
Der me skal ta eit Naturbilde i veka, her kjem mitt bidrag frå denne veka. Biletet er tatt rett utforbi stoveglaset. :o)

Ei veske eg strikka for lenge sidan , men som eg aldri har lagt ut då eg har vore usikker på pyntinga av den. Eg fann den att hin dagen og då kom eg plutseleg på kva eg kunne pynte den med.... :o)
Bursdagsgåve til ei veninne. Ho kom på besøk i går og eg hadde ein smule dårleg tid med å få laga dette settet, ei eske til å ha det i og eit kort. I tillegg har søstra hennar nettopp fått baby, så då måtte eg lage eit kort til gåva til dei og. Så....på 1 time og 20 minutt var eg ferdig. Då var det å springe i dusjen og så lage mat. :o) Men....eg rakk det....
Eg hadde eigentleg tenkt å lage det i grønt, men då eg skulle starte kl 18, oppdaga eg at eg ikkje hadde så mange grønne perler, men heldigvis er jenta svært glad i både brunt og grønt, så det ordna seg. :o)