tirsdag 20. november 2007

Isskrapevottar



Då legg eg ut desse sjølv om ikkje alle er monterte. Alle bursdagsjentene som har fått til no er svært fornøyde, så eg kjem nok til å lage ein del fleire. Og så vert det nok laga ein del av desse til neste års julemesse, tenkjer eg.

Dersom du er innom her og gjerne kunne tenkje deg slike er det berre å legge inn ei bestilling, så strikker eg gjerne. :)
Dei kan og sjølvsagt lagast utan pelsgarn slik at dei passar til ein mann. :)

Julenissefat


Dei siste åra har eg malt 12 raudvinsglas og 4 telysestakar til søstra og svogeren min med dette nissemotivet. I år ville dei gjerne ha fat som dei kan ha julekaker på. Så her er resultatet.

Smart hue og hals

Dette settet er strikka i dobbelt smartgarn, så det skal nok varme godt gjennom ein kald vinter. :)

Hue og hals

Eit rosa sett strikka i Sandnes Alpakka. Kjempedeilig garn!!
Jjjjjjjjooooooooosa er vel fortsatt tingen blandt småjenter. :)

Nok eit jetpinnesjal

Nok eit sjal hekla med jetpinne. Dette er hekla i Valeria di Roma.
Ok garn, men ikkje så veldig samarbeidsvillig viss eg måtte rekke opp att...

Fagstrikk sokkar


Desse sokkane er strikka i Fagstrikk frå Rauma. Dei er strikka i str. 10-12 år.
Eit kjempegreit garn å strikke med.

onsdag 7. november 2007

Varme til ein svoger

Desse seks para med raggsokkar er strikka på bestilling til ein svoger. Sokkane er strikka på pinnenr. 3,5, med 20 cm vrangbord og forsterkningstråd i tå og hel. Håpar han vert fornøyd. :)

Sokkane er like store, sjølv om det ikkje ser slik ut her... :)

OnLine sokkar

Eg fekk dette flotte garnet i HV-gåve i juni (sjå lenger nede på sida).
No har eg endeleg strikka ferdig sokkane. Dei er strikka på pinnenr. 2,5. Eg er jammen glad eg har 30 cm rundpinnar. :)
Eg er enno usikker på kven eg skal gje desse til, eller om eg kanskje skal ha dei sjølv...

Sokkane er like store, sjølv om det ikkje ser slik ut her.. :)

Lommetøflar



Då har eg og strikka lommetøflar. :) Desse er strikka i Mor Åse garn og blomsten i Smart. Trur nok det vert fleire av desse, men må nok justere maskeantall og pinnestr litt, for desse passa ikkje til mine bein... Godt eg har nokre vener med små bein. :)

tirsdag 6. november 2007

Kjørepose

Ein kjørepose eg strikka til eit vennepar som fekk ein son i slutten av september. Dressen er strikka med opning til sikkerhetsselen. Den er strikka i Smart og str. 12/18 månadar.
Eg har brukt tre ulike mønster pluss litt idear frå eige hovud og slik vart den. :) Angrar litt på at eg ikkje hadde litt meir blått nedst før eg begynte på mønsteret der nede. Men, men... eg såg det først ordentleg då eg skulle montere,- må ærleg innrømme at eg ikkje gadd rekke opp att då... :)

Jetpinnesjal i krem

Eit nytt jetpinnesjal. Dette er strikka i kremfarga Kitten Mohair.
Det er utruleg kjekt å hekle med eit slikt mønster.
Sjalet vert nok ein del av ei bursdagsgåve til ei svigerinne. :)

Isskrapevott


Ein isskrapevott eg gav til søstra mi då eg var i Kirkenes no. Strikka i Østlandsgarn og Chili. Reknar med ho vil få bruk for den oppe i nord. :)

Svart hue




Ei hue strikka i Peer Gynt garn. Dette vert vel og muligens ein julepresang. :) Eg har i grunn ein del ting akkurat no som eg ikkje heilt veit kor skal finne vegen sånn etterkvart... :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails