For tida held eg på med tre større prosjekt, då er det greit å ha nokre småprosjekt innimellom. :) Strikka desse to huene ein kveld. Artige og kjappe å strikke. Veldig greit å få brukt litt meir frå lageret. Elles er det litt bilete frå terassen vår med utsikt mot "sjødn og havet". ;) Det er deilig no når veret er så flott. Kjekt å ha fått planta ein del både i bedet, krukker og balkongkassar. Herleg å sitte ute og nyte utsikten.Mønster: Butterfly Hat
Garn: Tapestry frå Rowan (den mørkaste) og Taos frå Crystal Palace Yarn
Pinnenr: 4,0 og 4,5mm (mørkaste) og 4,5 og 5,0mm
Mengde: 49 gram (mørkaste) og 47 gram
_____________________________________
I am working on three bigger projects at the moment, so it is nice to have some smaller ones in between.

