lørdag 31. mars 2012

Elf Clobber #11

Dette paret er strikka på bestilling til mora til ei veninne.
Håpar dei fell i smak.
På knappane står det Tusen takk.
Knappane er bestilt frå Snella og Petronella.
Garn: Heilo og Kid Mohair
Pinnenr: 3 og 4mm og heklekrok 4mm
Mengde: 38gram heilo og 10gram kid mohair.
Som du ser var det snø på bakken i dag,
eller dvs det var komen snø før me gjekk å la oss i går.
Heldigvis er det sol og blå himmel i dag så
snøen forsvinn fort.
Viss du klikker på biletet vert det større.

mandag 26. mars 2012

Brigade

Denne har og vore ferdig ei god stund.
Først tok det tid å få tak i glidelås,
og deretter tok det tid å få tatt bilete.
Dette var ein utruleg kjekk måte å strikke armar og bol saman på.
Garn: Drops Karisma
Pinnenr: 5mm
Mengde: 700 gram
Meir info på ravelrysida mi.

søndag 25. mars 2012

Oppdatering på ein solfyllt dag

Heilt utruleg, men dei to siste dagane har gjort slik
at det har blitt påfyll av D vitaminer,
og det er jo ikkje akkurat feil.
Denne gensaren har vore ferdig lenge og er allereie
vel brukt, men det har tatt tid å få tatt bilete av den.
I dag har eg sete på terassen på ein heimestrikka puff,
med pc´en på fanget og venta på oppdatering frå tulliball.
Eg ventar fortsatt i spaning...
Garn: Sandnes Smart
Pinnenr: 3,5 og 4,5 mm
Mengde: 487 gram
Meir info på ravelrysida mi.

lørdag 10. mars 2012

Nytt til badet?

Først av alt må eg seie tusen takk
for alle dei koselege kommentarane på
Spiderman jakken.
Det var liksom heilt naturleg å hive seg rundt
å strikke den, så alle dei flotte kommentarane frå dykk
overraske og varma.
Tusen takk!
Og takk til alle nye følgarar,-
så koseleg og takk!
Eg var innom Frøken Lykkelig
og såg ein slik flott kurv.
Ettersom eg held på med tanken om å endre litt på badet,
kom jo denne inn som eit alternativ.
Mine er hekla i til saman 75gram Pt Pandora
og 18 gram Gjestal Baby Bomull.
Mønsteret er frå Sandnes sitt Interiør og Hobby,
tema 27.
Heklenål #3mm.
Den minste kjem eg til å bruke på badet til litt dill,
den største veit eg ikkje heilt enno.
Den minste er hekla etter mønsteret i heftet,
medan den største vart til først då
eg trudde mønsteret var litt lite.
Hekla difor nokre ekstra runder i botn
før eg hekla oppover.
Men då den minste var hekla,
skjønte eg fort at det er den eg kjem
til å bruke på badet. ;)
Ønskjer alle ei fin helg.
Her på Vestlandet regnar det.

torsdag 8. mars 2012

Bailey´s


Eg har vore så heldig å få teststrikke
nok eit mønster frå O´store Bitta Mikkelborg!
Ho lagar fantastiske sokkemønster,
i tillegg til huer, sjal og vottar/pulsvarmarar.


Mønsteret heiter Bailey´s.
Eg har strikka sokkane i
DSA Sterk.
Mitt første møte med dette garnet
var fantastisk!
Eg er glad eg fekk tak i fleire nøster på sal.


Eg er i grunn ikkje så glad i off white/kvite sokkar,
men i mangel på andre lyse fargar
i Sterk, så vart det desse.
Pinnenr: 2,5 og 3mm
Mengde: 62 gram


Flott og røft flettemønster,
som var raskt å få inn i hovudet.
Sokkane er ikkje dampa enno.

Og så må eg ikkje gløyme:
Gratulera med kvinnedagen, jenter! :)

Elles har eg meldt meg inn i Strikkeblogger.no.
Anbefaler å ta ein kikk innom der,
eller dersom du har ein strikkeblogg,-
meld deg inn! :)


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails