
Nok eit 198 yds of heaven. Har strikka nokre av desse no. Måtte ta nye bileter i dag (24.03.2011) då eg var på fjellet ein tur. ;) Strikka dette for ei god stund sidan, men har berre ikkje somla meg til å hente liggeunderlaga mine og blokke det i stova. Men...i går somla eg meg til slutt opp trappene å fekk henta dei. Så...no hamnar det i gåvekassen. Sjølve hovudmønsteret skal i utgangspunktet strikkast 2,5 gongar, eg synes sjalet vert litt kort då, så på dei andre har eg stort sett strikka 3,5 gongar. På dette har eg strikka det 4,5 gongar.Mønster: 198 yds of heaven (du finn link i ein av dei andre innlegga :) )
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 5mm
Mengde: 92 gram - 299,5 meter
Dette er mitt andre bidrag i 11 shawls in 2011 på Ravelry.
Eg vart litt bitt av brødbakebasillen min i går, så i dag har eg handla inn mykje forskjellig mjøl, så får me sjå kor tid eg vert lei... ;)
______________________________________
Another 198 yds of heaven. I do not know how many of these I have knitted, but I guess it is time to start on some other patterns. ;) The mainpattern is supposed to be repeated 2,5 times, but I do think they get a little too short. The other ones I have knitted I have repeated the pattern about 3,5 times, on this one I repeated it 4,5 times. It will be a part of my giftbox. ;)

På formiddag i dag har eg strikka eit par vottar. Kjapt og greit med pinnenr. 10. :) Eg starta med pinnenr 9, men innser at eg strikkar for stramt og måtte då i gang med # 10. Kjappe og fine vottar.
Eg mottok denne awarden frå Mona Kristin med bloggen 





























Skimter du fuglane oppe til venstre i bjørketreet? Dette biletet er tatt for ein time sidan ut altandøra. Synes himmelen var heilt fantastisk flott og måtte ta litt bilete. Må nok gå og finne meisebollane i kveld og henge dei ut,- høgt oppe så Sotus (katten) ikkje får tak i fuglane.




Det var ikkje enkelt å ta bilete i dag, men, men...prøver så godt eg kan. ;) Har strikka nok eit Swallowtail Lace Shawl, eg aner ikkje heilt kor dette skal enno og foreløpig hamnar det i gåveeska. Så får eg sjå. Det hadde snødd 15 cm i natt, så det var nydeleg utanfor. Siko og eg rusla oss ein tur i snøen rundt beitet, ganske tungt å gå i ubrøyta snø, men veldig kjekt. Eg har fått to lilla telys og noko lilla dekor steinar i julekalendaren, men har heilt gløymd å ta bilete. Legg ut bilete i morgon. ;)

________________________________
I adventskalendaren i går mottok eg eit nøste likt som det eg fekk den 2. I dag fekk eg eit mønster på ein hals til dette nydelege og mjuke garnet. I tillegg fekk eg ein flott maskemarkør som
Denne har vore ferdig lenge, men det tok litt tid før eg orka å sette i gong med montering... I dag er den gjort ferdig. Eg viser berre baksida, ettersom framsida er heilt lik, berre utan ansiktet. Synes desse er skikkeleg festlege og kjem nok til å strikke fleire framover. Eg har brukt litt ulike mønster. Buksa er strikka i str 4 år og i Sandnes Smart. Pinnenr: 3,5mm og det har gått med 280 gram med garn. Håpar barnet som skal få denne og synes den er like artig. ;)
________________________________________