torsdag 15. februar 2007

Sett til niesa vår

Hue, stjernehals og vottar strikka i Smartgarn til niesa vår som fyller 6 år i morgon.

Raggsokkar

Sokkar til svogeren vår. Han hadde bursdag for ei lita stund sidan. Han var innom her ein dag og då spurde eg han om det var noko han trong som han kunne få til bursdagen. Han låg strak ut på sofaen vår og berre løfta foten i været. På raggsokken hans var det eit stort hol over tærne. Den eine sokken hadde han på vranga slik at ikkje holet skulle kome over stortåa.... :)
Så....då var det berre til å ta fram strikkepinnane og garn og begynne å strikke. :)

torsdag 8. februar 2007

Varm jakke



Denne jakken er strikka i Alfa på pinne nr 7, og er utruleg rask å strikke. Eg strikka den på ei helg. Litt vanskeleg å sjå på biletet, men det er eit holmønster på kva framside av den. Jakken er utruleg varm og god. :)

Pulsvarmar



Pulsvarmarane er strikka under Pulsvarmaralongen på Din Hobby.
Dei rosa er strikka i Tajmahal som eg fekk i ein pakke frå Nyhetsklubben på Strikk Innom då eg var medlem der. Eit utruleg deilig garn!!! Dei svarte er strikka i Kitten Mohair som eg fekk i HV pakke på HB i januar.

søndag 4. februar 2007

FOTBALL!!!!!!

Til denne jula strikka eg tre fotballgensrar. To i blått og ein i grønt. Den eine blåe rakk eg ikkje å ta bilete av før eg pakka den inn og måtte kjøre avgårde for å levere den på julaftan. :)
Bolen på den grønne gensaren var strikka to gongar då eg først fekk feile opplysningar frå dama i garnbutikken... Då er det greit å vere i lag med ein som synes det er heilt greit å rekke opp for deg,- for eg hatar å rekke opp igjen. :)
Fotball, nett og bokstavar er brodert på, så eg var ganske lei brodering på slutten, men eg er ganske fornøyd med resultatet. :)

Rosa smykke til mamma


Kva gir ein til ei mor til jul som i grunn har alt??
Vel....eg fann inga anna råd enn å lage eit smykke til henne....
Så her er resultatet. :)

Brunt smykke


Den eine søstra mi er svært glad i brunt, så då bursdagen hennar nærma seg i desember laga eg eit smykke og armbånd til henne.

Josa skal det vere

Niesa mi elskar rosa. Så då eg såg dette settet i eit mønsterhefte måtte jo heftet berre kjøpast. :) Eg hekla dette medan eg var i USA i november, så då måtte eg nesten hekle ei veske til veslejenta der borte og.

Pannebånd

Det vart eit pannebånd til i fjor. Dette til ei anna veninne i klassen. Strikka i brunt alaska garn.


Tøflar igjen


Det vart mange tøflar i fjor. Og det vert nok ein del i år og. Dei er raske og enkle å strikkev og dei varmar godt på føtene!!! :)

Hjerter

Ei veninne hadde desse serviettane ein gong eg var over på middag. Eg måtte nesten spør om eg kunne få med meg eit eksemplar heim. Eg falt totalt for desse hjertene!!!

Fleire englar


Julekuler... Desse er laga vha deoupage. Synes sjølv dei gjorde det vesle ekstra på fjorårets juletre. Håpar på å få laga nokre fleire i år.

Engler daler ned i skjul


Englar til julemessa 2006. Eg starta tidleg og strikka 6 englar i akkurat det garnet som skulle brukast. Så vart dei tova på 60 grader.......ein gong til på 60 grader.........tova på 90 grader........og til slutt i tørketrommelen utan at dei krympa så mykje som ein millimeter..... Så...då var det å ta turen på butikken og kjøpe nytt garn og starte på nytt.... Så då vart det 9 englar som tok turen til julemessa....

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails