lørdag 31. oktober 2009

Hals/ Neckwarmers

Då har eg blitt ferdig med halsane i Hals- og skjerfalongen for oktober. Kjekke å strikke og veldig greie å ha på lager til ulike gåver. Eg er litt usikker på kva str desse er, men kanskje nokre andre har strikka dei og?
Mønster: Felisihals
Garn: Baby Ull
Mengde: 107 gram
Pinnenr: 2,5mm
_____________________________
These neckwarmers were the pattern in the along in October. Nice to have in my storage and save them for a Christmas -/ Birthdaypresent or for a Baby Shower.

tirsdag 27. oktober 2009

Gensrar og huer/ Sweaters and hats

Då er eg ferdig med alle julegåvene untatt ei, men det er ei gåve eg skal lage til ei veninne. Deilig når nesten alle gåvene er innpakka og ligg klar. Skal kose meg med å lage pakkelappar og kanskje nokre julekort no fram mot jul.
Eg kjøpte ein del julegåver no når me var i Tyrkia og kjøpte dei siste i forrige veke. No var det siste som skulle strikkast ferdig. Det vart ikkje så mange strikka gåver i år, ein del kunne eg plukka frå eit ferdig lager. Herleg! :)
Desse gensrane er strikka i str 4 og 6 år. Huene i 2-4 og 6-8 år. Greit å få brukt opp litt meir garn frå garnlageret, sjølv om det foreløpig ikkje ser ut til at det minkar eit einaste gram...
Mønster: Sandnes 0405 Barn/Voksne
Garn: Mandarin Fiesta
Pinnenr.: 4 og 4,5mm
Mengde: 587 gram
___________________________________
I'm done with all the Christmas presents except one. These sweaters are knitted in size 4 and 6 yrs. And the hats are size 2-4 and 6-8 yrs.

onsdag 21. oktober 2009

Flettejakke


Då har eg strikka denne nydelege flettejakken til søstra mi. Ho har bursdag i slutten av desember, men fekk den no. For ei tid tilbake hadde eg kjøpt dette mønsterheftet og tenkte eg skulle strikke ei slik ei i brunt til meg sjølv, søstra mi likte den og. Eg tilbydde meg å strikke den på den betingelsen at eg måtte bruke garn frå garnlageret mitt. Eg måtte ut å kjøpe 5 nøster med garn, men elles kom alt frå garnlageret. Men...det verste av alt er at det fortsatt ikkje viser at det minkar... :( Dette kjem til å ta tid...
Eg har gjort litt endringar i mønsteret, då søstra mi ikkje ønska hette og ikkje desse "klumpane" på erma. Klikk på bileta så ser du mønsteret ordentleg.
Garn: Alfa
Pinnenr: 7mm
Mengde: 1200gram
_______________________________________
I just love this jacket!! I have knitted it for one of my sister's Birthday in December. I'm planning to knit one for myself to, but mine will be brown. My sister saw the pattern and told me that she would like one, and I told her that I could knit one, but I had to use yarn from my own storage. Even though I've used 1,2 kg's from my storage, it doesn't show at all... :(
Click on the pictures to enlarge them.

fredag 2. oktober 2009

Boblehue/ Bubble Hat


I går kom mønsteret for oktober i Luer for huer på Uformelt. Og no er hua ferdig strikka. ;) Kjekt å vere raskt ferdig til ei forandring. Ei artig hue. Usikker på om den vert tatt i bruk sjølv eller om den havnar i pakkepapir...
Viss du kikker godt etter skimter du ein øyredobb i øyret mitt. Eg tok hol i øyrene i 7.klasse, men ein periode brukte eg ikkje øyredobbar og det eine holet grodde att. På laurdag var eg hos frisøren og fekk ho til å skyte opp holet mitt igjen, så det er kjekt og endeleg kunne bruke alle dei flotte øyredobbane eg har fått av veninner den siste tida.
Det blir deilig med ei avslappingshelg denne helga. Håpar på å få sydd ferdig ein del av gardinene på klinikken, og kjøpe dei siste metrane med stoff ein gong i neste veke, slik at eg vert ferdig med alle gardinene.
Elles er det Landbruksdagar på Austrheim (nabokommunen) i morgon. Bonden sjølv skal muligens bortover med traktor og tankvogn, så eg får sjå om eg tar meg ein tur sjølv og. Er veret bra kan det vere det fristar..
Mønster: Boblehuen
Garn: Smart
Pinnenr: 4,5mm
Mengde: 68gram
Ønskjer dåke alle ei kjempeflott og velsigna helg!!
______________________________
The pattern for October in the Hat along is called Bubble Hat. I'm not quite sure yet wether I'm going to keep it or not. But it's great to finnish it at the very beginning of the month! :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails