
Då har eg strikka den eine mars hua i Luealongen på HB i dag. Artig hue å strikke. Den vert nok ei jule- eller bursdagsgåve til nokon, vil eg tru.
Denne var ferdig i midten på februar, men eg har ikkje somla meg til å feste knappar på den. Men no er den altså ferdig og ligg til blokking med knappane festa på. Mønsteret fekk me i Hals og skjerfalongen på HB i februar. Viss eg nokon gong strikkar denne igjen og i dette garnet bør eg nok strikke med pinnenr. 3 og ikkje 3,5.
Februar hua i Huealongen på HB er endeleg ferdig. Februar har vore ein slitsom månad med mykje tunge ting som har skjedd i familien, i tillegg til svært mykje jobbing og dårleg søvn...Det har igjen ført til at det har vore lite overskot og motivasjon til å strikke... Men...eg håpar likevel at hua mi kan bli godkjent for februar.
Litt lite blogging frå denne kanten, då det er litt mykje som skjer for tida... Denne babydressen vart strikka etter ønske frå ei veninne. Håpar Ingelina kan bruke den, Åse. Artig dress å strikke i ein nydeleg farge! Den er strikka i str 2 år. Knappane er forresten treknappar og ikkje kvite,- sola gav visst litt gjenskinn...
I går var me ein liten tur inne hos svigers. Svigerfar meinte at han trong ei hue. Han ville gjerne ha lik den som eg strikka til son hans, men den måtte vere slik at han kunne brette opp kanten. Vel...då var det berre til å strikke. Dei er ikkje heime i dag, men no ligg hua på kjøkkenbordet deira til dei kjem heim att.
Då har eg strikka ein Cobblestone til min kjære mann. Eg viste han eit bilete av gensaren og spurde om han hadde lyst på ein slik og det ville han, på ein betingelse at eg brukte garn frå garnlageret mitt. Så då vart det einaste alternativet Peer Gynt. Sidan eg strikka i dette garnet så har eg difor hatt maskeantall etter den største storleiken, men strikka lengden etter den nest minste. Han prøvde den på med ein gong eg var ferdig og den passar perfekt! Gler meg til å starte på litt mindre prosjekt no. ;) Klikk på bileta så vert dei større.


Ei veninne har bestilt eit sjal til sonen sin på 8mnd. Så då var det berre til å strikke. ;) Sender det i posten i morgon, Anette! Håpar Alfred kan bruke det.




Dette året ser ikkje ut til å bli eit unntak,- fleire babyar er på veg. Så då er det berre til å strikke. Eg synes desse huene er fine som barselgåver og gjerne i lag med eit par sokkar som passar til. 
Januar hua i huealongen på HB er strikka. Mønsteret er Let it snow. Kjapp og artig hue å strikke! Eg har nok lyst til å strikke denne fleire gongar, så gjenstår det å sjå om eg faktisk gjer det. ;) Ingen fotograf til stades då eg skulle ta bilete av hua, så ein bakebolle gjer susen. ;)

Då er sjalet for januar i Hals og skjerfalongen på HB ferdig. Deilig og mjukt sjal!! Eg har ikkje dampa sjalet enno, var så ivrig etter å legge det ut. ;) Mønsteret fekk me på mail frå vertinna. Gler meg til neste mønster! :)Garn: Sandnes Alpakka
Pinnenr.: 3,5mm
Mengde: 164gram
____________________
This is the January-scarf in the Neckwarmer and scarfalong. Looking forward to the February pattern! :)

Då er årets første sokkar ferdige i Sokker 2009. Januarmønsteret var Pi sokkar, der mønsteret var bygd opp av det matematiske teiknet pi. ;) Artig, sånn sett, men eg trur eg er metta av sokkar etter innspurten eg hadde i slutten av 2008, det og at det var striper gjorde nok sitt til at desse vart litt ork å strikke. Det hjalp nok sikkert ikkje på at eg var sjuk den første helga i året heller, men, men... No er eg glad det er ei stund til 1.februar og nytt mønster,- satsar på at sokkegleda er tilbake til dess. ;)
Sokkane er strikka i Sisu og pinnenr. 3mm. Det gjekk med 52g. ;)
__________________________________
The first sock pattern of the year, in the Sock along 2009, is Pi socks. The idea behind the pattern is fun, but I guess I'm kind of tired of knitting socks after all the socks I knitted at the end of year 2008. ;) Now I'm happy there are some weeks before February 1st and a new pattern so I might think it's fun to knit socks again. ;)
The socks are knitted in a wool, sockyarn, called Sisu. I used needle# 3mm and 52g of yarn.

Desse sokkane, Slippin' Stripin' Socks, er bonussokkane for august i Sokker 2008. Desse er strikka i Baby Ull frå Gjestdal. Artig mønster og kjapt å strikke. Blir nok liggande som ei gåve til ein nyfødd baby. Greit å ha noko liggande i desse baby boom tider. ;)