onsdag 30. september 2009

Septemberalongar/ September alongs

Eg har mange nesten ferdige prosjekt liggande, men eg jobbar lange dagar for tida og er ganske trøtt når eg kjem heim. Så eg må innrømme at montering, strikking og blogging er ganske nedprioritert. Mykje å gjere på jobb, så eg gler meg mykje til eg skal ha ferie!! Berre 7 dagar igjen på jobb no, så skal eg ha to veker ferie,- DEILIG!! Kjenner at det trengs no!! Kan ta meg inn igjen litt då og ikkje vere redd for å sovne på veg til og frå jobb... Litt skummelt når eg har 40 minutt i bil kvar veg, møtet med autovernet trur eg vert ganske kort... Så...det blir deilig med litt ferie, men eg kosar meg på jobb og, så det blir rart å vere vekke i to veker. ;)

Men...eg måtte jo innom og få blogga bidraga til septemberalongane før september er over. Så her er halsen i hals og skjerfalongen og hua i Luer for huer alongen. Begge er strikka i Smart.

Hals:
Mønster: Moya cowl
Garn: Smart
Pinnenr: 4,5mm
Mengde: 49gram

Hue:
Mønster: La Push Hat #2
Garn: Smart
Pinnenr: 4 og 4,5mm
Mengde: 44gram

Kjekke å strikke begge to. Hua er nok i barnestørrelse, medan halsen litt meir unisex. Gler meg til å sjå oktobermønstra. Så får eg sjå om eg får montert ferdig litt ting i løpet av dei neste vekene så eg får lagt ut litt meir. Satsar på å få lagt ut litt før me legg turen mot Tyrkia og ferie.
______________________________________
Finally, I'm done with the neckwarmer and Hat in the September alongs. Fun to knit both of them.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails