onsdag 28. desember 2011

Tennbrikettboksskjular

I år rakk eg faktisk i siste liten å strikke to tennbrikettvesker. Den første her er Hjertelig tenning, som er nok eit mønster frå Bitta Mikkelborg. Her har eg brukt 100 gram Lima og pinne# 4mm. Kjem nok til å strikke fleire av desse. Kjekke julegåver å gje vekk med ein tennbrikettboks inni.
Viss du har sett mønsteret før og ser nøye etter så ser du at eg har strikka flettene motsatt. Jaja, får strikke rett etter mønsteret på neste. ;) Strikka dette 23.desember og vart gitt vekk på julaftan.
For ei god stund sidan fekk eg og eit mønster, vedbrikettbokshylster, av ToneM på Hobbyboden. Dette har eg og strikka i julegåve, og vart starta på på kvelden på vesle julaftan, fullført tidleg morgon på julaftan, pakka inn og hengt på postkassen til naboen i tide før dei henta posten. ;) Denne er strikka i 100 gram Alaska på pinne# 6mm.
For ei tid sidan hadde ein svoger bursdag. Eg fekk ei lang ønskeliste tilsendt på mobil, som bl.a. inneholdt ulike typar bor, lyspærer, batteri osv.... Eg tenkte: "denne lista leverer eg til mannen, ja", men så kom eg på slutten av sms´en og der stod det jammen meg, strikka sokkar, hals og fingerlause vantar. Og slike ønsker er jo kjekke for ein strikkoholikar, eller kva?
Så sokkar og hals vart strikka. Sokkane er strikka i Viking Sportsragg på pinnenr 3,5mm og det gjekk med 147 gram. Halsen er strikka av 133 gram Smart på pinnenr 4 mm.

tirsdag 27. desember 2011

Winter Waves Cowl

Då er det å prøve å få vist fram julegåvene. Denne er strikka til ei niese, og eg håpar ho likar den. Dette er nok eit fantastisk mønster frå Bitta Mikkelborg. Ho lagar utruleg mange fine mønster. Mykje sokkar, og så starta ho å designe vottar, huer og sjal/halsar i tillegg.
Garn: DSA Mirasol
Mengde: 125 gram
Pinnenr: 4,5 og 5,5

Eg håpar det går bra med alle som er berørte av Cato og Dagmar. Her har vi vore berørte og, men eg kan ikkje seie at det er så gale som lenger nord. Liten storm og storm har me vel hatt her, men ikkje så mykje meir enn det. Takhellene ligg på taket, det uler i veggane og ein føler at huset skal ramle ned, men når eg ser bilete frå andre stader i landet skal me absolutt ikkje klage. Her er det ingenting i forhold til andre stader.
Ønskjer alle ei fin romjul!

mandag 26. desember 2011

Uglesokkar/ Owliesocks

GOD JUL alle saman!! Tenkte eg skulle blogge eit innlegg på veslejulaftan eller på julaftan, men det gjekk litt i eitt her så så langt kom eg ikkje. Men eg håpar alle har hatt ei fin jul.
Desse fekk Iris i sin adventskalender på julaftan. Eg håpar ho likar dei og kan bruke dei. Mønsteret er Owlie Socks, dei er strikka i Sisu på pinne# 3mm, og det gjekk med 84 gram garn.
På desse er og perlene strikka inn vha heklenål.
No er julefeiringa over, og me har fått mange flotte gåver. Ingen snø utanfor, men Cato eller Dagmar var på ein liten visitt innom i gårkveld. Det ulte godt i veggane i gårkveld og eg var glad eg kunne halde meg inne.
________________________________________
Iris recieved these socks in her Adventcalender on Christmas Eve. I hope she likes them and can use them. The pattern is Owlie Socks.
Så var det dei siste adventskalendergåvene. ;)
Frå Iris:
Dag 19: Eit spennande nøste garn i merinoull.
Dag 20: Ei notisbok
Dag 21: To firkanta telys, lik dei eg fekk tidligare.
Dag 22: Flotte maskemarkørar
Dag 23: Ein nydeleg pose med vintagebilete på.
Dag 24: Ei flott toalettveske

Frå pludrehanne:
Dag 19: Pakkebånd
Dag 20: Til frå lappar
Dag 21: Herlege knappar
Dag 22: Kakepynt
Dag 23: Eit nøste Drops Alpakka i brunfarge
Dag 24: Eit broderikit der eg kan brodere og sy kremmerhus.

Tusen, tusen takk for flotte kalendarar frå begge to!!

mandag 19. desember 2011

Tennbrikettveske

I dag opnar Iris denne i kalendaren sin frå meg. Ho fortalte meg i ønskelista si at ho likar ugler,- som du og ser i dei to innlegga under. Så no håpar eg ikkje at eg har tatt heilt av når det gjeld ugler... :) Hihi... Men når eg oppdagar mønster på mønster med ugler så må eg jo berre strikke. Ho fortalte meg og at ho har ei stor stove der delar av den skal vere ganske fargesprakande med bl.a. oransje. Derfor fekk ho tidleg i kalendaren to oransje nøster og ulike oppskrifter på puter som ho kan strikke sjølv.
Denne tennbrikettveska kjøpte eg mønster på hos Mikk-L design. Den er strikka i Tove og augo i Pt2. Dei oransje og dei blå stripene er strikka like breie, men det oransje har tova dobbelt så mykje som det blå. Det gjekk med 78 gram Tove og 5 gram Pt2. Eg brukte pinne# 7mm.
Så håpar eg Iris likar denne og at den får eit langt og godt liv i stova hennar. ;)

søndag 18. desember 2011

Uglehue og adventskalendergåver/ Owliehat and Christmas Calendergifts

I går fekk Iris denne i kalenderen sin. Her har eg tatt utgangspunkt i mønsteret på uglepulsvarmarane og strikka matchande hue. Perlene til augo er strikka inn vha heklenål. Denne er og strikka i Sisu på pinne# 3mm og det har gått med 52gram. Så håpar eg ho er fornøyd med denne og.
No nærmar det seg jul og me har fått snø her, så gjenstår det å sjå om den ligg ei veke. Det hadde vore fint.
Bileta vart tekne før kalendaren vart sendt i posten, så ingen snø på desse bileta. Linselusa mi, Scott, må jo sjølvsagt vere med på photosession. ;) Det var spennande med sjøen!
Fleire nydelege gåver frå Pludrehanne og Iris. Tusen, tusen takk!!
Frå Pludrehanne:
Dag 16: Rosa sløyfe refleks, denne skal festast på jakken så eg synes når eg er ute på tur.
Dag 17: Eit nøste deilig Drops alpakka i ein nydeleg rosafarge.
Dag 18: Fine snøkrystall klistremerker

Frå Iris:
Dag 16: Flott Mandarin petit i ein fin brunfarge.
Dag 17: Eit nøste Mandarin petit til, men i ein nydeleg blåfarge.
Dag 18: To flotte firkanta telys.

torsdag 15. desember 2011

Uglepulsvarmarar og kalendergåver/ Owlie mitts and Christmas Calender gifts

Desse uglepulsvarmarane strikka eg til Iris som ho har fått i adventskalendaren i dag. I ønskelista som ho skreiv til meg for ei god stund sidan fortalte ho at ho er veldig glad i ugler for tida. Så håpar eg at desse fell i smak.
Eit nærbilete. Grønnfargen kjem ikkje heilt godt fram, men dei er strikka i Sisu på pinne# 3mm. Og det er gått med akkurat 50 gram.
Mønsteret finn du her. Perlene til augo er strikka inn undervegs vha heklenål. Viss du klikker på bileta vert dei større.
Så ligg eg litt på etterskot med å legge ut alt det flotte eg har fått i kalendargåvene frå Iris og Pludrehanne.
Frå Pludrehanne:
7. Dei flotte lommeserviettane nede til høgre.
8. Rosa Tildabånd nede til venstre.
9. Lavendelsprudlebad.
10. Sandnes Kashmir Alpakka i ein nydeleg brunfarge
11. Sandnes Kashmir Alpakka i ein nydeleg brunfarge
12. Ei lita skriveblokk med minikulepenn til,- Unorganized perfectionist. ;) Som Pludrehanne allereie har skrive litt i. ;)
13. Gult Tildabånd nede til venstre
14. Snøkrystallar i sølv til kortlaging oppe til venstre.
15. Hånd- og Fotkrem laga av bl.a. honning

Frå Iris:
7. Eit flott lilla hjarte som ho har sydd, dette er ein god del større enn det eg fekk 1.
8. Eit søtt lite hjarte som det står Lykke på.
9. Pyntekopp som ho har laga
10. Ein flott telysestake
11. Ei nydeleg lita strikkeveske i rosa, med hjarte på. Gler meg til å ha med meg eit lite strikketøy oppi denne, og så ha den vesle pungen som eg fekk tidligare med målbånd ++ oppi.
Eg har lagt inn to bilete av denne slik at ein kan sjå når den er snurpa saman og når den er open.
12. Ein kjempesøt knagg som eg gler meg til å henge opp. Midten øvst.
13. Ein telysestake til.
14. Søte lommeserviettar. Oppe til venstre.
15. Ein stor strikketøypose. Oppe til høgre.

Tusen, tusen takk til både Iris og Pludrehanne for kjempeflotte gåver!!

tirsdag 6. desember 2011

On The Go-Veralls og adventskalendergåver

Frå oktober av vart eg med på ein along der ein skal strikke eit plagg til liten kvar månad. Me får tema kvar månad med tips til mønster og skal strikke etter det. Veldig greit, for då får ein strikka litt kle som ein kan ha å gje vekk i barselgåver i stadenfor å stresse på slutten. Desse buksene var oktobermønster. Starta på dei 27.november og ferdig 29. Kjappe å strikke med andre ord. ;)
Garn: DROPS Nepal
Mengde: 203gram
Pinnenr: 6mm
Storleik: 12-18mnd

I år som i fjor byttar Iris og eg adventskalendarar. Men i år er eg og med på adventskalendaren arrangert på Hobbyboden og der har eg bytta med Pludrehanne. Utruleg kjekt! Gler meg til kvar morgon der eg kan opne gåver frå dei!!
Gåvene frå Iris:
1. Eit nydeleg lilla hjarte som ho har sydd sjølv. Det vart hengt på veggen med ein gong.
2. Eit nøste Merino extra fine. Det har eg ikkje prøvd før
3. Kleklyper på ei snor til å henge julekorta på. Artig! Sånne har eg ein del av frå før då eg heng alle korta opp på snor over buen i stova.
4. Eit nøste til med Merino extra fine
5. Mønster på lue som eg kan bruke garnet til. Det kribler i fingrane etter å starte på dette!
6. Ein flott liten pung som eg kan ha strikkedill i som Iris har sydd. Kjempeflott!

Gåvene frå Hanne:
1. Flotte kaffeserviettar i lilla.
2. Tilda bånd. Linselusa, Scott, er med på det eine biletet.
3. Isoporhjarte og ull. Her treng eg nok litt tips til framgangsmåte, for dette har eg ikkje vore borti før.
4. Kakeutstikkarar! Det passa veldig bra sidan veninna mi og eg baka julemenn den 5.
5. Diverse pynt til kortlaging.
6. Eit Drops Alpakka nøste i ein nydeleg grønnfarge.

Utruleg mange flotte gåver!!
I går bakte veninna mi og eg julemenn. Her starta det å snø i går og ho måtte ta bussen ut hit sidan ho berre hadde sommardekk på bilen. Bussane gjekk ikkje på dei mest geniale tidspunkta då ho skulle heim igjen, men då har eg ein smart mann som kom på at ho kunne jo sitte på med mjølkebilen. ;) Og sånn vart det. Han fekk seg tre kakemenn og selskap på returen etter ein lang dag på jobb. Så dei var vel fornøyde begge to. Jaja, bur ein på landet så bur ein på landet. ;)

tirsdag 29. november 2011

Andrea´s shawl

Det er ikkje det flottaste veret ute i dag til å ta bilete.... Dette sjalet har vore ferdig lenge... Eg starta på det 30.oktober og var ferdig med det 2.november, men...så er det den trådfestinga og blokkinga då... Det er fort gjort å utsetje...
I dag har det vore eit forferdeleg ver, men eg er glad me har hund så eg likevel har kome meg ut i dette veret. Me fekk gått oss ein lang tur og eg har kasta pinnar i motvind. ;)
Garn: Drops Alpakka og Gjestal Baby Ull
Pinnenr: 4mm
Mengde: 113 gram

fredag 25. november 2011

Sildre babysokkar

Eg var så heldig å få lov til å teststrikke desse nydelege babysokkane som Marit Sættem ved Strikk Innom har designa. Nydelege!! Mønsteret vert nok lagt ut på Strikk Innom sine sider etterkvart. Det heiter Sildre Babysokker. Eg har strikka dei i str 3-6mnd og har brukt Sisu og pinnenr 3mm. Det gjekk med nøyaktig 20gram.
Raggsokkane fekk svigerfar som ein del av bursdagspresangen sin i dag. Det ser ut som om det er eit parti på den eine sokken i ein annan farge, men det stemmer ikkje. ;) Dei er heilt like og i same garnet. ;) Litt kjedeleg å strikke raggsokkar, men kjekt når mottakar set pris på dei. Dei er strikka i Tresko raggegarn, pinnenr 3,5mm og det gjekk med 129 gram. Bileta av raggsokkane vart tekne litt i hui og hast før me skulle inn og levere gåva, så det vart ikkje utebilete av dei.

tirsdag 22. november 2011

Julestjerner og ny hund/ Christmas ornaments and our new dog

Eg strikka desse kjappe og søte julestjernene fredag formiddag. Kjem nok til å strikke fleire av dei. Litt knotete å hente opp maskene for å strikke baksida, men då det var gjort gjekk det kjapt og greit.
Garn: Drops Lima
Mengde: 30 gram
Pinnenr: 4mm


12. juni i år måtte me avlive vår gode og kjære hund, Siko. Etter det bestemte me oss i grunn for at me ville vente ei stund før me skulle ha ny hund. Siko var ein fantastisk snill hund, så me har vore veldig redd for å ende opp med å samanlikne ein evt ny hund med han. Før me fekk Siko forstod eg vel aldri heilt orda: "Hunden er menneskets beste ven!" Men då han var borte forstod eg vel for første gong kor tomt det var, og kor utruleg god venn ein hund er. Ein som alltid er glad for å sjå deg, alltid glad for å få vere med! I forrige veke begynte me å innsjå at det er ganske tomt her utan hund. Det og kunne kome heim, trøtt og sliten, men likevel er det ein der som er like glad for å sjå deg uansett! Alltid glad for å få vere med og få vere med på tur. På søndag var me og helste på Scott, ein 2 år gammal Border Collie hann, som er like snill og god som Siko, men i ein litt yngre og meir vilter utgåve. ;) Så god og herleg!! Han vart med oss heim og skal i første omgang vere her ei veke for å sjå at han trives med oss. Me trives i allefall veldig godt i lag med han, og det verkar som om han trives her og. ;) Han er med mannen min i fjøsen, i traktoren,- kort sagt heile tida. Medan Scott og eg går tur i lag og kosar oss i lag. Kjempekjekt å ha ein å gå på tur med kvar dag. Då me gjekk tur i dag, fekk han plutseleg auge på ein katt og fôr avgårde. Akkurat når det gjaldt katt var han ikkje heilt intressert i å høyre på meg heller, så eg trur me må trene litt på den. Men...då han kom springande i fullt firsprang tilbake nedover bakken snubla han i sine eigne bein og stupte kråke då han nådde flaten, opp igjen og sprang vidare i same tempoet. ;) Merkar at etter å kun ha hatt hund som har vore eldre enn 6-7 år, så er det ei artig overgang til ein ung hund på 2 år. ;) Så er det berre å sjå at Sotus og Scott vert gode venner, foreløpig har Sotus full panikk kvar gong han ser Scott, så me får prøve litt kvar dag.

torsdag 10. november 2011

Lady in red

Endeleg eit bilete av denne kjolen! Eg starta på kjolen 1. oktober og den var ferdig og gjennom vaskemaskina 12.oktober, men....så var det den photosession-tingen då.... Det er jo ikkje alltid like artig... Først eit nærbilete så du ser fletteborda på kjolen ordentleg. Nedanfor er nokre bilete bl.a. etter fotografen´s (min kjære mann) ønsker. Han har ein NH T7 på prøve (les: berre for gøy, skal ikkje kjøpast), og synes eg kunne ha den med på bileta når han først skulle ta bilete. ;) Viss du klikker på bileta vert dei større.
Eg ser at eg vil kjøpe meg ein annan topp/gensar å ha under, for den eg har på no ruller seg berre opp samtidig som den var litt vel fluffy på armane. Men...det lar seg vel gjere... Eg har endra litt på mønsteret. Den er strikka top-down så då fekk eg prøvd den på ein del undervegs. Endringane kan du sjå her på Ravelrysida mi.
Garn: Fotrama Alpaca
Pinnenr: 5mm
Mengde: 328 gram
_______________________________________
Finally, I have managed to take pics of this dress. It was finnished on Oct 12th, but I do not like the photosessions where I have to attend myself. Since my husband is a farmer and is the photographer when I have to be in the pics he wanted to have a tractor in the pics as well. This tractor is not his, though, he is just trying it for fun.

mandag 31. oktober 2011

Gryteunderlag/ Christmas hot pads

No har det vore dødt her ei stund, gitt... Det er mange ting som ligg ferdig, men eg har ikkje heilt somla meg til å ta bilete. Bl.a. har eg ein Allegheny kjole som vart ferdig 12.oktober som eg enno ikkje har tatt ein photoshoot av.
Gryteunderlaga var kjappe og greie å strikke. Litt vanskeleg å ta bilete i dag, men eg har no gjort eit forsøk. Måtte legge meg på golvet og sette litt opp ute på terassen i le for vinden, så nokre bilete vart det no. Nokre skal me ha sjølv, tenkjer eg, og nokre hamnar i gåvekassen.
Klikk på biletet så vert det større.
Garn: Drops Eskimo,- tova i maskin
Pinnenr: 9mm
Mengde: 600 gram
_________________________________________
These Christmas hot pads were knitted a while ago. I will keep some of them and the rest will go in the giftbox. Pattern.

onsdag 12. oktober 2011

Bitta´s nepalhat

Eg trong ein liten pause frå kjole- og sokkestrikkinga og strikka denne hua i går. Eg har strikka Nepalhat, men strikka vrangborda som på Limahat. På Nepalhua strikka eg omg 1 på diagrammet 9 gonger, men med ei maske mindre i rettmaskefelta,- altså tre masker. På første omgong på sjølve mønsteret, medan eg skifta til tjukkare pinnar auka eg ei maske i kvart rettmaskefelt,- til fire masker. Strikka deretter etter mønsteret på Nepalhat. Hua skal vere i lag med pulsvarmarane du ser her. Dette er nok eit fantastisk mønster av Bitta Mikkelborg!!
I dag er det eit nydeleg ver ute! Angrar på at eg ikkje tok meg ein tur på fjellet etter jobb, så eg må nok ut å jogge ein liten tur i det fine veret. Mønsteret er ikkje publisert enno, men linker til det så snart det er ute.
Viss du trykker på biletet vert det større. Biletet oppe til venstre viser nok mest den riktige fargen.
Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 4 og 5mm
Mengde: 79 gram
___________________________________________
Another lovely pattern from Bitta Mikkelborg. This is her latest design,- Bitta´s Nepalhat which will be published during this week.

mandag 10. oktober 2011

Sommerkjole/ Summerdress

Denne er det ei god stund sidan eg strikka. Eg var på besøk hos Fru Helianthus 8.juli og då viste ho meg denne kjolen som ho holdt på med. Nokre dagar seinare sendte ho meg link til mønsteret og den siste helga i juli vart denne strikka og 1.august var den i bruk. Den har ikkje blitt brukt så mykje i sommar, men eg likar den veldig godt. Friske fargar og fin fasong. Den blir nok brukt til neste år og. Synes det var ganske artig med dei knappetrekka,- artig å lage knappane sjølv. ;) Viss du klikkar på biletet vert det større.
Eg ville helst ha bilete med utsikt til sjøen, men det var ikkje så lett å få til i dag i dette regnveret...
Garn: Drops Paris
Pinnenr: 6mm og heklenål nr 4 og 7mm
Mengde: 519gram
____________________________________________
This one was knitted a while ago. I visited Fru Helianthus on July 8th and she showed me a beautiful dress she had knitted and crocheted. A few days later she sent me a patternlink. I knitted/crocheted this on the last weekend in July and wore it on August 1st. Because of a rainy summer I haven´t been using this as much as I wanted to, but hopefully, the summer of 2012 will be better.

søndag 9. oktober 2011

Cascade #2 and 3

Det er skikkeleg babyboom for tida på kollokviegruppa mi. Me var 8 stk på kollokviegruppe. For to år sidan fekk tre av dei kvar sin son på om lag ein månad (trur eg), og i år har fire av dei fått kvar sin son (tre av dei nr 2) på rett i overkant av ein månad. Første kom 15.august og siste 19.sept. Så dei er godt koordinerte. ;) Men det vert mykje koseleg babystrikk på ein gong. Den grå jakken er komen vel fram, den blå med grå kant er på veg til Sverige og eg håpar den er framme i morgon. Mistenker heller ikkje at ho er innom her.
Eg likar godt dette mønsteret. Top down, deilig garn, tjukke pinnar så det vert ein god og varm jakke og eit fint mønster.
Den blå brukte eg 149gram på, til saman av blått garn og dei grå kantane,- det tyder altså på at eit eller fleire av nøsta var på under 150gram... Men, men...litt ekstra med ein grå kant på.
Eg har enno ein kjole eg ikkje har fått tatt bilete av. Det skulle eg definitivt ha gjort i går for då var det knallver,- i dag bøtter det ned med regn og bles. Sidan det er ein sommarkjole bør eg ta det før det blir vinter,- for eg likar jo best bilete ute. ;)
Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 6mm
Mengde: blå: 149g grå: 161g
_____________________________________________
Cascade #2 and 3. There is a babyboom at the moment. We were 8 people in my studygroup and 2 yrs ago three of them gave birth to one boy each during a month, I think. This year four of them have given birth to one boy each (three of them the second one) during a little more then a month. The first one came on Aug. 15th, and the last one on Sept. 19th. They are coordinated. ;)
The blue one is on its way to Sweden, the other one has arrived. I like this pattern, top down, lovely yarn, and a nice pattern.
On the blue one I have used 149grams, included the grey lines, which means that one or more of the skeins were less then 50 grams. But well, hopefully, the grey lines made the little extra.

fredag 7. oktober 2011

Sauejakke/ Sheep Yoke Cardigan

Strikka denne medan eg var i Tyrkia. Mønsteret er fleirfarga, men eg ønska å strikke den einsfarga med sauer på. Så håpar eg mottakar vert fornøyd. Både denne og dei i innlegget under kjem vel fram i posten i dag. Og eg mistenker ikkje at ho er innom her og kikker. ;)
Jakken er strikka i NZ Lammeuld. Den kvite var ikkje noko festleg å nøste opp. Det var laga ein ekstra slyng på ein god del av det, slik at det hang ein egen utanfor heile hespet som då gjorde heile nøstejobben til noko herk. Det var like før eg heiv heile garnet i bosset, men....det gjekk til slutt. ;) Bortsett frå det nøstet er eg veldig fornøyd med garnet.
Garn: NZ Lammeuld
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 97 gram
________________________________________________
I knitted this one while I was in Turkey on vacation. The pattern is in several colors, but I wanted to make it single colored and with sheep on. This is made for a little boy who was born last month. The cardigan and the baby converse booties are hopefully in their mailbox today.

onsdag 5. oktober 2011

Baby converse

Tusen takk for alle koselege kommentarar og for alle som legg seg til som følgarar. Det er utruleg kjekt! Eg planlegg ein liten "gje bort" etterkvart, men eg må berre får samla meg på alle hold først.
Eg strever litt med å få til picasa, så viss du har eit betre forslag til mac blir eg veldig glad. ;) Eg brukte photoscape på pc´en og var veldig fornøyd med det.
På laurdag hekla eg eit par baby converse
Synes dei er utruleg artige, og kjem garantert til å hekle fleire, men då kjem eg til å lage ei linje med kontrastfargen langs den kvite sålen og. Artig å gi vekk som barselgåve desse.
Garn: Drops Muskat
Heklenål: 3,5mm
Mengde: 28 gram
_____________________________________________________
A pair of crocheted Baby converse. These are great for Baby Shower gifts. I sure will make more of these.

tirsdag 4. oktober 2011

Hals/skjerf


I natt har det vore ein kraftig vind og i dag høljer det ned med regn, så noko photosession ute er totalt uaktuelt. Så derfor blir det eit kjedeleg innebilete av noko så kjedeleg som ein hals. Dette er då av den typen som ein snurrer dobbelt.
Den er strikka i Kitten Mohair på pinnenr 6mm og det gjekk med 65 gram. Foreløpig hamnar den i ei gåveeske, så får eg sjå om den hamnar under eit juletre ein stad.

fredag 30. september 2011

Bitta´s lovely mittens

Mønsteret på desse er det Bitta Mikkelborg som har designa. Ho har designa utruleg mange flotte sokkemønster og har no starta med vottar og. Bloggen hennar finn du her. I utgangspunktet er dette eit vottemønster, men ei av dei som teststrikka mønsteret i Nepal gjekk tom for garn og laga då pulsvarmarar,- derfor består mønsteret av både vottar og pulsvarmarar. Sidan eg har ein del veninner som ønsker seg pulsvarmarar framover så passa det veldig bra. Foreløpig legg eg dei i gåvekassane, så får eg sjå kor dei endar opp.

Eg starta på dei i gårkveld, noko som passa veldig bra sidan Symphonie Wood strømpepinnane mine kom i går. Dei er ein fryd å strikke med. Eg har kjøpt meg SW i rundpinnar der ein kan ta pinnane av wiren og koble på andre pinnestr,- eg er kjempefornøyd med dei! SW strømpepinnane er berre 15 cm lange, men dei er utruleg gode å strikke med og på så små ting som vottar/pulsvarmarar var det greit med så korte pinnar. Dei vart ferdig på føremiddagen i dag.

Eg felte då eg strikka den fjerde fletta og starta med glattstrikk på undersida etter seks fletter. For tommelkileaukingane brukte eg M1R og M1L. Etter 10 fletter starta eg på vrangborda på toppen. Tommel: 15 m frå tommelkilen og tok opp to ekstra masker, på første omgangen strikka eg desse to ekstra maskene saman. Strikka så *2r, 2vr* fire omgangar før eg felte av.
Pinnenr: 4,5mm
Garn: Drops Nepal
Mengde: 90 gram
_____________________________________________
I started on these yesterday. They are designed by Bitta Mikkelborg. She has made lots of beautiful sockpatterns and has now started to design mittens as well. I knitted these with my new SW dpns, and I do love SW! I decreased while knitting the 4th cable and started on the st st underneath after six cables. While increasing for the thumb I did M1R and M1L. After 10 cables I started to knit and purl. Thumb: I had 15 st from the mitten and increased by two st. On the first row I decreased these two st to one. Knitted *K2, P2* four rows and BO.

torsdag 29. september 2011

Strikk, strikk så vart det ein puff. ;)


For ei tid tilbake strikka Fjellbua ein slik puff og eg måtte berre ha ein slik eg og. Det tok ei tid før eg fekk strikka den og så tok det tid å få den inn i bloggen.
Denne vart strikka om kvelden 11.juli, men det har tatt litt tid å stappe og fylle. Inni er det to dundyner frå Jysk og eit grått stretchlaken rundt dynene før det er putta i puffen. Ein rask måte å strikke opp 1 kg garn på. ;)


Eg kikka litt på mønster både hos pickles og hos garnstudio, men endte opp med min eigen vri. La opp 40 masker med tre trådar Eskimo på pinnenr 15mm. Strikka riller til det var nesten tomt for garn,- felte av. Sydde saman kortendane. Snurpa saman eine langsida. La to dundyner inn i eit stretchlaken i omtrent same farge som garnet til puffen. Stripsa saman stretchlakenet. Putta det heile inn i puffen og snurpa saman den andre langsida. Festa tråden, forma og vips: Ein ny puff! :)
Det er faktisk opplett her i dag, så det er berre til å nyte det så lenge ein kan.
________________________________________________
This one was a fast knit. I kntited it in the evening of July 31st, but it took a while to find everything I needed to fill it with. 1 kilo of yarn! :)

tirsdag 27. september 2011

Cascade

Denne babyjakken vart strikka til ei veninne som fekk son nr 2 i midten på august. Eg var så heldig og fekk helse på han ein liten månad etter fødsel. Biletet vart teke før me reiste til Tyrkia, men så har eg ikkje somla meg til å legge den inn før no.
Garn: Drops Nepal
Pinnenr: 6mm
Mengde: 155 gram
_________________________________
The babycardigan is knitted for a friend of mine who gave birth to son #2 in the middle of August. Lucky me got the opportunity to meet him less then a month after his birth.

lørdag 24. september 2011

Ut på tur aldri sur/ Knitted babydress

Denne vart strikka på bestilling til ei veninne som skal gi den vekk til sitt barnebarn til jul. Ho var med og valgte ut fargar og knappar sjølv. Det var eit ork å strikke alle trekantane, for avstand mellom mønster var 9-11 masker. Eg er glad eg lærte meg baklengsstrikk då eg strikka siste selbustringen for det gjorde det noko enklare. Så får eg håpe at barnebarn og foreldre vert nøgde, men og besteforeldra som skal gje den vekk. ;) Det er ei stund sidan den vart ferdig, men det tok litt tid før knappane kom på,- dette pga elf clobber´s som måtte bli ferdige til ein gitt dato. Men....15.sept gjekk dressen i posten.
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Garn: Baby Ull
Mengde: 306 gram
Str: 2-3 år
_____________________________________
This was an order from a friend of mine who wanted me to knit a babydress for their grandchild for Christmas. I am glad I had learned to knit backward knitting, because of the triangle pattern. Hopefully, they will be happy with it.

fredag 23. september 2011

Fleire Bronte´s mitts/ More Bronte´s mitts

I går kveld kom me heim etter ei veke i Tyrkia med 35 grader, sol og varme. Ekstra kjekt var det då å kome innom her til så mange kommentarar til det forrige innlegget,- tusen takk alle saman!
I løpet av nokre månadar no har eg kjøpt litt og litt julegåver og no er me ferdige, så og seie. Det gjenstår berre noko kosestrikk som skal gjennomførast i haust med telys og ein kopp te. I tillegg har eg den vanskelegaste gåva av dei alle att,- til min kjære mann. Men...kanskje eg får laga litt kort i år til ei forandring sidan julegåvene er ferdige. ;)
Tanta til mannen min spurde meg for ei tid tilbake om eg kunne strikke eit par pulsvarmarar for ho. Me fekk valgt ut mønster og desse skulle strikkast. Pga litt anna bestillingsstrikk i tillegg til alle Elf Clobber´s (to innlegg under) som skulle vere ferdig til ulike tidsfristar så tok det litt tid før eg fekk desse ferdige. Men 15.sept gjekk dei i posten. Sjølve lace delen, før avslutninga, strikka eg ti gongar i stadenfor åtte. Elles er dei strikka etter mønsteret.
Mønster: Bronte´s mitts (link til mønsteret finn du i ein av dei andre innlegga med desse pulsvarmarane)
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Garn: Baby Ull
Mengde: 32 gram
_________________________________
My husband´s aunt asked me a while ago if I could knit a pair of wristwarmers for her. We looked at patterns and these were the ones she wanted. I had a few orders before these, and also had a deadline on all the nine elf clobber´s I were knitting. So it took a little bit longer to finnish these off. But on Sept 15th they were mailed. I knitted the lacepart ten times instead of eight, other then that I did no mods.

torsdag 15. september 2011

Crazy banana






Det er ei god stund sidan denne var ferdig. Starta såvidt på den 8.juli og vart ferdig med den rundt 24. juli. Hadde ein del besøk i den tida så det vart ikkje så mykje strikk, men veldig kjekt å få den ferdig. Kjenner at fotografering der eg sjølv må stå i fokus er noko skikkeleg herk,- føler meg ganske dum der eg står og poserer, men, men... Det må vel til det og. Kjolen er frå eit av Dale sine Konfekt hefter og den er strikka i Lerke. Til saman har det gått med 773 gram. Knappane er eg foreløpig litt usikker på om eg skal ha på. Sjølve beltet er litt i strammaste laget då eg skal ha den av igjen, så eg vurderer å rekke opp att litt, men eg får sjå.. Satsar på at eg får brukt denne litt i haust.

onsdag 14. september 2011

Pulsvarmere/ wristwarmers


Av ulike grunnar er det ei stund sidan eg har lagt noko ut her. Mange ting er ferdige, men eg somlar meg ikkje heilt til å få tatt bilete og legge ut. Men...no skal eg prøve å oppdatere litt framover. :) Viss du klikker på biletet så vert det større, og du får sett knappane betre.
Den siste tida har eg strikka på ein del pulsvarmarar, elf clobbers, som vart overrukke i går til nokre menneske som har betydd svært mykje for meg den siste tida. På fem av pulsvarmarane står det "verdi-full" og på fire av dei står det "Takk". Dei er strikka i Smart og alpakka. Skjørta er strikka i babyull, lanett, sisu og kid mohair. Dei flotte knappane er bestilt frå Snella og Petronella, som har fantastisk service!! Eg innsåg, då eg var inne på sidene deira, at leveringa kom til å bli for sein viss eg skulle bestille 1. og så ikkje fekk dei før rundt 15. Eg sendte ein epost og spurde etter forhandlarar, men då hadde ho ei bestilling ho skulle sende og kunne sende med mine i same slengen. Dermed kom dei i posten den 7.sept!! Fantastisk service!!
Til saman på alle pulsvarmarane gjekk det med 464 gram garn.
Eg har prøvd meg på ny type kollasj no, så dette er laga i picasa,- kjenner er likar betre photoscape, men det får eg ikkje lasta ned på min mac, så då får eg berre prøve meg fram.
_______________________________________
9 pair of elf clobbers knitted for nine wonderful girls who all means a lot to me!!

torsdag 7. juli 2011

Swallowtail


Nok eit swallowtail lace shawl. Dette er strikka på bestilling og strikka i Mandarin petit og pinnenr 4,5mm, 112 gram. Eg har for tida inga vekt i nærleiken, men skal få oppdatert innlegga og status på "strikka garnlager" i løpet av helga. ;) Starta på sjalet søndagkveld og vart ferdig i går ettermiddag, fekk levert det i dag.
Elles har eg gjort eit namneskifte på bloggen. Eg er fortsatt litt i tvil om eg skal ha det, men trur nok kanskje eg ender opp med det, viss då ingen har nokre andre gode forslag til meg. ;)
________________________________
Another Swallowtail lace shawl! :) This one is knitted in Sandnes Mandarin petit on needle # 4,5mm.

tirsdag 5. juli 2011

Rock Island


Dette sjalet var ferdig fredag 24.juni, men det har tatt litt tid å blokke det og deretter litt tid før eg har somla meg til å ta bilete. Det er allereie brukt litt, og eg er veldig fornøyd med fargen.
Mønster: Rock Island
Pinnenr: 4 mm
Mengde: 96 gram
Garn: Wollmeise Lace, farge fliederbusch
______________________________
My Rock Island Lace shawl was finnished on June 24th but it took a while before I took pictures of it. I love the color, and have already used the shawl a bit.

lørdag 18. juni 2011

Folded

Då var eg ferdig med folded i gårkveld, og brukar den i dag. Første gongen eg brukar ein slik grønnfarge, men er veldig fornøyd. Ekstra spennande er det då eg måtte gjere litt om på mønsteret for å få det til å passe,- stor var gleda då den passa då eg prøvde den i gårkveld og eg slapp å rekke opp att. Eg har strikka den i Wollmeise 100%, og i og med at strikkefastheten då er litt annleis enn i mønsteret, la eg opp masker til storleik M, felte som for storleik M, men auka ut ni gongar igjen i stadenfor fem. Strikka og bolen og armane litt kortare ettersom eg ikkje er så høg og ikkje har lange armar. Etter foldinga felte eg til raglan 19 gongar, det eg hadde av ekstra masker reduserte eg innimellom raglanfellingar, og felte ned til 160 masker før eg strikka opp nakken. Denne kjem nok til å bli brukt ein del.
Mønster: Folded
Garn: Wollmeise 100% superwash,- farge pesto
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: 267 gram
_______________________________
Folded,- knitted for myself.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails