lørdag 4. august 2007

Hjertegensar


Denne gensaren er strikka i Chili og Alfa. Det skulle eigentleg vere eit hjerte på kvar arm og, men eg følte det vart litt voldsomt og droppa difor det. Gensaren er julepresang til ei niese. Den er strikka i storleik 10 år. Det er godt å få nokre av dei større prosjekta til jul tidleg ferdig.

Tova tøflar


Tova tøflar strikka i restegarn. Dette var eit forsøk på å strikke opp dei nøstene eg hadde med Iglo garn frå Europris. Er litt lei av det garnet etter å ha strikka ein del tøflar, så då er det greit å strikke det opp. :)

Svart effektsjal



Sjalet er strikka i chili, kitten mohair og mega. Spennande effekt som kjem dårleg fram på desse bileta.

Blått chilisjal


Strikka eit blått chilisjal på lørdagskveld. Det er kjekt med slike prosjekt som går raskt. ;)
Mest sannsynleg blir dette til ei svigerinne som er veldig glad i mørkeblå. Det nærmar seg bursdagen hennar, så då passar det jo fint.
Må berre finne ein ting til å supplere gåve med.

onsdag 1. august 2007

Eskimotøfler




Dette nydelege garnet og mønsteret på tøflane fekk eg i Hemmeleg ven gåve i mai av Aud på Hobbyboden. Tusen takk, Aud!! Eg gleda meg heile eksamenstida til eg endeleg fekk tid til å strikke desse. Så dei vart strikka straks etter at siste eksamen var avlagt. ;)

Opalsokkar


Fann ut eg måtte prøve dette garnet og. Det er mykje kjekkare å strikke desse når ein har 30 cm rundpinne enn når ein må sitje med strømpepinnar heile tida...
Eg aner ikkje enno om eg faktisk skal ha desse sjølv, eller om dei ender opp som ei julegåve. ;)
Strikka i Opal garn
Rundpinnenr.: 2,5 mm

Raggsokkar















Kjøpte meg billig raggsokkegarn på Sandnes Uldvarefabrikk for ei tid tilbake, så då må det bli ein del sokkar. Hadde meg eit raid kor eg strikka tre par. Eit par til paps i bursdagsgåve og to par til min kjære. Så då har han ein start til vinteren. Så får eg kome i gang med resten av garnet når vinteren nærmar seg. :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails