søndag 29. april 2012

Autumn leaves vest


Tusen takk for koselege "god tur"- helsingar i forrige innlegg.
Me har hatt ein fin tur til Oslo med eit flott bryllup med ein koseleg gjeng.
I anledning flyreise måtte eg jo ha eit nytt strikketøy,
og sidan fleire veninner ventar babyar framover var det jo naturleg
og for ein gongs skuld kanskje ligge litt på forskot. ;)
Så då fekk eg strikka litt i bilen til Flesland på fredag og på flya
tur/retur Bergen-Oslo.
Festa trådar no når me kom heim og har fått lagt den ut.
Litt vanskeleg å sjå fargane,
men dei daisyene er lys grønn og mørk grønn på den nedste og den øvste.
På den midterste er det lys grønn, lilla og mørk grønn.
Håpar alle som har vore på strikketreff i helga har kost seg,-
eg skulle så gjerne ha vore der.
Har fått rapport frå Fru Helianthus om at det var stor stas. ;)
Garn: Sandnes Alpakka
Pinnenr: 4mm
Mengde: 90 gram
Storleik: 1 år

fredag 27. april 2012

Kjærestevottar


No legg me snart turen mot hovudstaden og skal i bryllaup.
Det blir kjekt å treffe gode studieveninner igjen.
I anledning brudeparets bryllaupsdag har eg strikka eit par
kjærestevottar. Håpar dei fell i smak.
Mønsteret er henta frå eit raumahefte.
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Garn: Rauma Finull
Mengde: ca 100gram
Meir info på ravelrysida mi.

torsdag 26. april 2012

Little Miss Spring


Eg har vore så heldig å få teststrikke nok eit 
nydeleg mønster designa av
Bitta Mikkelborg. Ho er utruleg dyktig 
og lagar dei flottaste sokkemønstra.


Mine sokkar er strikka i WM Twin
og fargen Turkise Markise.
Pinnenr: 2 og 2,5mm.
Normalt sett må eg gå opp i pinnestr når eg strikkar,
men med WM viser det seg at eg må gå ned.
Så neste sokkepar strikka med WM Twin
skal eg bruke pinnenr 2mm heile vegen.
Det gjekk med 66 gram.
Meir info på Ravelrysida mi.


I dag regnar det igjen og det er meldt tropevarme over helga,
så får me sjå om det slår til.
Må nok innrømme at eg trur det ikkje før eg ser det.
Spesielt sidan me hadde haust med regn og storm i heile 2011. ;)
Men...kryssar fingrar!

søndag 22. april 2012

In the summertime


Kjappe og nydelege sokkar designa av Bitta Mikkelborg.
I dag har det vore ein fantastisk sommardag, der eg har sete i sola å strikka.
Eg håpar me får mange slike framover.
Garn: WM Twin, farge Petit Poison nr 5 dark
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 66 gram
Klikk på biletet så vert det større
Meir info på Ravelrysida mi.

fredag 20. april 2012

Perfect Spring Hearts


Eg har vore så heldig å få teststrikke desse sokkane for
maskesprell. Kjempefine, raske og enkle sokkar å strikke.
Synes det gjorde seg med fletta langs sidene og det vesle
hjartet på skaftet.
Hæltypen vart ikkje min favoritt, men...smaken er som baken. ;)
Eg starta på mine på laurdag og var ferdig med dei på søndagen,
men så har veka flydd avgarde med travle dagar og seine kveldar
på møte og kurs så det å ta bilete og legge inn har tatt litt tid.
Burde jo hatt utebilete og fått hjelp av min kjære mann,
men då kjem ikkje bileta før i morgon. ;)
Tusen takk for at eg fekk teststrikke desse!
Garn: DSA Sterk (fantastisk!!)
Pinnenr: 3,5mm
Mengde 79 gram
Klikk på biletet så vert det større.

fredag 13. april 2012

Rainy Day Shawl

Den same tanta til mannen min som fekk desse,
fekk og dette sjalet, Rainy Day Shawl.
Mottakaren av sjalet er ei fantastisk dame
med eit hjarte av gull.
Ho er no 70 år, klatrar i tre for å sage ned greiner,
rydder og styrer på overalt.
Ho er ganske unik.
Viss du klikker på biletet så vert det større,
då får du sett alle detaljane på sjalet.
Eg trur dette er eit av dei sjala eg er mest nøgd med.
Spikrane heng ikkje like langt frå kvarandre på garnnaustet
så difor ser sjalet litt skeivt ut. ;)
Namnet på sjalet passar forresten til veret som har vore på Vestlandet
det siste året...
Garn: Drops Alpaca
Pinnenr: 4mm
Mengde 125 gram
Meir info på ravelrysida mi.

torsdag 12. april 2012

Det er viktig å vere in i tida. ;)

To par baby converse er hekla.
Det kvite og det raude er muskat
og det lyserosa er lerke.
Eg har brukt eit anna mønster på desse enn
på dei forrige.

Heklenål: 1,5 og 3mm
Garn: Muskat og Lerke
Mengde:

onsdag 11. april 2012

Bronte´s mitts #6

Ei tante av min kjære mann vert 70 år i dag,
og i den anledning har eg bl.a. strikka desse pulsvarmarane til ho.
Eg håpar dei fell i smak.
Garn: Drops Alpakka
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Mengde: 30 gram
Meir info på ravelrysida mi.

torsdag 5. april 2012

Running dog of meander


GOD PÅSKE!! :)
Eg har vore så heldig å få spørsmål frå
Bitta Mikkelborg om eg kunne teststrikke eit mønster for ho,
Running Dog of Meander.
Kjekt mønster å strikke, og ein fin detalj med flettene som går
langs sida på heile sokken.
Det er vanskeleg å få det ordentleg fram på svarte sokkar,
men det viser på biletet oppe til høgre.
Litt vanskeleg å ta bilete i dag når eg er åleine heime,
men, men...
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Garn: Drops Fabel
Mengde: 80 gram
Meir info på Ravelry

søndag 1. april 2012

Bella´s mittens #5 og om det å vere gift med ein bonde

Mi kjære veninne gjennom snart 30 år mista sine Bella´s mittens
som eg strikka til ho for ei tid tilbake og har ønska seg nye.
Eg håpar ho ikkje får bruk for dei før til hausten igjen,
men ein skal no aldri sei aldri.
Som de ser på biletet av vår kjære Scott så var det snø i går,
og det er meldt snø på onsdag.
På vottane har eg strikka ein ekstra rapport med fletter
etter tommelen og så har eg forlenga tommelen noko.
Dei forrige vottane strikka eg i dobbel Kitten Mohair,
og eg må innrømme at det garnet har eg langt oppi halsen.
No har eg strikka i Nepal og dei kjennes mjuke og gode.
Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 5mm
Mengde: 100 gram

Min kjære mann er jo bonde og i den anledning fann eg nokre ord på
facebook som eg synes passa veldig bra.
Eg tenkte å dele dei med dåke, så kanskje nokre andre kjenner seg att og?

Det kan være du er bonde hvis...
...du har kjørt av veien mens du undersøker naboens avling
...du har dyr som lever i bygninger som er dyrere enn ditt eget hus
...hunden er oftere med i bilen enn ektefellen
...alle i stua blir rolige når været kommer på TV eller radio
...du overbeviser ektefellen om at en tur til nabokommunen er ferie
...du kan huske avling, kalvingsintervall, vær, priser og alt annet som skjedde på gården for 10 år siden, men du husker ikke bursdagsdatoen til kona
...ved planlegging av bursdager og bryllup må du først ta hensyn til våronn, slåttonn, lemming og kalving
...ditt andre kjøretøy er en traktor. Selvfølgelig av riktig merke
...du har hørselvern med innebygget radio

Det einaste som er feil når det gjeld mannen min
er vel at han faktisk hugsar bursdagen min, og så har han enno ikkje køyrd av vegen
medan han ser på naboen si avling, men bortsett frå det så stemmer alt. ;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails