torsdag 8. november 2012

Kjøkkenklutar



Ein del av desse klutane vart strikka for ei god stund sidan,
men bloggmotivasjonen har ikkje akkurat vore tilstades.
På dette biletet skulle det vore tre klutar til,
men dei gav eg vekk på mandag som del av ei
innflytningsgåve og gløymde heilt å ta bilete på førehand.
Dei tre klutane var alle strikka i Paris,
ein lilla og to grå.
Dei blå meiner eg er strikka av eit nøste Mandarin Petit. ;)
Dei rosa er strikka av eit nøste Cotton 8,
og resten er strikka av Paris.


Til saman, inkl dei tre som ikkje er på biletet,
har det gått med 450 gram garn til desse.
Klutane i Paris har eg lagt opp 45masker på pinnenr 4,5mm.
På vrangsida: *1r, 1vr* ut omgangen.
På rettsida: Strikk alle maskene rette.
Gjentar desse to omg til nøstet er nesten tomt for garn,
men såpass mykje att at eg har nok til å felle av.

søndag 4. november 2012

"Ta vare på deg sjølv"-kurv


Dei siste vekene har det vore ein del tøffe tak her i heimen,
så det har blitt lite søvn og lite blogging.
Eg har strikka litt desse vekene, men det er ikkje alltid overskotet
har vore der, men litt skal eg forhåpentlegvis få lagt ut framover.

Ei god veninne av meg har hatt det litt tungt i det siste og eg fann
ut at jenta trong ei lita oppmuntring og, rett og slett, ei påminning
om å ta vare på seg sjølv.
Så i den anledning har eg laga ein "ta vare på deg sjølv"-kurv.
Så når ungane er komen i seng skal ho legge alt husarbeid til sides,
ta på seg varme, gode, tova tøflar, eit par varme pulsvarmarar,
tenne telys, drikke litt god kaffi, ete litt god sjokolade
(troika og kvikk lunsj mjølkesjokolade som er hennar favorittar)
og lese litt i KK eller Julegleder og kun pleie seg sjølv.


Tøflane ho fekk ser du på biletet over.
Dei er strikke i Drops Eskimo på pinnenr 7mm
og det gjekk med ca 171 gram.


Dette er pulsvarmarane ho fekk.
Dei er strikka i Inca Alpakka på pinnenr 3mm.
Det gjekk med 21 gram.
Mønsteret finn du her.

søndag 23. september 2012

Nøstebarndressen


Nok ein nydeleg solskinsdag. Den nytes i det fri.
Denne nøstebarndressen er strikka på bestilling for kusina mi.
Den er strikka i str 6-12mnd og i Merinolammeuld frå Nøstebarn.
Eg er veldig glad i treknappar og spesielt i desse hjarteknappane,
så eg var veldig glad då kusina mi ønska treknappar på dressen.
Denne går i posten i morgon, så håpar eg at ho vert fornøyd.
Beina er like lange, sjølv om det ikkje ser heilt
slik ut på alle bileta her. ;)
Ønskjer deg ein fin søndag.

lørdag 22. september 2012

8/52 Terpsikhore


Nok eit flott sokkemønster frå Bitta Mikkelborg.
Dette har kome ut i ei ebok i lag med mønsteret på 
Thalia, Polyhymnia og eit som heiter Evtherpe.
Terpsikhore var ei av dei ni muser i gresk mytologi.
Ho var dansens og musikkens muse.
Viss du klikker på biletet vert det større.
Eg ser at bileta vart litt mørke sidan det var litt seint på kvelden,
så eg trur nok eg skal ta nokre nye bilete i morgon å legge ut.
I dag har det vore strålande solskin så eg har kost meg i
hagen og på tur med hunden vår, Scott.
Det er utruleg deilig med nokre solskinsdagar etter alt regnet
som har vore.
På desse sokkane brukte eg DSA Sterk
pinnenr 3mm og det gjekk med 83 gram.

fredag 21. september 2012

Ny pyntepute


No er pynt i heimen endra og eg er klar for hausten.
I den anledning trong eg ei ny pyntepute i sofaen.
Denne vart ferdig i dag.
Eg las heile mønsteret litt seint, for i utgangspunktet ville
eg ha knappane på baksida, men, men...
det får bli på neste pute.
Knappane kjøpte eg hos Jannicke´s hjemmekos.
Mønsteret på puta er frå Drops.
Garnet er Drops Alaska
og pinnenr 6mm.
I dag er første dagen på lenge
at det faktisk er opplett heile dagen.
Det surkla godt under beina då eg tusla over
plenen for å plukke plommer i dag,
men det var godt med ein solskinsdag.
No skal eg mekke litt mat til det skal vere
Enjo party/demo her i heimen i kveld.
Ha ein flott fredagskveld alle saman!

søndag 16. september 2012

7/52 Yme på Hardangervidda


Bitta Mikkelborg designer dei mest fantastiske, flotte mønstra.
Dette mønsteret, Yme, som snart kjem ut trur eg er det finaste herremønsteret
eg har strikka. Flotte mønster på legg og fot, men og nedover helen. 
Gled dåke til det kjem ut!
Bileta er tatt på vakre Rauland der me har vore dei siste dagane.
Nydeleg ver, frisk fjelluft, flotte hausfargar og godt
å vere på ferie i lag med mann og hund. 
Sokkane er strikka i DSA Sterk.
Det gjekk med litt over to nøster.
Pinnenr 3mm

onsdag 12. september 2012

Bonderomantikk og min kjære bestefar


Fru Helianthus har meir enn ein gong etterlyst bilete av kunsten frå nyefjøsen vår, og her kjem dei omsider. :) Det er ei lokal jente som har måla desse bileta på veggane i nyefjøsen. Bileta du ser over har ho malt etter gamle bilete frå garden. Det største biletet har ho forlenga litt og fyllt på med ein grindagut, litt geiter og sauer osv. Ho er utruleg dyktig! Og me er svært glade for at me gjorde det vesle ekstra.
Viss du klikker på bileta vert dei større.


Denne vesle krabaten var ein av dei første som kom til verda i ny fjøs. Kyrne vart flytta inn og me starta å mjølke første gongen 23.juli 2011 i ny flott fjøs. Vel....dei første dagane var vel ikkje alt så veldig fryd og gammen. Meir enn ei ku ville ikkje inn i den nye mjølkestallen og det krov mykje tolmod og list og lempe for å få dei inn ein etter ein. Den eldre garde kom etterkvart med hentydningar om at "detta e heilt forferdeleg. Me må jaga dei ner att i gamle flor´n og mjelka dei dar!"


Men etter nokre dagar vart det meste berre kjekt og dei fleste kyrne kjem no frivillige til mjølkestallen og vil mjølkast. Det vil alltid vere ei og anna som synes det er særdeles godt å liggje på madrassa si og har liten lyst til å reise seg, men stort sett kjem dei av seg sjølve,- som denne linselusa over.


Dette er bestemora til mannen min rett nedforbi huset vårt.
Det er same kunstnaren som over som har måla dette og. Dette og det under stod ho på ein nabolåve heime hos seg sjølv og malte. Dei er ca 2x2 meter store. Dei fleste som kjem inn i fjøsen trur det er vanlege fotografi som er forstørra opp.


Dette er min bestefar som 16-17 åring i Husdalen der han hadde det meste av sin barndom.
Han har alltid hatt ein spesiell plass i livet mitt. Når eg står nede i mjølkestallen og kikkar inn i sjølve fjøsen fell augo mine rett på bestefar. Eg kan mang ein gong få ei lita tåre i augekroken, men mest av alt føler eg godhet og glede over å ha fått hatt ein slik god bestefar.
Eg minnes kortspel med han om søndagane då eg besøkte dei på Austevoll, og så snart bestemor sine veninner kom på besøk til henne måtte kortspelet ryddast vekk til fordel for yatzy eller ludo, for kortspel passa seg ikkje på ein søndag. Bestefar kjøpte den første ludoen til meg og sorga var stor då veninna mi hadde teikna i lokket på den.
Han tok meg med på turar både i skogen og på sjøen.
I sept 1994 vart bestefar operert for kreft og fekk slag under operasjonen. Legane meinte han berre kom til å leve nokre månadar til, men nokre dagar etter operasjonen kom min gode bestefar gåande mot meg då eg besøkte han på sjukehuset.
Han kunne ikkje prate, men bestefar kunne synge.
Dei budde i kjellaren hos foreldra mine. Bestefar og eg song "Mellom bakkar og berg", "Fager kveldsol smiler" og "Den fyrste song". Nydelege songar som har ein spesiell plass i mitt hjarte. Bestefar var med under 2.verdskrigen og sat i fangenskap i Tyskland. Då det var 50 år sidan frigjeringa gav eg han ei bok om krigen der namna på alle dei som var med stod oppførte og med kor dei var i fangenskap osv. Bestefar sitt namn står der og. Han fekk og ein rosebukett av meg og denne passa han godt på. Tusla ut på kjøkkenet og hadde vasen med rosene i i den friske handa si, fyllte på vatn og bar den tilbake på plassen sin.
For over 15 år sidan, 2,5 år etter operasjonen, eit halvt år før han fyllte 80 år, døde min bestefar. 
Eg kan fortsatt sitte med tårer i augo når eg minnes det, men mest tårer fordi at bestefar var så god.
Min kjære bestefar!

tirsdag 11. september 2012

6/52 Polyhymnia


Nok eit fantastisk nydeleg mønster designa av
Dette er ikkje gitt ut enno, men kjem
nok om ikkje så altfor lenge så gled dåke til det.
Eg angrar på at eg strikka leggen så kort
og kjem nok til å strikke eit eller to par til.
Eit med litt lenger legg og kanskje
eit som nesten er knesokkar,
for dette mønsteret er berre heilt utruleg nydeleg!
Eg har brukt Sterk frå DSA,
pinnenr 3mm og 76 gram garn.
Polyymnia har fått namn etter ein av
dei ni muser og var beskytterinne for hymnediktning
og mimisk kunst.

torsdag 6. september 2012

5/52 Yang´s


Eg har lenge hatt lyst til å strikke Yang´s,
som er nok eit flott sokkemønster designa av Bitta.
I utgangspunktet hadde eg tenkt å strikke dei i einsfarga garn,
men så såg eg at designeren sjølv hadde strikka dei i eit garn
som var litt melert. Eg må jo ærleg innrømme at eg i grunn
ikkje likar slikt melert garn som dette.
Det er greit med garn som har litt fargeendringar
som Sterk sitt eller dei små fargenyansane som det er i WM,
men sånn garn som dette likar eg i utgangspunktet ikkje.
Tru det eller ei eg synes faktisk mønsteret kom ganske så godt fram
i dette garnet og eg angrar på at eg ikkje strikka den midterste
delen av mønsteret utover tåa.
Garn: Trysil Garn Labbetuss Raggegarn
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 119gram

onsdag 5. september 2012

4/52 Surt


Dette er nok eit fantastisk mønster designa frå
Bitta Mikkelborg´s hand som eg har vore
så heldig å få lov til å teststrikke.
Eit par herresokkar som ho har gitt namnet Surt
etter jotnen Surt.
Det har tatt litt tid før eg har fått tatt ordentlege bilete
av dei då det jo skal klaffe med tidspunktet
både modellen og fotografen er tilgjengeleg på,
i tillegg til at det skal klaffe med lys- og verforhold.
I dag sneik me oss ut innimellom nokre regnbyger.
Eg har brukt pinnenr 2,5mm og strikka 20cm legg.
Garnet er Drops Fabel og det gjekk med
90 gram i str 44/45.

mandag 20. august 2012

3/52 Thalia


Eg har vore så utruleg heldig at eg nok ein gong
har fått teststrikka eit mønster for
Ho er ein fantastisk designer!
Har du ikkje strikka nokre av hennar mønster før
anbefaler eg deg verkeleg å gjere det.
Mønstra er utruleg flotte og svært godt forklarte.
Dette er eit nydeleg mønster på babysokkar.
Mønsteret kjem nok snart for salg.
Eg har brukt 37 gram DSA Sterk og pinnenr 3,5mm.

I går la min kjære mann, ei svigerinne, ei niese og eg
Dei siste dagane og nettene før hadde det regna
svært mykje så det var veldig sleipt og bløtt
over store delar av løypa.
Ettersom denne sommaren var noko
tørrare enn fjorårets, så hadde eg trudd at det var
blautare i fjor, men faktisk ikkje.
Me snakka med folk som hadde gått fleire år tidlegare
og dei sa at dette var det blautaste det hadde vore
på mange år. 
Men ein flott tur var det i godt selskap!

torsdag 16. august 2012

Fiori di Sole


No er eg komen heim igjen etter nokre flotte dagar
i lag med fantastisk flotte damer.
Desse vakre og flotte damene har det siste året
hatt utruleg stor betydning i livet mitt.


Me har strikka og brodert,
shoppa, nytt sommarveret,
sett på kunst, turar i skog og mark,
spelt tennis og prata til seine kvelden.


Ei av desse flotte damene vart
70 år i juni.
Og i den anledning har eg strikka Fiori di Sole til henne.
Eit nydeleg mønster.

Garn: Drops Lace, oliven
Pinnenr: 4mm
Mengde: 77 gram/ 616 meter


Eg strikka tre repetisjonar av chart E i stadenfor fem.
I utgangspunktet hadde eg tenkt å ta bilete ute,
men eg rakk det ikkje før det skulle overrekkast. :)

mandag 6. august 2012

Baby Converse #6


Nok eit par Baby Converse.
Synes desse er veldig kjekke å hekle og gi vekk i barselgåver.
Desse skal sendast i posten i morgon til
ei tidlegare kollega som fekk ei lita prinsesse
for nokre månadar sidan.
I dag er det sol og sommar
og no skal eg på jobb. ;)
Ønskjer alle ein strålande dag.

lørdag 4. august 2012

2/52 Merediths Spring


Nok eit mønster designa av Bitta Mikkelborg.
Dette er mitt andre av 52 par i 52 pair plunge på ravelry.
I dag har eg hatt kjempekoseleg besøk av ei veninne som
har hatt med seg to nieser på 3 og 5 år,
og ei veninne som har hatt med seg datra og son sin
på 4 og 2 år. Barna har kost seg med kvarandres selskap,
trampoline, god mat og besøk i fjøsen.
Stor stas når kalvane slikka på dei,
og stor stas med hunden Scott. ;)
Veninnene mine og eg har gått i same klasse frå 1.-9.
Ho som hadde med tantebarna har vore veninna mi
sidan me var 2 år gamle
og ho andre sidan me var 7.

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 68 gram

fredag 3. august 2012

Bellyphant


Det er mange babyar som blir fødde rundt omkring for tida
og eg prøvar å strikke noko som kan passe til den årstida dei gjerne
er rundt 6-12 eller 12-18mnd.
Denne vart strikka i 6-12 mnd av den enkle grunn
at eg synes det var finare med blomsten midt bak
enn berre elefantar rundt heile.
Eit vennepar er dagsventande og denne vert deira
så snart babyen er ute og me får tatt oss ein tur på besøk.
I helga skal den få ein runde i vaskemaskina,
dampast og syast på ein merkelapp så er den
klar til levering.

Garn: Dale Baby Ull
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 101 gram

torsdag 2. august 2012

Oslo Anorakk # 2


Veninna mi fekk ei jente og ein gut.
Her er Oslo anorakken til guten. 
Den er og strikka i Nepal på pinnenr 6mm.
Her gjekk det med 240 gram med garn.
Knappane er kjøpt på etsy.
Link til mønster finn du nokre innlegg under.
Veninna mi gjekk klassen over meg på jordbruksskulen
og me har alltid "krangla" litt om traktorar,
så sidan ho likar grøne fendtar,
må jo sonen få blåe New Holland knappar. ;)
Ønskjer alle ein fin dag i regn eller sol.
Her regnar det.

onsdag 1. august 2012

Julenisse i august


For snart to år sidan strikka eg ei slik Odessahue til ei nabo.
Ho vart svært glad i denne hua og bruka den mykje.
For nokre veker sidan kom ho og fortalte meg at ho hadde klart å miste
hua på ein buss og ho ønska seg mønsteret så ho kunne strikke seg ei ny.
Eg fann ut at eg kan jo liksågodt strikke ho ei ny,
og så er det forskot på årets julegåve.
Den forrige var strikka i Smart,
denne er strikka i Lima, medan det melerte er smart.


Pga mønsteret dannar det melerte ei fin stjerne på toppen.
Syns i grunn det gjer det vesle ekstra.


Det gjekk med til saman 61 gram garn
og hua vart strikka på pinnenr 3,5 og 4mm

tirsdag 31. juli 2012

Oslo Anorakk # 1


Min første Oslo Anorakk.
Ei veninne av meg fekk tvillingar i slutten av juni
og då fekk eg lyst til å strikke denne.
Oslo Anorakken går som ein farsott i strikkeverda om dagen. ;)
På søndag var me ute med båten på ei fin strand og eg fall heilt for
denne traspa stolen som stod der ute. 
Så bileta måtte jo bli tatt på den.
Synes knappane er ganske søte og.
Gler meg til å levere den og få helse på dei søte tvillingane.
Viss du klikker på biletet vert det større.
Litt vanskeleg å få fram den nydelege lillafargen, men...
Anorakken har vore gjennom vaskemaskina,
men eg har ikkje dampa den enno. ;)

Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 6mm
Mengde: 235 gram

mandag 30. juli 2012

1/52 Latvian Love


Mitt første par i 52 pair plunge på Ravelry.
Eg skal altså f.o.m 1.juli 2012 og t.o.m. 30.juni 2013
strikke 52 par sokkar. 
Trur eg kan seie med ein gong at det ikkje bli nådd,
men uansett artig å vere med. ;)
Eg fekk akkurat litt for lite av Delight og måtte avslutte den lysaste
sokken med lilla fabel.
Sokkane vart veldig ulike. ;)
Viss du klikker på biletet vert det større
Neste gong kjem eg til å strikke leggen lenger slik at eg
kan avslutte med spiss på mønsteret framme ved tåa.
Eg strikka og ein omgang med berre off white
før eg starta å felle til tå.
Dette er forresten og eit mønster designa av

Pinnenr: 2 og 2,5mm
Garn: Fabel og Delight
Mengde: 70 gram

onsdag 25. juli 2012

New Holland møter Marius og Moods


For ei tid tilbake vart eg tipsa på Facebook om å strikke ei slik pute.
Det tok litt tid før eg kom i gong med den, då eg har ein mann som veit veldig godt kva fargar det skal vere. Og det er ikkje kva som helst fargar som passar i lag med New Holland blå må vite...
 Eg viste mannen fleire forskjellige garn,
men fargane var feile uansett kva eg kom med.
Så til trass for at han meiner eg har litt for mykje garn på loftet,
så måtte me sette oss ned i lag ein kveld og bestille dei riktige fargane.
Link til mønster finn du her.
Traktorane er strikka vha Intarsia.


Innerputa er litt i største laget, så eg må justere litt.
Knappane er bestilt på ebay.


Her er puta plassert i sofaen på kontoret i nyefjøsen.
Den er strikka i Karisma og det gjekk med vel 280 gram.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails