torsdag 21. september 2006

Når kulden setter inn


Faktisk eit skjerf eg har strikka til meg sjølv. :)
Dette skal eg bruke i helga når eg skal på fjelltur.
Det er strikka i Vienna på pinnenr. 7.

Gnom along


I år er eg med på Gnom alongen på Hobbyboden. Dette garnet skal brukast til skjegget til gnomen.
To dagar etter at eg bestilte garnet frå Mavis låg det i postkassen min. Snakk om service!!
Så no ventar eg på at Panduro her hos meg skal få inn Nissegarn i kvitt og grått så eg kan begynne. Det raude ligg klart i kurven min.

BOOOOOOOOOOOOOOGA

Her er garnet eg har strikka Booga J veske av. Veska står no til tørk på badet, men eg trur eg må ha den ein tur til i maskina, før eg er heilt fornøyd. Så det blir ein ny runde på søndag. ;)

Decoupage


Desse nydelege serviettane dukka opp i postkassen min ein dag frå Elin 35 på Din Hobby. Kjempefine!!
Har allereie nokre idear oppi hovudet mitt om kva eg skal bruke dei til... :)

lørdag 2. september 2006

Pytt i panne


Dette pannebandet strikka eg ein tirsdagskveld medan eg fulgte med på CSI på fjernsynet.
Dette var ei gebursdagsgåve til ei veninne som hadde gebursdag på fredag.
Trur nok eg kjem til å strikke fleire av dette og fram til jul... ;)

Pannebandet er strikka i Alaska på pinnenr. 4,5
Og oppskrifta er henta frå www.garnstudio.no

ROSA for søte jenter.... :)


Med litt klipping og liming fekk eg veska og sjalet inn på same biletet. Dette var eit sett eg laga til ei veninne. Det rosa sjalet er strikka i eit garn liknande Mohair (hugsar ikkje heilt kva det heiter), og veska i ein tråd med det same garnet som sjalet og to trådar med rosa Tove garn. Veska er pynta med perler etter toving.

Til vinterkulden


Desse skjerfa er utruleg greie å strikke + at folk er veldig fornøyd med dei, så det har blitt ein del slike.
Dette strikka eg til ei veninne for ei tid tilbake. Ho var veldig fornøyd med det og ville gjerne ha fleire i andre fargar. Resultatet av det kjem over. :)

Dette sjalet er strikka i Kitten Mohair på pinne nr. 15. Sjølv om det går raskt er det likevel tungvindt å strikke med så tjukke pinnar. :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails