På formiddag i dag har eg strikka eit par vottar. Kjapt og greit med pinnenr. 10. :) Eg starta med pinnenr 9, men innser at eg strikkar for stramt og måtte då i gang med # 10. Kjappe og fine vottar.Dei to siste vekene har vore travle, med feiring av min 6. 25 årsdag den 12.mars (vart 30 den 1.) og bryllupsfeiring til eine besteveninna mi den 19., med talar, album og biletframvisning frå våre 28 år som veninner, så tar ting litt tid. I går var det avslapping heile dagen, og i dag kosar eg meg med strikking og litt klesvask ++.
Det regnar ute og ladar visst opp til ein ein flom, så vi går våte tider i møte.
Mønster: Frå garnstudio
Garn: Drops Eskimo
Pinnenr: 10mm
Mengde: 118 gram
Eg mottok denne awarden frå Mona Kristin med bloggen Fjellbua. Tusen takk!! Til vanleg brukar eg ikkje å legge inn awardar lenger, men akkurat denne synes eg var så koseleg at eg vil vidaresende den.Liebster Blog ♥ award skal giast vidare til 5 bloggarar med mindre enn 100 følgere, på den måten kan fleire oppdage kor mange flotte bloggar som fins rundt omkring.
Dei eg vil gje den vidare til er:
Ei god veninne frå studietida som strikkar og heklar mykje fint og skriv utruleg godt. Mange fine bilete av både handlaga ting, dyra og elles dagleglivet.
Ei dame eg har fulgt med i fleire år no. Alltid like kjekt å vere innom bloggen hennar, hente inspirasjon og berre nyte alt det flotte ho tryllar fram.
Ein koseleg blogg å følge. Mykje flott handarbeid i lag med mange flotte loppisfunn.
Liv lagar utruleg mykje fint og tar mange fine bilete. Ein blogg eg ofte er innom og henter inspirasjon og berre nyt dei flotte tinga ho lagar.
Her er det mykje flott å finne. Ho tryllar fram dei vakraste tinga og det er mykje inspirasjon å hente. Eg finn stadigvekk ting som eg må putte på "to do"-lista mi.
Ei herleg dame med ein herleg blogg! Mange koselege innlegg om såvel strikkeprosjekt som om det daglege livet. Den herlege sonen og den gode mannen. Ein blir glad av å vere innom bloggen til Vibbedille.
TUSEN TAKK FOR ALLE KOSELEGE KOMMENTARAR PÅ MARIUS/MOODS GENSAREN I INNLEGGET UNDER!! SET UTRULEG STOR PRIS PÅ DET!!






























Skimter du fuglane oppe til venstre i bjørketreet? Dette biletet er tatt for ein time sidan ut altandøra. Synes himmelen var heilt fantastisk flott og måtte ta litt bilete. Må nok gå og finne meisebollane i kveld og henge dei ut,- høgt oppe så Sotus (katten) ikkje får tak i fuglane.




Det var ikkje enkelt å ta bilete i dag, men, men...prøver så godt eg kan. ;) Har strikka nok eit Swallowtail Lace Shawl, eg aner ikkje heilt kor dette skal enno og foreløpig hamnar det i gåveeska. Så får eg sjå. Det hadde snødd 15 cm i natt, så det var nydeleg utanfor. Siko og eg rusla oss ein tur i snøen rundt beitet, ganske tungt å gå i ubrøyta snø, men veldig kjekt. Eg har fått to lilla telys og noko lilla dekor steinar i julekalendaren, men har heilt gløymd å ta bilete. Legg ut bilete i morgon. ;)

________________________________
I adventskalendaren i går mottok eg eit nøste likt som det eg fekk den 2. I dag fekk eg eit mønster på ein hals til dette nydelege og mjuke garnet. I tillegg fekk eg ein flott maskemarkør som
Denne har vore ferdig lenge, men det tok litt tid før eg orka å sette i gong med montering... I dag er den gjort ferdig. Eg viser berre baksida, ettersom framsida er heilt lik, berre utan ansiktet. Synes desse er skikkeleg festlege og kjem nok til å strikke fleire framover. Eg har brukt litt ulike mønster. Buksa er strikka i str 4 år og i Sandnes Smart. Pinnenr: 3,5mm og det har gått med 280 gram med garn. Håpar barnet som skal få denne og synes den er like artig. ;)
________________________________________



