

Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;) 

Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;)
Då er Mai-hua ferdig og eg er ajour med huealongen. Då er det berre mars/april sjalet i hals- og sjalalongen som må ferdigstillast. Eg var i grunn med i Sokker 2009 og, men sidan eg kun har strikka januarsokkane og dermed har februar, mars, april og mai igjen å strikke og juni er rett rundt hjørnet, kjenner eg at eg orkar ikkje å stresse med det. Så...dermed har eg meldt meg av den alongen og får heller hive meg på igjen til neste år. Det blir forhåpentlegvis eit år som er litt meir positivt enn dette har vore så langt. Men no smiler iallefall strikke- og heklemotivasjonen til meg igjen, så dette er kjekt. ;)
Snille, søte Tittei gav meg ei utsetjing på april og maihuene i huealongen, ettersom eg heng etter i alle alongane no. Dette er aprilhua. Kjapp og grei å strikke. Strikka den i gårkveld.
Eg heng litt etter i årets alongar pga ein del vonde ting som har skjedd i familien dette halvåret i tillegg til ein del jobbing. Så overskotet har latt vente på seg og motivasjonen har vore langt i frå på topp, men no begynner enkelte ting å kome litt på avstand og det er færre ting å måtte konsentrere seg om på ein gong... Så...kanskje eg er på veg tilbake i strikke-/hekleverda no? Det er lov å håpe...:) Dette sjalet strikka eg i gårkveld og er maisjalet i Hals og sjalalongen. Utruleg kjekt å strikke!! Dette vert det garantert fleire av! På mønsteret visast sjalet med ei sånn hjartenål i tre,- nokon som veit kor ein får tak i slike??
Mønster: Dette fekk me på mail av vertinna i alongen
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 8mm og heklenål nr 3,5mm
Brukt: 21gram
___________________________________
This is the Mayshawl in the neckwarmer and scarf along. I love it and will definitely knit more of these!
Dette paret er strikka i forsinka bursdagsgåve til ein svoger. Sokkeparet har vore ferdig i ein månad, men eg har ikkje somla meg til å feste trådar og kjøpe siste del av gåva. ;) Men, men...han skal få den så snart me møtast igjen. Brukt: 129gram
Pinnenr.: 3,5mm
______________________________
A pair of socks knitted for a brother-in-law for his Birthday. They have been done for a month, but I still haven't weaved in the threads and bought the last part of his gift, but...eventually I will get it done. ;)
Denne var ferdig i midten på februar, men eg har ikkje somla meg til å feste knappar på den. Men no er den altså ferdig og ligg til blokking med knappane festa på. Mønsteret fekk me i Hals og skjerfalongen på HB i februar. Viss eg nokon gong strikkar denne igjen og i dette garnet bør eg nok strikke med pinnenr. 3 og ikkje 3,5.
Februar hua i Huealongen på HB er endeleg ferdig. Februar har vore ein slitsom månad med mykje tunge ting som har skjedd i familien, i tillegg til svært mykje jobbing og dårleg søvn...Det har igjen ført til at det har vore lite overskot og motivasjon til å strikke... Men...eg håpar likevel at hua mi kan bli godkjent for februar.
Litt lite blogging frå denne kanten, då det er litt mykje som skjer for tida... Denne babydressen vart strikka etter ønske frå ei veninne. Håpar Ingelina kan bruke den, Åse. Artig dress å strikke i ein nydeleg farge! Den er strikka i str 2 år. Knappane er forresten treknappar og ikkje kvite,- sola gav visst litt gjenskinn...
I går var me ein liten tur inne hos svigers. Svigerfar meinte at han trong ei hue. Han ville gjerne ha lik den som eg strikka til son hans, men den måtte vere slik at han kunne brette opp kanten. Vel...då var det berre til å strikke. Dei er ikkje heime i dag, men no ligg hua på kjøkkenbordet deira til dei kjem heim att.
Då har eg strikka ein Cobblestone til min kjære mann. Eg viste han eit bilete av gensaren og spurde om han hadde lyst på ein slik og det ville han, på ein betingelse at eg brukte garn frå garnlageret mitt. Så då vart det einaste alternativet Peer Gynt. Sidan eg strikka i dette garnet så har eg difor hatt maskeantall etter den største storleiken, men strikka lengden etter den nest minste. Han prøvde den på med ein gong eg var ferdig og den passar perfekt! Gler meg til å starte på litt mindre prosjekt no. ;) Klikk på bileta så vert dei større.


Ei veninne har bestilt eit sjal til sonen sin på 8mnd. Så då var det berre til å strikke. ;) Sender det i posten i morgon, Anette! Håpar Alfred kan bruke det.




Dette året ser ikkje ut til å bli eit unntak,- fleire babyar er på veg. Så då er det berre til å strikke. Eg synes desse huene er fine som barselgåver og gjerne i lag med eit par sokkar som passar til. 
Januar hua i huealongen på HB er strikka. Mønsteret er Let it snow. Kjapp og artig hue å strikke! Eg har nok lyst til å strikke denne fleire gongar, så gjenstår det å sjå om eg faktisk gjer det. ;) Ingen fotograf til stades då eg skulle ta bilete av hua, så ein bakebolle gjer susen. ;)

Då er sjalet for januar i Hals og skjerfalongen på HB ferdig. Deilig og mjukt sjal!! Eg har ikkje dampa sjalet enno, var så ivrig etter å legge det ut. ;) Mønsteret fekk me på mail frå vertinna. Gler meg til neste mønster! :)Garn: Sandnes Alpakka
Pinnenr.: 3,5mm
Mengde: 164gram
____________________
This is the January-scarf in the Neckwarmer and scarfalong. Looking forward to the February pattern! :)

Då er årets første sokkar ferdige i Sokker 2009. Januarmønsteret var Pi sokkar, der mønsteret var bygd opp av det matematiske teiknet pi. ;) Artig, sånn sett, men eg trur eg er metta av sokkar etter innspurten eg hadde i slutten av 2008, det og at det var striper gjorde nok sitt til at desse vart litt ork å strikke. Det hjalp nok sikkert ikkje på at eg var sjuk den første helga i året heller, men, men... No er eg glad det er ei stund til 1.februar og nytt mønster,- satsar på at sokkegleda er tilbake til dess. ;)
Sokkane er strikka i Sisu og pinnenr. 3mm. Det gjekk med 52g. ;)
__________________________________
The first sock pattern of the year, in the Sock along 2009, is Pi socks. The idea behind the pattern is fun, but I guess I'm kind of tired of knitting socks after all the socks I knitted at the end of year 2008. ;) Now I'm happy there are some weeks before February 1st and a new pattern so I might think it's fun to knit socks again. ;)
The socks are knitted in a wool, sockyarn, called Sisu. I used needle# 3mm and 52g of yarn.

Desse sokkane, Slippin' Stripin' Socks, er bonussokkane for august i Sokker 2008. Desse er strikka i Baby Ull frå Gjestdal. Artig mønster og kjapt å strikke. Blir nok liggande som ei gåve til ein nyfødd baby. Greit å ha noko liggande i desse baby boom tider. ;)
Då har eg strikka bonussokkane for mai som er Uzumaki sokkar. Raske og greie sokkar å strikke. Dette året har det vore ein skikkeleg baby boom og eg har stressa litt med alle babykleda, så no har eg bestemt meg for å strikke ein del baby- og barnesokkar slik at eg har liggande og har klart. ;)

I fjor på denne tida og i mars i år hekla eg CareBear bamsar på bestilling (sjå under CareBear i bloggmenyen). To nieser såg desse og fann då ut at sånne ville dei ha og. Dei fekk gå inn på pc'en min og velge ut kva mønster dei ville ha, fargar osv. og har sidan det mast om desse bamsane med jamne mellomrom. ;) Sjølvsagt ville dei ha bamsar som er heilt like. Sidan den eine har gebursdag i august og den andre i februar syntes eg det var litt dumt at den eine skulle få før den andre, så då var det greit å hekle dei no til jul. ;) 
Denne gensaren har lagt lenge umontert og eg har ikkje vore så veldig frista til å starte på monteringa, men i dag fekk eg endeleg gjort den ferdig. Den er strikka i str 10 år og Mandarin naturell. Gensaren skal ligge under juletreet hos ein nevø som er ein ihuga Brann fan med heile sitt hjarte i Brann. ;)
Revised swirl sokkar var bonussokkane for mars i Sokker 2008. Eg har strikka dei i Opal og pinnenr.2mm. Desse passar til ei lita jente.
___________________________
Revised swirl socks was the bonuspattern in March in the sock KAL Sokker 2008. These are knitted in Opal and needles# 2mm, and will fit a little girl.

Mønsteret for desember var Muscari socks. Desse er og strikka i Sisu og på pinnenr. 3mm. Synes dei vart ganske fine og eit flott mønster å strikke. Så då er eg ferdig med alle hovudsokkane i Sokker 2008, og eg er i full gang med bonussokkane. Januar, februar, september og oktober finn du under Sokker2008 i menyen. Marsbonussokkane er på pinnane og snart ferdige. ;) Kanskje eg rekk bonussokkane før året er omme?! Kven veit? ;)
____________________________________
The pattern for December in Sokker 2008 is Muscari socks. I love the pattern. Now I've finished all the main patterns in the Sock along and I'm trying to knit some of the bonus patterns. You can find January, February, September and October bonussocks under Sokker 2008 in my Blog menu. I'm almost done with the bonussocks for March. Maybe I will be able to knit all the bonussocks before 2008 is gone?! Who knows? ;)



Då har eg endeleg strikka novembersokkane i Sokker2008. Dei er strikka i Alfa på pinnenr.7, av den enkle grunn at eg ikkje hadde strømpepinnar nr.8. ;) Mønsteret er frå Garnstudio og de finn det her. Kjekt å endeleg strikke noko med tjukkare pinnenr. enn 2,5. ;)