lørdag 29. desember 2007

Carebear

Denne er hekla på bestilling. Mykje arbeid, men utruleg kjekt å sjå at bamsen tar form. Spennande! :)


Rosa hals


Denne halsen er strikka på bestilling. Håpar den held mottakaren varm resten av denne vinteren. Halsen er strikka i Merino Lamull frå Askeladen og kanten rundt er hekla i Sandnes Alpakka.

Litt forskjellig :)





Sokkane er strikka på bestilling til jul og vart "i kampens hete" kappa litt då eg skulle forminske biletet... Jaja, ein sokk er ein sokk. :) Som forrige sokkepar eg strikka har eg nok ein gong prøvd meg på eit gammalt bestemor triks og strikka inn ein sytråd i hel og tå. Før har eg jo alltid strikka inn ein ekstra tråd, men no tenkte eg eg skulle prøve noko nytt. Dei gamle bestemødrene må vel vite kva dei snakkar om.. :)

Isskrapene låg under juletreet hos nokre veninner i år. Foreløpig ser det ikkje ut til at det er bruk for dei her på Vestlandet, men kanskje i 2008..?!?

søndag 16. desember 2007

Klestativ

Då har min kjære mekka eit klestativ til niesa vår på 4. Me har begge bidratt med maling og pensel. Så var det å henge nokre dukkekle på, og så får me håpe at veslejenta vert fornøyd til jul :)

Sett til Baby Born


Eit sett eg hekla til niesa mi ei helg i oktober då eg var på besøk hos ei veninne. Eg har slete litt med å få tak i perler, men når eg no endeleg fann nokre eg ville bruke, vart det ferdig. :)

Endå fleire isskrapevottar

Då har eg fått unna nokre til. Dei to til herre er strikka på bestilling. Håpar dei kan varme nokre i vinterkulden. :)

lørdag 8. desember 2007

Fletter


Dette settet er strikka dukkar snart opp i posten hos ei veldig god veninne. ;)
Det er strikka i Alfa frå Sandnes.

New Holland


Litt dårleg bilete dette, men, men... Min kjære, som jo er bonde, er jo sjølvsagt hekta på traktorar.. Favoritten er New Holland. I den anledning har eg malt to krus med NH merket på, desse skal han få i adventskalendaren den 13. og 14. :)

tirsdag 4. desember 2007

Adventskalendar


Denne adventskalendaren laga eg eigentleg for tre år sidan til min kjære. ;)
No har den kome fram igjen og eg tenkte eg skulle sy ein til meg sjølv og, berre i andre fargar. Men symaskina mi hadde visst ikkje tenkt det same.. Og det i år når min kjære endeleg har adventspakkar til meg, og til og med til kvar einaste dag i advent!!! Men...pakkane ligg trygt bevart i eit skap og eg får meg ein kvar dag sjølv om eg ikkje har kalendar. Det får heller bli eit prosjekt til 1. desember 2008. ;)

Endå fleire isskrapevottar
















Fleire isskrapevottar er strikka. Manglar nokre isskraper, så alle er ikkje monterte enno. :)
Den brune er strikka til min kjære som han skal få i adventskalendaren sin ein dag.

Restetøflar og firkanta




Tøflane til venstre er strikka av restegarn. Dei er eit sammensurium av Østlandsgarn, Topp Ull og Eskimo. :) Firkanttøflane er strikka i Topp Ull.

Meir sokkar

Denne gongen har eg strikka eit par i Tresko garn til min kjære. Han skal få desse i adventskalendaren på torsdag. :)
Dei mønstrete sokkane er strikka i Fagstrikk frå Rauma og er ein del av ei julegåve til mamma'en min.

tirsdag 20. november 2007

Isskrapevottar



Då legg eg ut desse sjølv om ikkje alle er monterte. Alle bursdagsjentene som har fått til no er svært fornøyde, så eg kjem nok til å lage ein del fleire. Og så vert det nok laga ein del av desse til neste års julemesse, tenkjer eg.

Dersom du er innom her og gjerne kunne tenkje deg slike er det berre å legge inn ei bestilling, så strikker eg gjerne. :)
Dei kan og sjølvsagt lagast utan pelsgarn slik at dei passar til ein mann. :)

Julenissefat


Dei siste åra har eg malt 12 raudvinsglas og 4 telysestakar til søstra og svogeren min med dette nissemotivet. I år ville dei gjerne ha fat som dei kan ha julekaker på. Så her er resultatet.

Smart hue og hals

Dette settet er strikka i dobbelt smartgarn, så det skal nok varme godt gjennom ein kald vinter. :)

Hue og hals

Eit rosa sett strikka i Sandnes Alpakka. Kjempedeilig garn!!
Jjjjjjjjooooooooosa er vel fortsatt tingen blandt småjenter. :)

Nok eit jetpinnesjal

Nok eit sjal hekla med jetpinne. Dette er hekla i Valeria di Roma.
Ok garn, men ikkje så veldig samarbeidsvillig viss eg måtte rekke opp att...

Fagstrikk sokkar


Desse sokkane er strikka i Fagstrikk frå Rauma. Dei er strikka i str. 10-12 år.
Eit kjempegreit garn å strikke med.

onsdag 7. november 2007

Varme til ein svoger

Desse seks para med raggsokkar er strikka på bestilling til ein svoger. Sokkane er strikka på pinnenr. 3,5, med 20 cm vrangbord og forsterkningstråd i tå og hel. Håpar han vert fornøyd. :)

Sokkane er like store, sjølv om det ikkje ser slik ut her... :)

OnLine sokkar

Eg fekk dette flotte garnet i HV-gåve i juni (sjå lenger nede på sida).
No har eg endeleg strikka ferdig sokkane. Dei er strikka på pinnenr. 2,5. Eg er jammen glad eg har 30 cm rundpinnar. :)
Eg er enno usikker på kven eg skal gje desse til, eller om eg kanskje skal ha dei sjølv...

Sokkane er like store, sjølv om det ikkje ser slik ut her.. :)

Lommetøflar



Då har eg og strikka lommetøflar. :) Desse er strikka i Mor Åse garn og blomsten i Smart. Trur nok det vert fleire av desse, men må nok justere maskeantall og pinnestr litt, for desse passa ikkje til mine bein... Godt eg har nokre vener med små bein. :)

tirsdag 6. november 2007

Kjørepose

Ein kjørepose eg strikka til eit vennepar som fekk ein son i slutten av september. Dressen er strikka med opning til sikkerhetsselen. Den er strikka i Smart og str. 12/18 månadar.
Eg har brukt tre ulike mønster pluss litt idear frå eige hovud og slik vart den. :) Angrar litt på at eg ikkje hadde litt meir blått nedst før eg begynte på mønsteret der nede. Men, men... eg såg det først ordentleg då eg skulle montere,- må ærleg innrømme at eg ikkje gadd rekke opp att då... :)

Jetpinnesjal i krem

Eit nytt jetpinnesjal. Dette er strikka i kremfarga Kitten Mohair.
Det er utruleg kjekt å hekle med eit slikt mønster.
Sjalet vert nok ein del av ei bursdagsgåve til ei svigerinne. :)

Isskrapevott


Ein isskrapevott eg gav til søstra mi då eg var i Kirkenes no. Strikka i Østlandsgarn og Chili. Reknar med ho vil få bruk for den oppe i nord. :)

Svart hue




Ei hue strikka i Peer Gynt garn. Dette vert vel og muligens ein julepresang. :) Eg har i grunn ein del ting akkurat no som eg ikkje heilt veit kor skal finne vegen sånn etterkvart... :)

onsdag 31. oktober 2007

Pulsvarmarar


Pulsvarmarar i ei bursdagsgåve. Håpar dei varmar når den kalde vinteren kjem etterkvart.
Strikka i Drops Alpakka.

Limegrønne hjerter


Limegrønn hjertegensar til jul. Strikka i Alfa og Chili.
Den har vore ferdig ei god stund, men med all pendlinga tar det litt tid før ting vert montert. :)

Firkanttøflar




Firkanttøflar strikka i austlandsgarn. Varme og gode, så får eg sjå etterkvart kven som ender opp med desse. ;)

søndag 9. september 2007

Raudt smykke


I går skulle me i besøk til eit vennepar. Det var to veker sidan kona i heimen hadde hatt bursdag og brått gjekk det opp for meg at ho ikkje hadde fått bursdagsgåve frå oss... Så då var det til å mekke eit kort og ei eske til å ha eit smykke oppi. Deretter måtte eg dra fram perlene og prøve å sette saman noko... Så dette var det det vart. Heldigvis vart ho strålande fornøyd med smykket!! :) Og ingenting er vel betre enn det... :)
Klikk på biletet så vert det større. :)

Jetpinnehekling


Ei bursdagsgåve til ei veninne. Sjal hekla med jetpinne. Kjempeartig å prøve dette! Kanskje det blir fleire sjal?!? Kven veit...

søndag 2. september 2007

Babytøfler


Desse babytøflene er strikka i Alpakka frå Sandnes garn. Eg har teststrikka eit mønster for Lilleduck på HB.
Kjempeflott mønster! Eg kjem garantert til å strikke fleire av desse!!

Juvel sokkar



Sokkar strikka i grønn Juvel. Mønsteret er henta frå Garnstudio sine sider. Grønnfargen er mykje sterkare i verkelegheita.

Dette skal bli bursdagsgåve til ei veninne. ;)

To sjal til




To nye sjal, lik det svarte lenger nede på sida. Begge er strikka på ferie, men eg har liksom aldri kome i gang med å hekle kanten rundt og feste frynsene. Det somla eg meg omsider til i går. :)

Det grøne sjalet er strikka i Kitten Mohair, Chili og Pt Pandora.
Det rosa er strikka i Kitten Mohair, Chili og Mega. Det grøne sjalet vert nok julepresang. Litt usikker på kor det rosa skal havne enno...

Blåmelerte gensrar



Desse gensrane er strikka til nevøane våre i Finnmark. Dei er strikka i blåmelert Mandarin Fiesta. Dette garnet har gått ut, så det vart litt strev å få tak i det. ;)
Då me var på ferie på Sørlandet kjørte me innom Sandnes Uldvarefabrikk på vegen, men dei hadde jo sjølvsagt ikkje. Så då ringte eg heim til Garnstuen i Åsane og dei hadde mange nøster igjen som dei la av til meg. Heldigvis!!!
Har lagt ved eit nærbilete så ein får sjå mønsteret litt betre. For på oversiktsbilete, ser mønsteret noko rart ut. Det er mykje finare i verkelegheita. ;)

Kle til BB



Endeleg har eg fått montert desse. Det heile starta med at eg skulle strikke ponchoen av restegarn (Smart sokkar, som du ser lenger nede på sida), men så gjekk eg tom for garn heilt på slutten av ponchoen (sjå eit anna bilete lenger nede på sida). Så...då endte eg opp med å kjøpe meir garn og resultatet vart då ein kjole i tillegg. ;)

Eg innser no at eg bør kjøpe meg ei BB så eg kan få prøvd alle kleda undervegs og etterpå, litt kjedeleg dersom dei er for store eller for små. ;)

lørdag 4. august 2007

Hjertegensar


Denne gensaren er strikka i Chili og Alfa. Det skulle eigentleg vere eit hjerte på kvar arm og, men eg følte det vart litt voldsomt og droppa difor det. Gensaren er julepresang til ei niese. Den er strikka i storleik 10 år. Det er godt å få nokre av dei større prosjekta til jul tidleg ferdig.

Tova tøflar


Tova tøflar strikka i restegarn. Dette var eit forsøk på å strikke opp dei nøstene eg hadde med Iglo garn frå Europris. Er litt lei av det garnet etter å ha strikka ein del tøflar, så då er det greit å strikke det opp. :)

Svart effektsjal



Sjalet er strikka i chili, kitten mohair og mega. Spennande effekt som kjem dårleg fram på desse bileta.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails