fredag 21. november 2008

Kjøkkenklutar /Dish cloths


Nok eit sett med kjøkkenklutar strikka i ei forsinka bryllaupsgåve. Dette er til eit nygift par som har off white og grønt kjøkken. ;)
___________________________
Another delayed wedding present to a couple with an off white and green kitchen. ;)

onsdag 19. november 2008

Vottar/ Mittens











Desse vottane er strikka til svigerfar som fyller 71 på tysdag. Han er ein ihuga jaktmann og arbeidskar og elgjakta på hausten er høgdepunktet kvart år. Men sjølv om jaktsesongen er over for i år, så satsar eg på at desse er bra å bruke til neste år. ;)
Vottane er strikka i Smart og eg har slått saman litt ulike mønster, pluss litt etter eige hovud. Brukte eit nøste med grønt og nesten to nøster med brunt.
__________________________________
My father-in-law turns 71 on Tuesday, and he loves to go hunting every fall (moose). Even though the hunting season is over for this year, I'm sure he can use them next year. ;)


tirsdag 18. november 2008

Bærebag til dukke/ Bag for dolls


Bærebag strikka til ei niese. Ho skal få denne i julegåve. Bagen er strikka i Fritidsgarn, kanten rundt i chili og Tove. Medan teppet er strikka i chili og smart. Den vart tova ein del gongar i maskin, men no står den støtt av seg sjølv. Synes i grunn den vart ganske søt. ;)
_______________________
This is a bag knitted for a little doll, it'll be a present under the Christmas Tree for a little girl.

mandag 17. november 2008

Vest



Denne vesten har eg strikka til meg sjølv. ;) Den er strikka i Fritidsgarn, så det gjekk ganske så fort. Oppskrifta er henta frå boka Feminin strikk. Gler meg til å ta den i bruk.

_________________________

A vest knitted for myself. ;) I'm looking forward to use it.

Isskrapevottar/ icescrapemittens


Desse isskrapevottane er strikka på bestilling. Håpar mottakar vert fornøyd. Prøver, så godt som råd er, å finne isskraper i same farge som votten. Men grøn isskrape var ikkje å oppdrive på vår lokale bensinstasjon....
Stjerna på den blå er ikkje skjeiv, det er berre isskrapa som ligg under slik at den ser skjeiv ut på biletet. ;)
__________________________
These icescrapemittens are an order. Unfortunately our local gasstation didn't have any icescrapes in green, so the green icescrapemitten ended up with a blue icescrape...

Kjøkkenklutar /Dish cloths

Endå fleire kjøkkenklutar. :) Desse skal vere ei forsinka bryllupsgåve til ei eg kjenner med lyseblått og kvitt kjøkken. Håpar dei vert fornøyde.

_______________________
More dishcloths. :) These are supposed to be a delayed weddingpresent to someone I know with a light blue and white kitchen. Hope they'll like them.

onsdag 12. november 2008

Dansende damer / Dancing ladies





Desse sokkane har lagt ferdig ei stund, men eg har liksom ikkje somla meg til å blogge i det siste, som de sikkert ser... :) Dette er septembersokkane i Sokker 2008. Eit artig mønster å strikke. Sokkane er strikka i Silja og ein rest med babyull til mønsteret.

______________________________________

These were finished a while ago, but I haven't been in a blogging mood lately. The pattern is called Dancing ladies and were the pattern for September in SockKal 2008.

Kjøkkenklut/dishcloth



Nok ein kjøkkenklut. Denne er også strikka i pt Petunia på pinnenr. 3mm. Blir nok ei bursdags- eller ei julegåve, tenkjer eg..

___________________________

Another dishcloth,- guess it will be a Birthday- or a Christmas present...

Katten likar og garn.../The cat also likes yarn...


Ein dag eg sat og strikka på ein gensar var eg ute eit lite øyeblikk for å ordne med noko... Då eg kom inn att hadde katten gått amok i garnnøstet mitt og surra det rundt bordet. Ganske komisk i grunn. :) Ikkje klarte me å få opp att floken heller, så me måtte berre klippe det over og kaste det... ;) Hihi...
Viss du klikker på biletet vert det større, så kan du sjå ordentleg kor innvikla katten er... ;)
_____________________
I was knitting on a sweater one day, and when I was outside taking a break our cat had a fun time with my yarn... He twisted it around the table so much that we weren't able to fix it. So we had to cut it open and throw away the yarn.. :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails