tirsdag 24. mai 2011

Alvepulsvarmarar

Så vart det nokre frå denne kanten og. :) Ikkje så lett å sjå fargane på desse, men dei er strikka i lilla Sandnes Alpakka og skjørtet i lys lilla lanett. På dette biletet ser det ut som om skjørtet er kvitt. Strevde litt med heklinga, inntil Mimouna tipsa meg om diagrammet, som eg heilt hadde glømt ut at fantes. ;) Tusen takk for hjelpa, Mimouna!
Mine er strikka med pinnenr 4 på sjølve pulsvarmaren, 3,5mm på skjørtet og heklekrok 4mm. Til saman veg dei 30 gram. Det vert garantert ikkje dei siste. Innser at eg har nok av den lilla Alpakkaen til å strikke eit par til som kan vere litt lengre og. Og garn til fleire er funnen fram.

søndag 22. mai 2011

Luxury - because you're worth it

For nokre veker sidan starta Bittami med bloggen meisebo ein mysteriesokkalong på Hobbyboden. Bittami har laga det nydelege mønsteret og kvar mandag kom det eit nytt hint i innboksen på eposten min,- i alt fire gongar. Dei små bileta viser dei ulike hinta strikka. :) Då eg var ferdig med hint 3 i gårkveld (eg låg litt etter skjema med hint 3 og 4) så vart eg så ivrig på å starte med hint 4 at eg glømte å ta bilete av begge sokkane i lag. Derfor er det berre bilete av den eine sokken. ;) Her kan du sjå alle dei flotte sokkane som Bitta har designa. Ho er utruleg flink!! Eg kjem definitivt til å strikke fleire sokkar som er designa av ho.
Beate døypte sine sokkar til "Luxury - Because I'm worth it". Eg synes det passa utruleg flott til desse sokkane, men har døypt mine "Luxury - Because you're worth it". Eg håpar det er greit at eg hermer, Beate?
Dette er mitt første prosjekt med Wollmeise, og det vert garantert ikkje det siste!! Kjempedeilig!
Ser forresten at eg gløymde å ta bilete av baksida av sokkane... På baksida av leggen er det eit flettemønster.

Mønster: Mysteriesokk frå Bittami (ikkje publisert enno, og har heller ikkje fått namn).
Garn: Wollmeise 80/20 Twin i fargen Petit Poison nr 5 dark
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 86 gram
__________________________________
My mystery socks are done! These are designed by Bitta Mikkelborg.

fredag 20. mai 2011

Min varme, gode alpakkagenser/ My warm and cozy alpaca sweater





For nokre år sidan då Fru Helianthus annuus og ei felles veninne av oss var på besøk, strikka Fru Helianthus på denne gensaren. Eg bestemte meg for at denne skal eg og strikke,- men jammen meg tok det nokre år før eg handla garn (januar 2011) og nokre ekstra månadar før eg starta.


Eg starta på denne på kvelden den 24. april og strikka på den ei lita veke før eg vart ganske lei av den og måtte ta ein pause. Starta igjen i gårkveld og i dag vart eg ferdig med den. Varm og god! Men...føler meg litt inspirert av Bolivia oppholdet mtp mønsteret og så er den jo strikka i deilig alpakkagarn. Eg håpar det er lenge til eg treng å bruke den, men eg gler meg til å ta den i bruk! Litt mørke bilete, men det høljeregner og bles ute, så...

Gensaren er strikka i S, auka ut til M oppe, for så å felle inn igjen til S. Eg har og fellt av med lys brun i halsen.


Mønster: Frå Drops

Garn: Dobbel Drops Alpakka

Pinnenr: 4 og 5mm

Mengde: 494 gram

___________________________________

I like this sweater and feel a little bit inspired by my visit to Bolivia. ;) Hopefully, I won't have to wear it in a while.

torsdag 19. mai 2011

Selbustring # 2 :-)

Då min kjære svoger i Finnmark vart 40 år, laga eg ein gelèbil cabriolet til han, i juni vert han 50 og suksessen frå 10 år sidan må følgast opp. Kva passar vel betre enn ein selbustring til ein 50-årig finnmarking? :) Skulle gjerne vore fluge på veggen då han opnar denne. Satsar på at han vert nøgd og at både han, familie og venner kan få seg ein god latter. ;)
Den forrige selbustringen eg strikka kan du sjå her. Den eg strikka no er strikka i Lanett og vart påbegynt på 17.mai. Pinnenr 3mm og den nette vekt av 55gram. Mønsteret kjøpte eg ein gong i tida av Pixeline.



Under Ski VM i Oslo og skiskyttar VM deltok eg på mesterskapsstrikk, og eg fekk 3.plass på pallen!! :) For ei tid tilbake kom det pakke i posten frå Fjellrosa som arrangerte det heile. Tre nøster med Labbetussgarn. No når eg er blitt litt hekta på sokkar igjen må jo dette bli bra. ;)
Tusen, tusen takk!!

Strikkekurven hadde ei trekning blant følgarane av bloggen sin for ei stund sidan, og eg vart den heldige vinnaren!!! :-) Då dukka dette opp i posten. Eit handlenett og ei bok med tilhøyrande blyant. Utruleg kjekt. Tusen, tusen takk!!!




G-Anette hadde sydd ei slik flott vimpelrekke og fann ut i etterkant at den kanskje ikkje passa heime hos ho. Ho hadde ei trekning i bloggen sin, og i dag dukka den opp i postkassen vår!!! :) I tillegg hadde ho lagt med nokre kjempesøte maskemarkørar!! Så gøy! Eg veit akkurat kor vimpelrekka skal henge hos oss. Tusen, tusen takk, G-Anette!


torsdag 12. mai 2011

Rullegenser/ Babysweater

Denne vart ferdig seint i gårkveld og skal leverast i dag til ei veninne og mannen hennar som fekk sin førstefødde son i februar. Mønster er opprinneleg rullegenser frå Nøstebarnboka, men eg strikka riller på bolen, erma og i halsen i stadenfor vanleg glattstrikk.
Eg ville helst bruke garn eg allereie har, og eg hadde ikkje nok av ein eller to fargar, så då vart det fire fargar,- som jo resulterte i ein haug med trådar å feste. ;) Men eg synes gensaren vart fin. Så får eg håpe at dei vert nøgde og.

Mønster: Rullegenser frå Nøstebarnboka
Garn: Sandnes Lanett
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: 114gram
______________________________________
This sweater was done yesterday night, and will be delivered today to a friend of mine who gave birth to a little boy in February.

torsdag 5. mai 2011

Babyjakke/ Babyjacket

Denne babyjakken er strikka til ein veterinærkollega som vart pappa igjen i mars,- og sidan barnet kom rundt lemmingssesongen, måtte jo knappane vere innanfor dette temaet. Synes desse knappane er ganske artige. Jakken har eg strikka fleire gongar før, men må innrømme at eg likar den best i to fargar og ikkje einsfarga. Kjem nok ikkje til å bli den siste eg strikkar, nei. ;)
Jakken ligg i vaskemaskina no, så eg har ikkje rukke å vege den enno.
Mønster: Drops
Garn: Baby Ull
Pinnenr: 2,5mm
Mengde: 150g
____________________________________
I have knitted this babyjacket to a colleague who became a daddy again in March. Since the baby was born around the lambingseason, the buttons had to be around that theme. I love the buttons. I have knitted this jacket several times before, and have to admit that I do like to two-color ones the best. It is in the washing machine at the moment.
Patter: Drops
Yarn: Baby wool
Needle #: 2,5mm

søndag 1. mai 2011

Tøflar/ slippers

Desse starta eg på før eg reiste til Bolivia, hekla kanten og broderte/hekla pynten no når eg kom heim igjen. No har dei hatt tre turar i vaskemaskina,- ein på 60 og to på 40 grader. Fekk hekla to ekstra blomstrar og som eg kan feste på noko anna seinare. Desse går i tøflekista i gangen som gjestar kan bruke når dei kjem på besøk.
Ser ut til at det blir ein strålande dag i dag og, litt meir vind enn dei andre dagane. Men ein flott dag å vere mykje ute.
Mønster: Mitt eige. ;)
Garn: Eskimo
Pinnenr: 9mm og heklenål 7mm
Mengde: 449 gram
____________________________
Slippers knitted for guests to wear when they come to visit. It is a beautiful day today,- a little bit windy, but other then that the sun is shining and it is warm outside.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails