Bursdagsgåve til ei veninne. Ho kom på besøk i går og eg hadde ein smule dårleg tid med å få laga dette settet, ei eske til å ha det i og eit kort. I tillegg har søstra hennar nettopp fått baby, så då måtte eg lage eit kort til gåva til dei og. Så....på 1 time og 20 minutt var eg ferdig. Då var det å springe i dusjen og så lage mat. :o) Men....eg rakk det....
Eg hadde eigentleg tenkt å lage det i grønt, men då eg skulle starte kl 18, oppdaga eg at eg ikkje hadde så mange grønne perler, men heldigvis er jenta svært glad i både brunt og grønt, så det ordna seg. :o)
1 kommentar:
Så utrolig flott det smykket ble! Syns det ble nydelig i akkurat den nyansen, mer min farge *fnise*
Legg inn en kommentar