onsdag 22. mai 2013

29/52 Hestesokkar


 Ei flott dame fylte 50 år i april og i den anledning strikka eg desse hestesokkane og dei svarte pulsvarmarane i innlegget under til henne. Det er ho me kjøpte hunden vår, Scott, av. Ho har og sauer og hestar. Me var litt usikre på om eg skulle strikke sauesokkar eller hestesokkar til henne, men endte opp på hest. Eg fann eit mønster på ravelry som eg tok utgangspunktet i. Eg strikka sokkane slik eg sjølv brukar å strikke dei og brukte det eine diagrammet frå mønsteret på ravelry. Mønsteret utover foten droppa eg då eg personleg ikkje synes det var så veldig fint.
Garn: Arwetta Classic
Pinnenr: 2,5mm
Mengde: 75 gram

tirsdag 21. mai 2013

Pulsvarmarar


To par pulsvarmarar strikka i gåve. Det grøne paret vart strikka til ei veninne som er midt oppi eksamen no. Ho studerer spansk og hadde eksamen på torsdag og i dag. Sendte ho då eit par pulsvarmarar og litt snop som ei lita oppmuntringsgåve. Det svarte paret er strikka til ei anna flott dame som ein del av ei bursdagsgåve. Resten av bursdagsgåva vil eg tru eg får lagt ut i morgon eller på torsdag. :)
12.-14.april var eg på Strikketreff i Oslo og tilbrang ei heil helg i lag med 100 strikkegale (-glade) damer frå heile Noregs land. Det var garn og pinnar, god mat, konkurransar, soft is og popcorn. Første dagen fekk me ein "goodiebag" og oppi den var det bl.a. ei garnpakke frå Hifa med eit nøste Pelsullgarn (50 gram) og eit mønster på dei pulsvarmarane du ser over.
Ei heilt fantastisk artig og koseleg helg! Eg håpar eg får med meg neste års treff og.
Grønnfargen er mest riktig på biletet til venstre.

Garn: Grønne: Fotrama Alpaca, Svarte: Hifa Pelsullgarn
Pinnenr: 3,5 mm
Mengde: Grønne: 27 gram, Svarte: 24 gram

mandag 20. mai 2013

28/52 Havsokken #2


Desse er og strikka på bestilling til ei veninne. 
Det første paret kan du sjå her.
Dersom du er nybegynnar i sokkestrikk ville eg ikkje ha starta med desse då mønsterforklaringa er litt dårleg i overgangen mellom hæl og fot. Når ein gjerne har strikka litt andre sokkemønster med gode forklaringar kan det vere greit å strikke desse.
Sokkane er på veg nordover til Andøya.
Meir informasjon på ravelrysida mi.

Garn: Fjell Sokkegarn 3 og Embla - Hifa 3
Pinnenr: 4,5mm
Mengde: 178 gram

torsdag 16. mai 2013

Torunn gjer ting ho ikkje kan...

 Denne hua vart strikka for om lag ein månad sidan og skal ein tur nordover til Kirkenes
til min eldste nevø. Eg strikka tidlegare ei A&C hue i oransje og lilla og tenkte med ein gong eg hadde strikka den at den var jo perfekt i fargane til minstemann der nord. Då måtte jo eldstemann få velge seg ut ei hue og, og valget fall på denne. Fargane har han tatt ut sjølv og etter ein liten dukkert i tanta sitt garnlager. Veldig kjapp å strikke.

Pinnenr: 4,5 og 5mm
Garn: Dale Freestyle
Mengde: 130 gram

 I helga som var vart me invitert i ein 40 årsdag til ein kamerat, og eg tilbydde meg å bake ei kake.
Kona til jubilanten valgte gulrotkake. Eg har ofte sett på alle desse flotte kakene som vert laga rundtom og alltid hatt lyst til å prøve meg på å pynte sjølv. Denne gongen fann eg ut at "kvifor ikkje?" Viss det ser heilt på jordet ut kan eg jo berre smøre det utover som ein vanleg glasur.
Sprøytetuppen eg hadde var altfor tynn, så "rosene" vart litt små og ynkelege. Dersom eg skal gjere dette att skal eg nok kjøpe meg ein litt tjukkare ein. 
 Eg fann litt wilton farge og rosa måtte jo bli blå til ein bonde.
Eg blanda fargen inn i marsipanen og tenkte ikkje akkurat på at eg burde hatt hanskar,
så hendene såg jo ut deretter. Jaja, godt eg skulle ut å mjølke kyr etterpå. Då vart i allefall henda reine.:)
Eg var ein smule stressa då eg laga denne rosa, for eg skulle ha vore i fjøsen for lenge si, og me hadde dårleg tid skulle me rekke inn dit. Eg stressa i veg, marsipanen klistra seg på kjevlet, marsipanen glei frå kvarandre og det var umogeleg å få det fint til. Til slutt brukte eg kun ein rund utstansar og flata desse rundingane litt ut og så bretta eg i veg, eit blad utanpå dei andre osv. Til slutt vart det ei nokonlunde rose.
Vel, det får vere bra for første gongen å vere.
Hadde dette vore for 2-3 år sidan så hadde eg aldri levert denne kaka frå meg.
Perfeksjonist og panikk for kva alle andre meiner.
No konkluderte eg med at "sånn vart det" og tok den med meg, og er veldig fornøyd med meg sjølv for at eg klarte nettopp det. Den ser vel i grunn ut som eit takras, men med ein tjukkare sprøytetupp, litt betre tid og litt meir trening så vert den vel kanskje betre neste gong.
Dette var jo første gongen og samtidig under stressa forhold. :)

lørdag 11. mai 2013

27/52 Havsokken


Ei veninne spurde for ei tid tilbake om eg ikkje kunne strikke Havsokken til henne.
Dette er eit mønster frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Eg kjøpte garnpakken for ei god stund sidan, men det har tatt tid å kome i gong grunna mykje anna strikk med deadline. Det vart to par av desse, så eg skal få tatt bilete av det andre paret ein dag og få lagt ut. I går vart det endeleg vår her på garden, viss du har lyst til å lese om det kan du ta ein kikk her.
I det siste har eg, stort sett, strikka sokkar med pinnenr 2, 2,25 og 2,5mm, så det å strikke med 4,5 var som å strikke med staur. :)
Mønsterforklaringa er noko dårleg forklart i overgangen mellom hæl og fot, så dersom ein er nybegynnar på sokkar ville eg ikkje ha starta med desse. No har jo eg teststrikka og korrekturlest ein del sokkemønster for Bitta Mikkelborg og er vel gjerne derfrå bortskjemt med svært godt forklarte mønster.
Mine endringar har eg skrive om på ravelrysida mi.

Pinnenr: 4,5 mm
Garn: Fjell Sokkegarn 3 og Embla - Hifa 3
Mengde: 180 gram

fredag 10. mai 2013

26/52 Sockdolager SM7


Jata, det går framover, sakte, men sikkert. :)
No er eg halvvegs i plungen, men eg har heldigvis kome litt lenger. Eg har nokre fleire sokkar liggande som treng fotografering, så det kjem nok litt fleire sokkeinnlegg etterkvart.
Dette var det første paret i Sock Madness 7. Det er ein konkurranse på Ravelry. Alle påmeldte får først to veker på seg til å fullføre det første paret. Dei som har fullført det innan tidsfristen vert så delt inn på ulike lag. På dei neste para vert det færre og færre på kvart lag og til slutt står det igjen ein på kvart lag som skal konkurrere om å vere raskast på det siste paret.
Eg hadde ein plan om å prøve og henge med ei stund, men eg innsåg kjapt at eg hadde altfor mange ting som skulle vere ferdig innan ein tidsfrist, så eg la strikkepinnane til dette sokkeparet på hylla då eg var komen eit stykke forbi hælen på begge (ved å vere komen forbi hælen på begge para, eller fullført ein sokk, så fekk ein dei vidare mønstra tilsendt).
7.april vart dei ferdige, så, ja, det har tatt litt tid å få dei inn i bloggen. ;)
Eit av formåla med SM7 er å lære nye teknikkar, og vanskelighetsgraden vert større og større for kvart par som kjem. På dette paret lærte eg ein ny måte å legge opp på, German Twisted cast-on, i tillegg til ein annan måte å strikke hælen på. Det er alltid kjekt å lære nye metodar og så plukkar ein ut dei ein sjølv likar best etterkvart.

Pinnenr: 2 og 2,25mm
Garn: Drops Fabel long print
Mengde: 71 gram
Meir info på ravelrysida mi.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails