søndag 23. september 2012

Nøstebarndressen


Nok ein nydeleg solskinsdag. Den nytes i det fri.
Denne nøstebarndressen er strikka på bestilling for kusina mi.
Den er strikka i str 6-12mnd og i Merinolammeuld frå Nøstebarn.
Eg er veldig glad i treknappar og spesielt i desse hjarteknappane,
så eg var veldig glad då kusina mi ønska treknappar på dressen.
Denne går i posten i morgon, så håpar eg at ho vert fornøyd.
Beina er like lange, sjølv om det ikkje ser heilt
slik ut på alle bileta her. ;)
Ønskjer deg ein fin søndag.

lørdag 22. september 2012

8/52 Terpsikhore


Nok eit flott sokkemønster frå Bitta Mikkelborg.
Dette har kome ut i ei ebok i lag med mønsteret på 
Thalia, Polyhymnia og eit som heiter Evtherpe.
Terpsikhore var ei av dei ni muser i gresk mytologi.
Ho var dansens og musikkens muse.
Viss du klikker på biletet vert det større.
Eg ser at bileta vart litt mørke sidan det var litt seint på kvelden,
så eg trur nok eg skal ta nokre nye bilete i morgon å legge ut.
I dag har det vore strålande solskin så eg har kost meg i
hagen og på tur med hunden vår, Scott.
Det er utruleg deilig med nokre solskinsdagar etter alt regnet
som har vore.
På desse sokkane brukte eg DSA Sterk
pinnenr 3mm og det gjekk med 83 gram.

fredag 21. september 2012

Ny pyntepute


No er pynt i heimen endra og eg er klar for hausten.
I den anledning trong eg ei ny pyntepute i sofaen.
Denne vart ferdig i dag.
Eg las heile mønsteret litt seint, for i utgangspunktet ville
eg ha knappane på baksida, men, men...
det får bli på neste pute.
Knappane kjøpte eg hos Jannicke´s hjemmekos.
Mønsteret på puta er frå Drops.
Garnet er Drops Alaska
og pinnenr 6mm.
I dag er første dagen på lenge
at det faktisk er opplett heile dagen.
Det surkla godt under beina då eg tusla over
plenen for å plukke plommer i dag,
men det var godt med ein solskinsdag.
No skal eg mekke litt mat til det skal vere
Enjo party/demo her i heimen i kveld.
Ha ein flott fredagskveld alle saman!

søndag 16. september 2012

7/52 Yme på Hardangervidda


Bitta Mikkelborg designer dei mest fantastiske, flotte mønstra.
Dette mønsteret, Yme, som snart kjem ut trur eg er det finaste herremønsteret
eg har strikka. Flotte mønster på legg og fot, men og nedover helen. 
Gled dåke til det kjem ut!
Bileta er tatt på vakre Rauland der me har vore dei siste dagane.
Nydeleg ver, frisk fjelluft, flotte hausfargar og godt
å vere på ferie i lag med mann og hund. 
Sokkane er strikka i DSA Sterk.
Det gjekk med litt over to nøster.
Pinnenr 3mm

onsdag 12. september 2012

Bonderomantikk og min kjære bestefar


Fru Helianthus har meir enn ein gong etterlyst bilete av kunsten frå nyefjøsen vår, og her kjem dei omsider. :) Det er ei lokal jente som har måla desse bileta på veggane i nyefjøsen. Bileta du ser over har ho malt etter gamle bilete frå garden. Det største biletet har ho forlenga litt og fyllt på med ein grindagut, litt geiter og sauer osv. Ho er utruleg dyktig! Og me er svært glade for at me gjorde det vesle ekstra.
Viss du klikker på bileta vert dei større.


Denne vesle krabaten var ein av dei første som kom til verda i ny fjøs. Kyrne vart flytta inn og me starta å mjølke første gongen 23.juli 2011 i ny flott fjøs. Vel....dei første dagane var vel ikkje alt så veldig fryd og gammen. Meir enn ei ku ville ikkje inn i den nye mjølkestallen og det krov mykje tolmod og list og lempe for å få dei inn ein etter ein. Den eldre garde kom etterkvart med hentydningar om at "detta e heilt forferdeleg. Me må jaga dei ner att i gamle flor´n og mjelka dei dar!"


Men etter nokre dagar vart det meste berre kjekt og dei fleste kyrne kjem no frivillige til mjølkestallen og vil mjølkast. Det vil alltid vere ei og anna som synes det er særdeles godt å liggje på madrassa si og har liten lyst til å reise seg, men stort sett kjem dei av seg sjølve,- som denne linselusa over.


Dette er bestemora til mannen min rett nedforbi huset vårt.
Det er same kunstnaren som over som har måla dette og. Dette og det under stod ho på ein nabolåve heime hos seg sjølv og malte. Dei er ca 2x2 meter store. Dei fleste som kjem inn i fjøsen trur det er vanlege fotografi som er forstørra opp.


Dette er min bestefar som 16-17 åring i Husdalen der han hadde det meste av sin barndom.
Han har alltid hatt ein spesiell plass i livet mitt. Når eg står nede i mjølkestallen og kikkar inn i sjølve fjøsen fell augo mine rett på bestefar. Eg kan mang ein gong få ei lita tåre i augekroken, men mest av alt føler eg godhet og glede over å ha fått hatt ein slik god bestefar.
Eg minnes kortspel med han om søndagane då eg besøkte dei på Austevoll, og så snart bestemor sine veninner kom på besøk til henne måtte kortspelet ryddast vekk til fordel for yatzy eller ludo, for kortspel passa seg ikkje på ein søndag. Bestefar kjøpte den første ludoen til meg og sorga var stor då veninna mi hadde teikna i lokket på den.
Han tok meg med på turar både i skogen og på sjøen.
I sept 1994 vart bestefar operert for kreft og fekk slag under operasjonen. Legane meinte han berre kom til å leve nokre månadar til, men nokre dagar etter operasjonen kom min gode bestefar gåande mot meg då eg besøkte han på sjukehuset.
Han kunne ikkje prate, men bestefar kunne synge.
Dei budde i kjellaren hos foreldra mine. Bestefar og eg song "Mellom bakkar og berg", "Fager kveldsol smiler" og "Den fyrste song". Nydelege songar som har ein spesiell plass i mitt hjarte. Bestefar var med under 2.verdskrigen og sat i fangenskap i Tyskland. Då det var 50 år sidan frigjeringa gav eg han ei bok om krigen der namna på alle dei som var med stod oppførte og med kor dei var i fangenskap osv. Bestefar sitt namn står der og. Han fekk og ein rosebukett av meg og denne passa han godt på. Tusla ut på kjøkkenet og hadde vasen med rosene i i den friske handa si, fyllte på vatn og bar den tilbake på plassen sin.
For over 15 år sidan, 2,5 år etter operasjonen, eit halvt år før han fyllte 80 år, døde min bestefar. 
Eg kan fortsatt sitte med tårer i augo når eg minnes det, men mest tårer fordi at bestefar var så god.
Min kjære bestefar!

tirsdag 11. september 2012

6/52 Polyhymnia


Nok eit fantastisk nydeleg mønster designa av
Dette er ikkje gitt ut enno, men kjem
nok om ikkje så altfor lenge så gled dåke til det.
Eg angrar på at eg strikka leggen så kort
og kjem nok til å strikke eit eller to par til.
Eit med litt lenger legg og kanskje
eit som nesten er knesokkar,
for dette mønsteret er berre heilt utruleg nydeleg!
Eg har brukt Sterk frå DSA,
pinnenr 3mm og 76 gram garn.
Polyymnia har fått namn etter ein av
dei ni muser og var beskytterinne for hymnediktning
og mimisk kunst.

torsdag 6. september 2012

5/52 Yang´s


Eg har lenge hatt lyst til å strikke Yang´s,
som er nok eit flott sokkemønster designa av Bitta.
I utgangspunktet hadde eg tenkt å strikke dei i einsfarga garn,
men så såg eg at designeren sjølv hadde strikka dei i eit garn
som var litt melert. Eg må jo ærleg innrømme at eg i grunn
ikkje likar slikt melert garn som dette.
Det er greit med garn som har litt fargeendringar
som Sterk sitt eller dei små fargenyansane som det er i WM,
men sånn garn som dette likar eg i utgangspunktet ikkje.
Tru det eller ei eg synes faktisk mønsteret kom ganske så godt fram
i dette garnet og eg angrar på at eg ikkje strikka den midterste
delen av mønsteret utover tåa.
Garn: Trysil Garn Labbetuss Raggegarn
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 119gram

onsdag 5. september 2012

4/52 Surt


Dette er nok eit fantastisk mønster designa frå
Bitta Mikkelborg´s hand som eg har vore
så heldig å få lov til å teststrikke.
Eit par herresokkar som ho har gitt namnet Surt
etter jotnen Surt.
Det har tatt litt tid før eg har fått tatt ordentlege bilete
av dei då det jo skal klaffe med tidspunktet
både modellen og fotografen er tilgjengeleg på,
i tillegg til at det skal klaffe med lys- og verforhold.
I dag sneik me oss ut innimellom nokre regnbyger.
Eg har brukt pinnenr 2,5mm og strikka 20cm legg.
Garnet er Drops Fabel og det gjekk med
90 gram i str 44/45.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails