sitt. ;) Så no er ho klar for bakken og jentene klare for våren!
Desse to para med vottar er strikka til to nieser som vart 6 og 9 år i februar. Mjuke og gode vottar så eg håpar og trur dei vil varme godt no i vinterkulda. Det gjekk med ganske nøyaktig eit nøste Funny til dei to vottane. Det rosa tove er strikka av restegarn. Så det minkar sakte, men sikkert i garnlageret.
Ei niese hadde bursdag no i februar og ho elskar å leike med dukker. Så kva passar vel betre då enn dukkeklede? I februar var eg med på HV på HB og fekk bl.a. 3 nøster grønn Tove av Hege81. To av nøsta gjekk med til dette dukkesettet. Resten av garnet få du sjå seinare kva eg har brukt til. ;) Vottane vart litt store, men, men... Det blå garnet var ein rest frå ein tova barnekjole eg strikka for nokre år sidan.
Ei veninne av meg fekk ein liten son 25.januar. I den anledning har eg strikka ein babyjakke til han. Eg elskar dette mønsteret!! Synes knappane var utruleg herlege og, så eg må innrømme at eg har lyst på fleire av dei! Gler meg til å helse på den vesle guten og til å levere gåvene. Forresten...så er eg Torunnk på Ravelry for dei som vil vere min venn der inne. ;)

Forrige helg vart endeleg gensaren til min kjære mann ferdig. Hadde eg hatt nok garn hadde eg vore ferdig etter ei veke, men etter litt under ei veke var garnlageret mitt tomt for Alfa 8972, og ein jakt etter garn starta. Sandnes Uldvarefabrikk slutta å produsere garnet i oktober 2008, så det hjalp lite. Men... etter nokre søk på nettet kom det dalande eit nøste i posten frå Frk.Badegakk og eit frå Spøt-oline. Begge berre kjempeglade for å kunne hjelpe. Lisemor var så snill å søke litt på Ravelry for meg og fann der eit nøste hos Nagamori. Ettersom eg er medlem på Ravelry, men ikkje har vore den flittigaste brukaren opna Lisemor eit hav av nye muligheter for meg, så då var det inn å leite i håp om å få tak i eit enslig lite nøste til slik at eg kunne bli ferdig med gensaren. Og der fann eg AnetteK som gladeleg putta det eine nøste ho hadde i posten til meg. Så....no er altså gensaren ferdig og min kjære mann har allereie brukt den litt og. ;) TUSEN TAKK til alle som hjalp meg med å få gensaren ferdig!!! Det er det same mønsteret på baksida som på framsida. Kjapp og grei å strikke ettersom det var pinnenr. 6 og 7 mm.






Då har eg blitt ferdig med halsane i Hals- og skjerfalongen for oktober. Kjekke å strikke og veldig greie å ha på lager til ulike gåver. Eg er litt usikker på kva str desse er, men kanskje nokre andre har strikka dei og?
Då er eg ferdig med alle julegåvene untatt ei, men det er ei gåve eg skal lage til ei veninne. Deilig når nesten alle gåvene er innpakka og ligg klar. Skal kose meg med å lage pakkelappar og kanskje nokre julekort no fram mot jul.


I går kom mønsteret for oktober i Luer for huer på Uformelt. Og no er hua ferdig strikka. ;) Kjekt å vere raskt ferdig til ei forandring. Ei artig hue. Usikker på om den vert tatt i bruk sjølv eller om den havnar i pakkepapir...
Eg har mange nesten ferdige prosjekt liggande, men eg jobbar lange dagar for tida og er ganske trøtt når eg kjem heim. Så eg må innrømme at montering, strikking og blogging er ganske nedprioritert. Mykje å gjere på jobb, så eg gler meg mykje til eg skal ha ferie!! Berre 7 dagar igjen på jobb no, så skal eg ha to veker ferie,- DEILIG!! Kjenner at det trengs no!! Kan ta meg inn igjen litt då og ikkje vere redd for å sovne på veg til og frå jobb... Litt skummelt når eg har 40 minutt i bil kvar veg, møtet med autovernet trur eg vert ganske kort... Så...det blir deilig med litt ferie, men eg kosar meg på jobb og, så det blir rart å vere vekke i to veker. ;)







Denne babyjakken har vore ferdigstrikka ei stund, men det har vore så travelt med besøk av tantebarn og åleine på jobb i to veker at tida har ikkje akkurat strukket til. Fargane kjem ikkje tydeleg fram, grønnfargen er heilt annleis i virkeligheten. Jakken er no på veg til Hønefoss til ein nyfødd liten krabat.
I juni i huealongen på uformelt var englehuer eit av mønstra. Eg har strikka seks stykker :) Desse er kjekke å gi bort i barselgåver. Dei var ferdig 30.juni, men det har tatt litt tid å somle seg til å ta bilete og legge ut på nettet i dette fine veret.

Då har eg endeleg fått tatt bilete av og blogga junisjalet,- det var i grunn ferdig i starten av veka, men eg har ikkje fått tid til å ta bilete og blogga det enno. Lange dagar på jobb. Eg begynte på sjalet då mannen min og eg reiste på ei avslappingshelg til Voss forrige helg, og i det eg var i gong med sjalet og såg korleis det vart angra eg litt på at eg ikkje hadde tatt med eit fleirfarga garn, men, men... Det vart som det vart. ;) Eg tok eit detalj bilete av sjalet og, men det vart visst for mange MB til at resize2mail kunne ordne det... Klikk på biletet for å forstørre dei.
Sidan eg klarte å strikke maisjalet feil (eg strikka att og fram og det skulle strikkast rundt), har eg strikka eit nytt. Kjem garantert til å strikke fleire av desse! Eg har enno ikkje fått tak i sånn hjertenål til å ha på sjalet. Eg vart tipsa om at dei har på Mauds garn, men eg fann det ikkje på nettsida... Men...eg får leite litt til. ;)
I dag har eg fått montert mars-april sjalet

Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;)
Då er Mai-hua ferdig og eg er ajour med huealongen. Då er det berre mars/april sjalet i hals- og sjalalongen som må ferdigstillast. Eg var i grunn med i Sokker 2009 og, men sidan eg kun har strikka januarsokkane og dermed har februar, mars, april og mai igjen å strikke og juni er rett rundt hjørnet, kjenner eg at eg orkar ikkje å stresse med det. Så...dermed har eg meldt meg av den alongen og får heller hive meg på igjen til neste år. Det blir forhåpentlegvis eit år som er litt meir positivt enn dette har vore så langt. Men no smiler iallefall strikke- og heklemotivasjonen til meg igjen, så dette er kjekt. ;)
Snille, søte Tittei gav meg ei utsetjing på april og maihuene i huealongen, ettersom eg heng etter i alle alongane no. Dette er aprilhua. Kjapp og grei å strikke. Strikka den i gårkveld.
Eg heng litt etter i årets alongar pga ein del vonde ting som har skjedd i familien dette halvåret i tillegg til ein del jobbing. Så overskotet har latt vente på seg og motivasjonen har vore langt i frå på topp, men no begynner enkelte ting å kome litt på avstand og det er færre ting å måtte konsentrere seg om på ein gong... Så...kanskje eg er på veg tilbake i strikke-/hekleverda no? Det er lov å håpe...:) Dette sjalet strikka eg i gårkveld og er maisjalet i Hals og sjalalongen. Utruleg kjekt å strikke!! Dette vert det garantert fleire av! På mønsteret visast sjalet med ei sånn hjartenål i tre,- nokon som veit kor ein får tak i slike??
Mønster: Dette fekk me på mail av vertinna i alongen
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 8mm og heklenål nr 3,5mm
Brukt: 21gram
___________________________________
This is the Mayshawl in the neckwarmer and scarf along. I love it and will definitely knit more of these!
Dette paret er strikka i forsinka bursdagsgåve til ein svoger. Sokkeparet har vore ferdig i ein månad, men eg har ikkje somla meg til å feste trådar og kjøpe siste del av gåva. ;) Men, men...han skal få den så snart me møtast igjen. Brukt: 129gram
Pinnenr.: 3,5mm
______________________________
A pair of socks knitted for a brother-in-law for his Birthday. They have been done for a month, but I still haven't weaved in the threads and bought the last part of his gift, but...eventually I will get it done. ;)