Mønster: Folded
Garn: Wollmeise 100% superwash,- farge pesto
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: 267 gram
_______________________________
Folded,- knitted for myself.
Så vart det nokre frå denne kanten og. :) Ikkje så lett å sjå fargane på desse, men dei er strikka i lilla Sandnes Alpakka og skjørtet i lys lilla lanett. På dette biletet ser det ut som om skjørtet er kvitt. Strevde litt med heklinga, inntil Mimouna tipsa meg om diagrammet, som eg heilt hadde glømt ut at fantes. ;) Tusen takk for hjelpa, Mimouna!
For nokre veker sidan starta Bittami med bloggen meisebo ein mysteriesokkalong på Hobbyboden. Bittami har laga det nydelege mønsteret og kvar mandag kom det eit nytt hint i innboksen på eposten min,- i alt fire gongar. Dei små bileta viser dei ulike hinta strikka. :) Då eg var ferdig med hint 3 i gårkveld (eg låg litt etter skjema med hint 3 og 4) så vart eg så ivrig på å starte med hint 4 at eg glømte å ta bilete av begge sokkane i lag. Derfor er det berre bilete av den eine sokken. ;) Her kan du sjå alle dei flotte sokkane som Bitta har designa. Ho er utruleg flink!! Eg kjem definitivt til å strikke fleire sokkar som er designa av ho.
Då min kjære svoger i Finnmark vart 40 år, laga eg ein gelèbil cabriolet til han, i juni vert han 50 og suksessen frå 10 år sidan må følgast opp. Kva passar vel betre enn ein selbustring til ein 50-årig finnmarking? :) Skulle gjerne vore fluge på veggen då han opnar denne. Satsar på at han vert nøgd og at både han, familie og venner kan få seg ein god latter. ;)
Under Ski VM i Oslo og skiskyttar VM deltok eg på mesterskapsstrikk, og eg fekk 3.plass på pallen!! :) For ei tid tilbake kom det pakke i posten frå Fjellrosa som arrangerte det heile. Tre nøster med Labbetussgarn. No når eg er blitt litt hekta på sokkar igjen må jo dette bli bra. ;)
Strikkekurven hadde ei trekning blant følgarane av bloggen sin for ei stund sidan, og eg vart den heldige vinnaren!!! :-) Då dukka dette opp i posten. Eit handlenett og ei bok med tilhøyrande blyant. Utruleg kjekt. Tusen, tusen takk!!!
G-Anette hadde sydd ei slik flott vimpelrekke og fann ut i etterkant at den kanskje ikkje passa heime hos ho. Ho hadde ei trekning i bloggen sin, og i dag dukka den opp i postkassen vår!!! :) I tillegg hadde ho lagt med nokre kjempesøte maskemarkørar!! Så gøy! Eg veit akkurat kor vimpelrekka skal henge hos oss. Tusen, tusen takk, G-Anette!
Denne vart ferdig seint i gårkveld og skal leverast i dag til ei veninne og mannen hennar som fekk sin førstefødde son i februar. Mønster er opprinneleg rullegenser frå Nøstebarnboka, men eg strikka riller på bolen, erma og i halsen i stadenfor vanleg glattstrikk.
Denne babyjakken er strikka til ein veterinærkollega som vart pappa igjen i mars,- og sidan barnet kom rundt lemmingssesongen, måtte jo knappane vere innanfor dette temaet. Synes desse knappane er ganske artige. Jakken har eg strikka fleire gongar før, men må innrømme at eg likar den best i to fargar og ikkje einsfarga. Kjem nok ikkje til å bli den siste eg strikkar, nei. ;)
Desse starta eg på før eg reiste til Bolivia, hekla kanten og broderte/hekla pynten no når eg kom heim igjen. No har dei hatt tre turar i vaskemaskina,- ein på 60 og to på 40 grader. Fekk hekla to ekstra blomstrar og som eg kan feste på noko anna seinare. Desse går i tøflekista i gangen som gjestar kan bruke når dei kjem på besøk.
Strikka desse før eg reiste til Bolivia, men tonnet med trådar som skulle festast vart ikkje gjort før i går kveld. Desse er skikkeleg restegarnsvottar, med miks av tove og finull. Har tenkt å strikke nokre slike vottar som kan ligge her i skuffene når niesene og nevøane våre kjem på besøk og manglar vottar. ;)
Desse huene strikka eg medan eg var i Bolivia, men har ikkje somla meg til å feste trådar og ta bilete før i dag. Det er nydeleg ver ute,- solsenga er tatt opp, vatn på plass og andre småprosjekt henta ut på terassen. Brøddeig står til heving og sola skal nytast.
Dette er mitt tredje bidrag til 11 shawls in 2011 på ravelry. Garnet og mønsteret fekk eg i PIF (Pay it Forward) gåve frå Umulie. Eit kjempespennande garn eg aldri har prøvd! Eg måtte jo strikke sjalet som ho hadde gitt meg mønster på,- og det vart svært!! No skal det seiast at eg strikka ei ekstra holrad til slutt for å få avslutta med rosa, men den eine holrada utgjorde ikkje så mykje. Eg brukte eit liggeunderlag, og det rakk ikkje på breidden og måtte dermed hente ned eit til. Dette blir varmt og godt til kalde haustkveldar på terassen, så eg kan tulle meg godt inn i det, eller i vinterkulda når eg kan surre det fleire gongar rundt halsen.Dersom dette høyrdes spennande ut skriv du ein kommentar i innlegget under,- dei tre første får ei overrasking i posten frå meg.
Dette biletet er tatt på Isla Del Sol. Ein utruleg nydeleg plass! Sjøen som ligg der så fin og blå er Titicaca sjøen.
Utsikt over delar av La Paz.
Veninna mi jobbar på DNS (Den Norske Skulen) i Cochabamba og misjonen har ein fin ferieplass litt lenger ute på landet. Her er det eit lite basseng og mange flotte frukttre. ;)
Delar av eit fruktmarked nedi i byen ved politistasjonen.
Kristusstatuen sett frå politistasjonen.
Då kan eg endeleg legge ut kjolen her. ;) Det er ei stund sidan eg starta på denne. Eg kjøpte garnet, som svigerinna mi betalte mesteparten av, starta å strikke og det gjekk ganske radig. Då eg var ferdig med skjørtet trong eg ein pause frå kjolen og strikka Plain and simple til meg sjølv.
Eit par pulsvarmarar som eg strikka ferdig i dag. Desse skal passe i lag med sjalet i innlegget under og går i gåveboksen. Eg synes dette mønsteret er utruleg fint, og det vert nok ikkje dei siste eg strikkar, men eg kjenner no at eg har lyst til å strikke nokre andre pulsvarmarar,- det er jo så mange fine mønster der ute. I kveld har eg starta på fleire tøflar.
I dag har eg vore ein tur på fjellet. Fekk ei lita snøbyge medan eg gjekk der, fekk tatt nye bilete av sjalet i innlegget under og litt bilete av naturen. Ikkje så lett å få tatt ordentleg klare bilete ettersom det snøa litt. Vel heime igjen har eg fått baka 7 brød(!!), strikka ferdig pulsvarmarane og laga ein enkel middag. No skal eg slappe av medan bonden er på møte i den nye gensaren sin. 
Nok eit 198 yds of heaven. Har strikka nokre av desse no. Måtte ta nye bileter i dag (24.03.2011) då eg var på fjellet ein tur. ;) Strikka dette for ei god stund sidan, men har berre ikkje somla meg til å hente liggeunderlaga mine og blokke det i stova. Men...i går somla eg meg til slutt opp trappene å fekk henta dei. Så...no hamnar det i gåvekassen. Sjølve hovudmønsteret skal i utgangspunktet strikkast 2,5 gongar, eg synes sjalet vert litt kort då, så på dei andre har eg stort sett strikka 3,5 gongar. På dette har eg strikka det 4,5 gongar.
Begynner å innsjå at ein del av dei tova tøflane er moden for utskifting. Me har ei gammal kiste i gangen med mange tova tøflar i, til meg sjølv og til gjester som frys på beina,- eit gammalt hus er golvkaldt. Så når eg ser at fleire og fleire begynner å få hol rundt omkring, så er det vel gjerne på tide med litt fornying. Til bursdagen min var eg så heldig å få eit par tøflar frå tre veninner som den eine hadde strikka,- dei kan du sjå her. Kjekt med eit nytt par i kista. Så...no er eg i gang med prosjekt tøflefornying. ;) Dette er første paret. Dei er strikka i eskimo, hekla kant på toppen og hekla pynt,- den vart litt utståande etter toving. Men...eskimo tova finare denne gongen enn det gjorde på dei forrige tøflane eg strikka. På dei forrige vart dei svært ulikt tova og den eine tøffelen måtte fleire gongar i maskina.
På formiddag i dag har eg strikka eit par vottar. Kjapt og greit med pinnenr. 10. :) Eg starta med pinnenr 9, men innser at eg strikkar for stramt og måtte då i gang med # 10. Kjappe og fine vottar.
Eg mottok denne awarden frå Mona Kristin med bloggen Fjellbua. Tusen takk!! Til vanleg brukar eg ikkje å legge inn awardar lenger, men akkurat denne synes eg var så koseleg at eg vil vidaresende den.