I går kveld kom me heim etter ei veke i Tyrkia med 35 grader, sol og varme. Ekstra kjekt var det då å kome innom her til så mange kommentarar til det forrige innlegget,- tusen takk alle saman! I løpet av nokre månadar no har eg kjøpt litt og litt julegåver og no er me ferdige, så og seie. Det gjenstår berre noko kosestrikk som skal gjennomførast i haust med telys og ein kopp te. I tillegg har eg den vanskelegaste gåva av dei alle att,- til min kjære mann. Men...kanskje eg får laga litt kort i år til ei forandring sidan julegåvene er ferdige. ;)
Tanta til mannen min spurde meg for ei tid tilbake om eg kunne strikke eit par pulsvarmarar for ho. Me fekk valgt ut mønster og desse skulle strikkast. Pga litt anna bestillingsstrikk i tillegg til alle Elf Clobber´s (to innlegg under) som skulle vere ferdig til ulike tidsfristar så tok det litt tid før eg fekk desse ferdige. Men 15.sept gjekk dei i posten. Sjølve lace delen, før avslutninga, strikka eg ti gongar i stadenfor åtte. Elles er dei strikka etter mønsteret.
Mønster: Bronte´s mitts (link til mønsteret finn du i ein av dei andre innlegga med desse pulsvarmarane)
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Garn: Baby Ull
Mengde: 32 gram
_________________________________
My husband´s aunt asked me a while ago if I could knit a pair of wristwarmers for her. We looked at patterns and these were the ones she wanted. I had a few orders before these, and also had a deadline on all the nine elf clobber´s I were knitting. So it took a little bit longer to finnish these off. But on Sept 15th they were mailed. I knitted the lacepart ten times instead of eight, other then that I did no mods.












Strikkekurven
G-Anette 










Dette biletet er tatt på Isla Del Sol. Ein utruleg nydeleg plass! Sjøen som ligg der så fin og blå er Titicaca sjøen.
Utsikt over delar av La Paz.
Veninna mi jobbar på DNS (Den Norske Skulen) i Cochabamba og misjonen har ein fin ferieplass litt lenger ute på landet. Her er det eit lite basseng og mange flotte frukttre. ;)
Delar av eit fruktmarked nedi i byen ved politistasjonen.
Kristusstatuen sett frå politistasjonen.







På formiddag i dag har eg strikka eit par vottar. Kjapt og greit med pinnenr. 10. :) Eg starta med pinnenr 9, men innser at eg strikkar for stramt og måtte då i gang med # 10. Kjappe og fine vottar.
Eg mottok denne awarden frå Mona Kristin med bloggen 