Dette biletet er tatt på Isla Del Sol. Ein utruleg nydeleg plass! Sjøen som ligg der så fin og blå er Titicaca sjøen.
Utsikt over delar av La Paz.
Veninna mi jobbar på DNS (Den Norske Skulen) i Cochabamba og misjonen har ein fin ferieplass litt lenger ute på landet. Her er det eit lite basseng og mange flotte frukttre. ;)
Delar av eit fruktmarked nedi i byen ved politistasjonen.
Kristusstatuen sett frå politistasjonen.Eg har opplevd og sett utruleg mykje, samtidig som eg har fått slappa mykje av, nytt sola og det å vere langt vekke frå alt kjas og mas. Ein dag besøkte me ein barneheim og helste på barna der, ein annan dag var eg med på Barnas Dag der barn med bl.a. Downs syndrom hadde oppvisning av ein dans. Utruleg herlege ungar! Endå er det slik i Bolivia at desse barna vil ikkje foreldra vite av, slik at det er søsken, tanter/onklar eller besteforeldre som skriv dei inn på skulen (det er to skular i byen som har klassar for desse barna), eller tar dei med til lege eller sjukehus. Foreldra vil helst ikkje vise seg saman med dei. Barna var så skjønne! Mange som kom og spurde om ein kunne ta bilete osv. ;) Så herlege!
Eg har prøvd litt spennande mat som: Soupa de maní (peanøttsuppe), anticucho (kalvehjerte) og salteña.
Ein heilt fantastisk kjekk tur som anbefalast på det sterkaste!! :)
Ein heilt fantastisk kjekk tur som anbefalast på det sterkaste!! :)
Ha ein kjempefin dag alle saman og ein flott påske!








På formiddag i dag har eg strikka eit par vottar. Kjapt og greit med pinnenr. 10. :) Eg starta med pinnenr 9, men innser at eg strikkar for stramt og måtte då i gang med # 10. Kjappe og fine vottar.
Eg mottok denne awarden frå Mona Kristin med bloggen 





























Skimter du fuglane oppe til venstre i bjørketreet? Dette biletet er tatt for ein time sidan ut altandøra. Synes himmelen var heilt fantastisk flott og måtte ta litt bilete. Må nok gå og finne meisebollane i kveld og henge dei ut,- høgt oppe så Sotus (katten) ikkje får tak i fuglane.



