tirsdag 22. juli 2008

Bunadsokkar/ Bunadsocks




Endeleg er bunadsokkane til min kjære ferdige!! Dei vart ferdige på søndag, men har ikkje somla meg til å få dei inn. Det tok ikkje så lang tid når eg først sette i gong,- eg har berre brukt to veker på dei og faktisk ikkje strikka kvar dag, men gjett om det var kjedeleg å strikke nummer to!! :) Eg hadde mange nye strikkeidear oppi hovudet medan eg strikka den, men no er dei altså ferdige, og det er kjempedeilig!! Dei er strikka i Sisu og på pinnenr. 2mm!!!!!!!!!! Bryllupet nærmar seg med stormskritt,- det er under 2mnd igjen no!!!! Enno er det enkelte ting som ikkje er i boks, men det meste er heldigvis under kontroll. No er det berre å lage nokre bordkort og sanghefter og få bestemt korleis brudebuketten og bordpynten skal sjå ut. Og så må me jo skaffe hest og kjerre og ein person som kan filme og redigere den store begivenheten... Alt er ikkje like enkelt å finne, men det er heldigvis to mnd igjen. ;)
________________________________________________
Finally, the bunadsocks (socks for our National costume) for my fiancè are done. We are getting married in our bunads, so I'm glad I'm done with them so early. They are knitted in Sisu and needle size 2mm!!!!!!!!!!!!!

Chevron Lace sokkar/socks


Julisokkane i sokkealongen 2008 er ferdige. Eg strikka Chevron Lace Socks. Nydelege babysokkar! Desse skal bli ei gåve til den eine sjefen min som fekk ein son i juni. Dei er strikka i Baby ull og pinnenr. 2mm.
______________________
These are the Julysocks in the sock along. It's the Chevron Lace Socks from Knitting Daily. I just love them! They are knitted in Baby wool and on needle size 2mm.

Basketcase sokkar/socks



Endeleg er maisokkane i sokkealongen Sokker2008 ferdige!! :) Dei er strikka i Opal og pinnenr. 2,5. Artige sokkar å strikke.
______________________________________________
Finally, the maysocks in the sock along are done! They are knitted in Opal and needle# 2,5mm. They were fun knitting.

søndag 6. juli 2008

Babytøflar/baby booties



Me har ein veldig koseleg avløysar frå Litauen som har to barn. Så no når han reiste heim igjen ein tur i sommar, måtte me jo sende med nokre gåver til barna. Desse babytøflane strikka eg til datra deira på 6mnd. Dei er strikka i Babyull.

__________________

We have a really nice farm helper from Lithuania who has two children back home. So when he went home on a vacation we wanted to give his kids some presents. I knitted these cute little baby booties for his little daughter who is 6 months old. They are knitted in Baby wool.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails