

Eg har meldt meg på Sokker 2008 og skal strikke eit par sokkar kvar månad.
Hovudmønsteret for januar var Anastasisokkar. Eg har strikka mine i Opal og pinnenr. 2,5. Angrar litt på at eg strikka dei i sjølvstripete garn, men det var det eg hadde for handa... :)
Hovudmønsteret for januar var Anastasisokkar. Eg har strikka mine i Opal og pinnenr. 2,5. Angrar litt på at eg strikka dei i sjølvstripete garn, men det var det eg hadde for handa... :)
Mønsteret var eit Tå-opp mønster, så eg har utsett det ei stund,- men det var mykje enklare enn eg trudde, og eg slapp unna med å rekke opp den eine tåa ein gong. Så eg er i grunn ganske fornøyd. ;)
Januarfargen på Ett år i farger var og blå,- så desse er mitt bidrag her og.
I tillegg snik dei seg sikkert inn som ei julegåve, dersom den ikkje går til ei bursdagsgåve eller noko før det... Så det blir tre fluger i ein smekk. ;)
-------------------------------------------------------------------------------------
This year I've attended the sock along 2008 and we will recieve a new sock pattern each month. It's the first time I've knitted toe-up socks, and it was easier then I thought it would be.
This month it was Anastasia socks. I've knitted mine in Opal.