lørdag 29. desember 2007

Carebear

Denne er hekla på bestilling. Mykje arbeid, men utruleg kjekt å sjå at bamsen tar form. Spennande! :)


Rosa hals


Denne halsen er strikka på bestilling. Håpar den held mottakaren varm resten av denne vinteren. Halsen er strikka i Merino Lamull frå Askeladen og kanten rundt er hekla i Sandnes Alpakka.

Litt forskjellig :)





Sokkane er strikka på bestilling til jul og vart "i kampens hete" kappa litt då eg skulle forminske biletet... Jaja, ein sokk er ein sokk. :) Som forrige sokkepar eg strikka har eg nok ein gong prøvd meg på eit gammalt bestemor triks og strikka inn ein sytråd i hel og tå. Før har eg jo alltid strikka inn ein ekstra tråd, men no tenkte eg eg skulle prøve noko nytt. Dei gamle bestemødrene må vel vite kva dei snakkar om.. :)

Isskrapene låg under juletreet hos nokre veninner i år. Foreløpig ser det ikkje ut til at det er bruk for dei her på Vestlandet, men kanskje i 2008..?!?

søndag 16. desember 2007

Klestativ

Då har min kjære mekka eit klestativ til niesa vår på 4. Me har begge bidratt med maling og pensel. Så var det å henge nokre dukkekle på, og så får me håpe at veslejenta vert fornøyd til jul :)

Sett til Baby Born


Eit sett eg hekla til niesa mi ei helg i oktober då eg var på besøk hos ei veninne. Eg har slete litt med å få tak i perler, men når eg no endeleg fann nokre eg ville bruke, vart det ferdig. :)

Endå fleire isskrapevottar

Då har eg fått unna nokre til. Dei to til herre er strikka på bestilling. Håpar dei kan varme nokre i vinterkulden. :)

lørdag 8. desember 2007

Fletter


Dette settet er strikka dukkar snart opp i posten hos ei veldig god veninne. ;)
Det er strikka i Alfa frå Sandnes.

New Holland


Litt dårleg bilete dette, men, men... Min kjære, som jo er bonde, er jo sjølvsagt hekta på traktorar.. Favoritten er New Holland. I den anledning har eg malt to krus med NH merket på, desse skal han få i adventskalendaren den 13. og 14. :)

tirsdag 4. desember 2007

Adventskalendar


Denne adventskalendaren laga eg eigentleg for tre år sidan til min kjære. ;)
No har den kome fram igjen og eg tenkte eg skulle sy ein til meg sjølv og, berre i andre fargar. Men symaskina mi hadde visst ikkje tenkt det same.. Og det i år når min kjære endeleg har adventspakkar til meg, og til og med til kvar einaste dag i advent!!! Men...pakkane ligg trygt bevart i eit skap og eg får meg ein kvar dag sjølv om eg ikkje har kalendar. Det får heller bli eit prosjekt til 1. desember 2008. ;)

Endå fleire isskrapevottar
















Fleire isskrapevottar er strikka. Manglar nokre isskraper, så alle er ikkje monterte enno. :)
Den brune er strikka til min kjære som han skal få i adventskalendaren sin ein dag.

Restetøflar og firkanta




Tøflane til venstre er strikka av restegarn. Dei er eit sammensurium av Østlandsgarn, Topp Ull og Eskimo. :) Firkanttøflane er strikka i Topp Ull.

Meir sokkar

Denne gongen har eg strikka eit par i Tresko garn til min kjære. Han skal få desse i adventskalendaren på torsdag. :)
Dei mønstrete sokkane er strikka i Fagstrikk frå Rauma og er ein del av ei julegåve til mamma'en min.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails