tirsdag 10. juni 2008

Kjærestevottar/ Mittens for couples



Desse kjærestevottane strikka eg til ei veninne som gifta seg på laurdag. Eg glømte jo sjølvsagt å ta bilete av dei før eg pakka dei inn, så biletet er tatt på gåvebordet.

Men for eit styr å strikke dei!! Eg tenkte eg skulle prøve å strikke dei på 30cm rundpinne, men oppdaga til slutt at dei var strikka litt for stramt, så eg rekte opp att og strikka dei på strømpepinnar (ikkje kjærestevotten, den var ok). Den eine votten måtte eg rekke opp endå ein gong, då eg ved felling oppdaga at eg hadde glømt å strikke det ekstra mønsteret på baksida. Eg rakk ikkje bli ferdig med vottane før eg skulle reise til Skien i bryllaup, men då eg kom dit festa eg trådar og sydde saman medan brura var hos presten på fredagen og var og pynta i lokalet. ;) På kvelden fekk eg låne strykejern av brura for å dampe dei, men trur de ikkje at strykejernet blåste ut noko så den eine votten vart full i brune flekkar??? Gjett om eg var lei då. Men på laurdagen håndvaska eg dei med Milo og det gjekk faktisk vekk. Så med litt tørke i sola vart det bra. ;) Så...eg slapp heldigvis å strikke enno ein gong. Men no er det meste notert i mønsteret, så då slepp eg å strikke dei fleire gongar neste gong. For dei er koselege å strikke og kjekke å gi vekk! Dei er strikka i Smart.

__________________________________

A friend of mine got married on Saturday, and I knitted a pair og mittens for couples for them. I hope they like them! The picture is taken on the present table, since I forgot to take a picture before I wrapped them.

søndag 1. juni 2008

Aprilsokkar/Aprilsocks



Endeleg er aprilsokkane ferdig! Eg starta med friskt mot 1.april, men april vart ein travel månad med siste innspurt på fordjupningsoppgåva. Mai vart fylt opp med innleveringar og så var det ein del babystrikk som skulle gjerast unna, så sokkane vart nedprioriterte. Men...no er dei endeleg ferdige. ;) Eg har strikka Viking sokkane! Sokkane er like store, sjølv om det ikkje ser heilt slik ut på bileta. Dei er strikka i Opal, som eg fekk i ei hemmeleg ven gåve ein månad dette året, og på pinnenr. 2,5.
________________________
Finally, my Viking socks for April is done! I started on April 1st, and thought I would finish them early that month, but April and May have been busy months at school, and I also had some baby knittings to finish. But, now the April socks are finally here. ;) They are knitted in Opal and needles 2,5mm.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails