mandag 28. mai 2012

Little Miss Winter Anklets


Nok eit mønster eg har vore så heldig 
å få teststrikke for Bitta Mikkelborg.
Bitta designer mange utruleg fine mønster.
Dette skal bli ei ebook i lag med Little Miss Spring,
Summer og Autumn sokkane.
Viss du klikker på biletet vert det større
og det er då lettare å sjå detaljane.
I dag er det sur og kald nordavind som tar
godt her hos oss som bur ved sjøen,
Så det vart ingen vakre bilete med sjø og blomstrar
i bakgrunnen i dag.
Neste gong eg evt strikkar desse skal dei
strikkast med pinnenr 2,5 og 3mm
pga flettene.
Desse vart litt trange til meg og vert dermed
bursdagspresang til ei veninne med litt
smalare og mindre fot enn meg. ;)

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 44 gram

onsdag 23. mai 2012

Little Miss Summer


I går kveld vart desse ferdige.
Dette er det tredje mønsteret i årstidsserien som
er designa av Bitta Mikkelborg.
Nok eit flott mønster å strikke.
Gler meg til å starte på Little Miss Winter
når eg kjem heim frå jobb i dag.
Viss du klikker på biletet blir det større.
Eg skal linke til Ravelrysida mi så
snart eg har fått lagt ut mengder med bilete der. ;)

Mønster (kjem snart)
Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 35gram

tirsdag 22. mai 2012

Little miss Autumn


Nok eit nydeleg mønster som eg har teststrikka
Dette er eit av fire mønster som kjem til å kome ut
seinare i ei e-book.
Ho har laga eit mønster for kvar årstid.
I morgon kjem Little Miss Summer
i bloggen min.
Little Miss Spring ser du lenger nede på sida.
Viss du klikker på biletet vert det større.

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 36 gram

Endeleg har me litt sommar her.
Så krysser me fingrane for at den varer ei stund.
Det er utruleg deilig å kome heim frå jobb på kvelden
og kunne sette seg på terassen og slappe av.
Eller ete frukosten ute på terassen.

torsdag 17. mai 2012

Gratulera med dagen


Gratulera med dagen!!
I år måtte eg ta bilete av naboen sitt flagg då vårt heng rett ned.
No har me ete ein nydeleg 17.mai frukost hos ei svigerinne
(søstra til min kjære mann), og resten av dagen tar me med ro heime i stova.
Håpar alle får ei kjempefin feiring!

I helga var me i konfirmasjon til vår eldste niese.
I bilen på veg opp og ned fekk eg strikka ein haustvest.
Denne er ganske lik den du ser på nokre innlegg under, men på denne
har eg brukt fargane litt annleis på daisyene i tillegg til at eg har
brukt gammalrosa i den eine.
Viss du klikker på biletet vert det større og du ser det litt betre.
Garn: Sandnes Alpakka
Pinnenr: 4mm
Mengde: 91 gram
Str: 1 år

torsdag 10. mai 2012

In the Land of Glow #2


Tirsdagkveld oppdaga eg at eg hadde strikka det forrige paret
med In the Land of Glow (sjå innlegget under) like
og ikkje speglvendte som dei skulle vere.
Så då måtte eg starte på eit nytt par på kvelden.
Dei vart ferdige i dagtidleg før eg gjekk på jobb.
Eg trur eg er inne i ein ny sokkestim... :)

Mønster (sjå innlegget under)
Garn: Sandnes Garn Sisu
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 53 gram
Klikk på biletet så vert det større.

søndag 6. mai 2012

In the Land of Glow


Nok eit flott mønster frå Bitta Mikkelborg.
Desse vart ferdige i dag tidleg, og i dag var det ikkje noko
"ta-bilete-på-terassen" ver.
Det har regna, snødd, hagla og vore solskin om kvarandre.
Eg kunne tenkt meg å strikke desse sokkane i wollmeise
eller fabel, men hadde ikkje lyse fargar i nokon av dei.
Så då var det å finne nokre gamle nøster i sokkekurven.
Eg angrar på at eg ikkje strikka ribben på sokkane i den gulbrune fargen,
i stadenfor, for no ser det ut som om eg gjekk tom for garn
(noko eg jo forsåvidt gjorde, men hadde eg strikka ribb og tå
i den gulbrune fargen hadde det sett litt meir planlagt ut. :) ).
Men ifølge min kjære mann vart dei fine, så då får eg vel tru på han?! :)
Min kjære mann kommenterte forresten i dag:
"Ka, har du begynt på nye sokka no?!
Har du slutta å vaske sokkane dine og heller strikke nye etterkvart?" :)

Garn: Gjestal Silja
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 60gram
Str: 38
Klikk på biletet så vert det større. :)

lørdag 5. mai 2012

Brennesle dillesokkar

Nok eit mønster designa av Bitta Mikkelborg
medan eg venter på andre mønster.
Desse vart ferdige 3.mai, men har liksom ikkje fått
somla meg til å legge dei ut.
I dag er det fint ver, men surt og kaldt.
Eg har vore ute i bedet nokre timar og fullført det eg starta
på 1.mai. Det var ei kald oppleving, men godt å vere ute.
Skal ha ein kopp te no, så skal eg ut på tur med Scott.
Han er i allefall klar for tur. ;)
For øyeblikket hjelper han svigerfar å spre kunstgjødning. ;)
Brennesselen min har lagt lenge i sokkegarnkurven min
og venta på det perfekte prosjektet.

Garn: WM Twin farge Johannissbeer und Brennessel
Pinnenr: 2mm
Mengde: 90 gram
Meir info og bilete på Ravelrysida mi.
Trykk på biletet så vert det større.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails