
Desse uglepulsvarmarane strikka eg til
Iris som ho har fått i adventskalendaren i dag. I ønskelista som ho skreiv til meg for ei god stund sidan fortalte ho at ho er veldig glad i ugler for tida. Så håpar eg at desse fell i smak.

Eit nærbilete. Grønnfargen kjem ikkje heilt godt fram, men dei er strikka i Sisu på pinne# 3mm. Og det er gått med akkurat 50 gram.

Mønsteret finn du
her. Perlene til augo er strikka inn undervegs vha heklenål. Viss du klikker på bileta vert dei større.

Så ligg eg litt på etterskot med å legge ut alt det flotte eg har fått i kalendargåvene frå
Iris og
Pludrehanne.
Frå Pludrehanne:
7. Dei flotte lommeserviettane nede til høgre.
8. Rosa Tildabånd nede til venstre.
9. Lavendelsprudlebad.
10. Sandnes Kashmir Alpakka i ein nydeleg brunfarge
11. Sandnes Kashmir Alpakka i ein nydeleg brunfarge
12. Ei lita skriveblokk med minikulepenn til,- Unorganized perfectionist. ;) Som Pludrehanne allereie har skrive litt i. ;)
13. Gult Tildabånd nede til venstre
14. Snøkrystallar i sølv til kortlaging oppe til venstre.
15. Hånd- og Fotkrem laga av bl.a. honning
Frå Iris:
7. Eit flott lilla hjarte som ho har sydd, dette er ein god del større enn det eg fekk 1.
8. Eit søtt lite hjarte som det står Lykke på.
9. Pyntekopp som ho har laga
10. Ein flott telysestake
11. Ei nydeleg lita strikkeveske i rosa, med hjarte på. Gler meg til å ha med meg eit lite strikketøy oppi denne, og så ha den vesle pungen som eg fekk tidligare med målbånd ++ oppi.
Eg har lagt inn to bilete av denne slik at ein kan sjå når den er snurpa saman og når den er open.
12. Ein kjempesøt knagg som eg gler meg til å henge opp. Midten øvst.
13. Ein telysestake til.
14. Søte lommeserviettar. Oppe til venstre.
15. Ein stor strikketøypose. Oppe til høgre.
Tusen, tusen takk til både Iris og Pludrehanne for kjempeflotte gåver!!